fredag 14. september 2018

Libya-krigen, mytar og etterpåklokskap

Libya-utvalget har lagt fram ei innstilling om den norske krigen i landet i 2011. Denne er jo mest opptatt av kva regjeringa og politikarane gjorde i det høvet, men virkeligheita har jo også blitt involvert der, i meir eller mindre marginal grad.

Det kan jo gi grunn til eit lite tilbakeblikk, også sidan det - ikkje minst på venstresida - er i ferd med å feste seg noe som etter kvart blir mytar både om krigen og haldningane til den. Mellom anna har ein kollega nylig fått store oppslag med ei historie om at norske "ekspertar" og "intellektuelle" slutta entusiastisk opp om krigen. Det er rett og slett feil, og eg er den beste til å avgjere det, sidan, med all respekt å melde, så er eg ein av kanskje to "ekspertar" med kompetanse på Libya som uttalte meg om stoda, og eg var mot. Bergens Tidende utnemnte meg tilmed som "SV-veteran" som var mot partiets line i saka. Den andre var statsvitar Målfrid Braut Hegghammar, som det eg minnes aldri uttalte seg normativt for eller mot den norske krigsdeltakinga, men noen entusiasme kan eg ikkje erindre korkje frå henne eller frå andre Midtausten-spesialistar som var mobilisert opp i media.

Det først når ein utvidar begrepet "ekspert" (eller "intellektuell", eit like vagt begrep - det får vere opp til media kven dei gir ein slik tittel) til å omfatte generalistar som ikkje har noen kompetanse på regionen at ein finn dei politiserte utsegna Terje Tvedt refererer til, slik som Janne Haaland Matlary, som jo nettopp påstod eit illusorisk "folkemord". Men å kaste dei opp til autoritetar på konfliktar i Midtausten er for å si det mildt å tilpasse empirien til teorien.

Blod på hendene uansett
Berre så det er sagt. Men - for å vere historisk redelig, så erkjente eg også eit mulig moralsk dilemma her. Eg var i kontakt med partiet mitt før noe vedtak om norsk deltaking vart gjort, dette var vel omtrent da FN var i ferd med å gjere sitt vedtak midt i mars. Situasjonen då var at regjeringsstyrkane hadde tatt Ajdabiya, og opprørarane var openbart ikkje i stand til å stanse frammarsjen deira; Benghazi ville falle trulig innan ei veke eller to. Det var fullt kaos i byen, alt som fantes av bilar og transport var på vill flukt austover mot den egyptiske grensa, det var dei som ikkje kunne anna som var att i byen. Spørsmålet var derfor kva som ville skje den dagen Benghazi var på regimets hender.

Her var det, sa eg, ein situasjon der omverda ville bli ståande att med blod på hendene enten ein gjorde det eine eller det andre. Å gripe inn ville nok kunne stanse regimestyrkane men ikkje stabilisere Libya, landet ville mest trulig falle frå kvarandre i kaos, og når opprørane ikkje klarte å dra nytte av flystøtten (noe eg var rimelig sikker på dei ikkje var i stand til), så var det stor fare for at NATO-maktene ville sjå seg nødt til å sende inn bakkestyrkar, med hengemyra som resultatet. Altså modell Irak og Afghanistan. Dette siste tok eg altså feil i, NATO hadde klart å dra lærdom av Irak og heldt seg til luftkrigen (stort sett, iallfall) og trente heller i det stille rebellane opp til å ta makta sjøl. Men kaoset, knapt nok noen stor profeti, slo jo til. Og alle dei som da vart drept i dette kaoset ville vere omverdas ansvar.

Om dei derimot ikkje greip inn, så var modellen Srebrenica reell. Snakket om "folkemord" var og er naturligvis tøv, noe eg også gjorde klart, men "massemord" er noe anna. At det ville bli noen tusen, kanskje 5-10.000 som i Srebrenica, var ikkje urimelig. Og dette ville også kunne bli "blod på omverdas hender", slik som i Bosnia og Rwanda. Så det var eit moralsk dilemma: Enten ein gjorde det eine eller andre, så ville mange miste livet, og omverda ville i begge tilfelle bli tilskrive eit ansvar sidan det alltid kunne sias at dei kunne ha redda desse liva ved å gjere "det andre". Mitt svar var altså at det langsiktige kaoset trulig ville bli verre, forutan det prinsippielle: At "folkenes frigjering [altså opprøret] må vere deira eige verk" og ansvar, og ikkje ligge til fremmende makter, enten dei nå har egoistiske eller idealistiske motiv.

Qadhafis hevn - eller?
Men var Srebrenica ein relevant modell? Kritikarane av invasjonen har også konstrurert opp ei virkeligheit som langt på veg er ein myte: At Qadhafi var ein romslig og rasjonell leiar som ein godt kunne ha laga fred med - om ikkje berre NATO hadde bestemt seg for å "ta" han - og at alt snakket om massedrap var konstruert opp av perfide opprørarar og løgnaktige medier.

Dette må vi analysere på to nivå: Kva vi visste den gong, i mars 2011, og kva vidare kunnskap vi har i dag. Det er klart at opprørarane dramatiserte og media generaliserte meldingane frå Libya. Det vart ikkje skote med jagerfly mot demonstantar - men det vart skote mot dei frå regimevennlige soldatar. Det flaug helikopter over demonstrantane, og mange meinte å høre skudd frå dei - noe som i sammenhengen ikkje var usannsynelig, og langt meir realistisk enn at ein skulle ha brukt jagerfly. Det var represjon, og sivile demonstrantar vart drepne. Ein kvar middels oppgåande kildekritikk burde vere (og var) i stand til å slå av for kjente og avdramatisere meldingane ned til det som vi kunne si mest trulig faktisk forekom.

Så var det om "Qadhafi" (regimet) ville faktisk ha gjennomført massemord på sivile i Benghazi om dei hadde vunne. Der måtte ein altså analysere på ståande fot ut frå det vi visste om situasjonen og regimet. For det første var dette eit opprør, og i aust i stor grad eit folkelig opprør (opprøret hadde stor støtte i aust og i Benghazi). I den stoda var det ikkje noen stor forskjell på "sivil" og "opprørar" - ein kvar våpenfør mann var potensiell opprørar, anten han hadde gravd ned eit gevær i hagen eller ikkje. Ein kunne ikkje vente at det vart gjort noen forskjell her: Alle som kunne vere rebellar ville bli behandla som det.

Det andre var regimets eller Qadhafis eventuelle hevntørst. Og her blir det meir ein analyse av kva slags regime dette var. Vi kan t.d. skille mellom eit autoritært og eit diktatorisk regime, i kva vi forventar dei vil gjere etter å vunne over eit opprør. Ein strategi vil vere å prøve å inkorporere tidligare opprørarar, t.d. ved å gi dei noen konsesjonar, "kjøpe dei opp" med plassar i regimet, eller prøve spille dei mot kvarandre, så lenge dei aksepterer at herskaren herskar. Slike strategiar kunne vi vente t.d. frå Salih i Jemen, Assad (far) i Syria, Nasser, og saudiske kongar. Ein diktator vil derimot ikkje tåle andre maktsentra enn seg sjøl, og vil i staden staturere eit eksempel med total represjon av tidligare opprørarar, tvinge dei i eksil, eller altså drepe dei - Saddam er eit døme, sjøl om han også skifta mellom ulike linjer alt etter som kor sterk han kjente seg.

Kva med Qadhafi? Han var eksentrisk, men ikkje "gal", han reagerte rasjonelt, men han var også ideologi-styrt meir enn ein balanserande maktpolitikar. Han skifta derfor også frå det eine til det andre - t.d. prøvde han ein periode å utrydde stammevesenet, av ideologiske grunnar, for seinare å lage alliansar med dei samme stammeleiarane. Likevel var styret hans først og fremst personlig diktatorisk heller enn ein autoritær balanse mellom ulike maktgrupper. Hadde opprøret vore eit stammeopprør, kunne vi kanskje tenke at han kunne ha satsa på avspenning og integrering - stammene vil jo alltid vere der også i framtida. Men dette var eit ideologisk, demokratisk opprør leia av personar frå eliten som fram til nylig hadde stått han nær. For å gjenopprette den personlige autoriteteten sin, er det derfor mest trulig han ville slått fryktelig ned på dei som hadde gjort opprør, og spesielt på den delen av landet som han alltid mistrudde, Cyrenaica (der Benghazi er hovudstaden). Ut frå ein slik umiddelbar analyse av regimet, rekna eg (og andre) med at ein blodig represjon for å statuere eit eksempel var meir å vente enn eit begrensa oppgjer og forhandlingar med opprørarane.

Sayf al-Islam og opprørsleiarane
Det vi har fått vite seinare, stadfester også at opprørarane kom til å sjå det slik. Demonstrasjonane kravde frå starten "regimet må bort", men leiarane var langt meir moderate. Den sentrale personen for dei var Qadhafis son Sayf al-Islam. Sayf hadde lenge vore forhandlar og mellom-mann for regimet både internasjonalt og nasjonalt; han hadde forhandla fram løysingar på langvarige problem, han hadde fått løslatt politiske fangar, og hadde gode kontaktar med opposisjonen (som jo hadde hatt høge posisjonar i regimet). Far Qadhafi var også mye sjuk, og hadde overlatt mye av det daglige styret til sønnene, der Sayf var ein av dei mest aktuelle arvingane. Opprørsleiinga forventa derfor at Sayf ville bruke høvet til å parkere faren inn i ein formell posisjon, og gjennom forhandlingar med opposisjonen ta over som Libyas leiar. Dette kunne opprørsleiinga godt leve med. Det var da også hektisk kontakt mellom Sayf og andre regime-toppar og opprørarane, tilmed frå Gulfen vart opposisjonelle floge inn til Tripoli for samtalar om vegen vidare.

Derfor kom Sayfs TV-tale den 20 februar som ei overrasking og kalddusj. Det var første reaksjonen frå regimet, og Sayf stilte seg heilt på farens side, og fordømte opprøret fullstendig - eit skarpt brot. To dagar seinare kom farens "zanga-zanga"-tale om å reinske landet gate for gate. Sayfs tale var vendepunktet i opprøret, sidan Sayf var porten til gradvis overgang, og han hadde stengt den ettertrykkelig. Frå det tidspunktet var det klart at opprørane måtte faktisk fjerne regimet eller ta den straffa som vil følge eit nederlag. Dermed vart kravet om at Qadhafi skulle forlate landet det sentrale for dei. Dei kunne ikkje lenger godta ein formell "avgang", for ein må hugse på at Qadhafi aldri var president av Libya; han kunne ikkje "gå av" frå ein posisjon han ikkje hadde (noe han også hevda). Qadhafi hadde jo til tider tilmed "knust staten", det var "folket" som styrte direkte (han var berre "leiar" for den libyiske revolusjonen). Når Sayf ikkje var villig eller evna å sette faren til sides, måtte dei derfor rekne med at Qadhafi ville fortsatt vere den reelle leiaren av Libya så lenge han var i landet. Og sidan opprørarne satte fram så ufråvikelige krav - dei såg ingen mellomveg; enten var regimet heilt borte, elles så ville Qadhafi vere "leiar" som før - var det lettare for Qadhafi å godta fredsforslag som ikkje hadde noen sjanse om å bli gjennomført.

Dermed blir, for øvrig, også debatten om NATOs mål var "regimeendring" eller ikkje meir eller mindre akademisk. Resultatet av krigen måtte bli enten at regimet (og Qadhafi) forsvann, eller at opprørarane forsvann. Få eller ingen i Libya såg nokon annan utveg. Spørmålet var berre om omverda (NATO, Norge) skulle spille ein rolle i dette eller ikkje.

Opprøret som trojansk hest for islamismen
Ein annan myte som ser ut til å festne seg i SV og Raudt, er at opprørarne var fæle islamistar og jihadistar. Det var dei ikkje, jihadismen dukka først opp etter Qadhafis fall, i første omgang i form av gruppa Ansar al-Shari'a, som kjempa mot dei nye leiarane i landet frå sommaren 2012. Igjen heilt kort: Islamismen i opprøret 2011 var i to former. Det eine var det Muslimske Brorskapet, ein liten organisasjon intellektuelle (primært frå Tripoli) som hadde vore i eksil i Egypt, og som slutta seg opprørsleiinga (Det nasjonale overgangsrådet) i Benghazi. Dei var, som Brorskapsfolk generelt, parlamentarisk innretta.

Det andre var restane av ei gruppe kalla (på engelsk) LIFG, den "islamske kampgruppa". Dei hadde prøvd eit opprør på 1990-talet, men feila; mange vart fengsla (og vart sluppe fri etter avtale med Sayf al-Islam), andre flykta i eksil til Afghanistan, der noen av dei ganske riktig tok kontakt med Usama bin Laden. Men dei fleste av dei forlot bin Laden ganske raskt, fordi dei ville slåss mot Qadhafi, ikkje USA - USA var som kjent motstandar av Qadhafi. Berre ein handfull vart verande i Qa'ida, derimellom "Abu Yahya al-Libi" som var aktiv i 11. september-aksjonen. Men dei som kom tilbake til Libya i 2011, hadde brukt åra i mellomtida i eksil i andre land, eller i fengsel. Dei var nok fortsatt islamistar av ulik valør, men ikkje jihadistar i al-Qaida-meininga, og fleire kjempa sammen med sekulære opprørarar. Dei slutta seg også til det felles overgangsrådet, og vart blanda inn i rivaliseringane der. Leiaren i gruppa, Abdelhakim Belhajj, tapte i ein maktkamp om ein regjeringspost i 2011, og er nå blitt businessmann og leiar eit lite borgarlig-konservativt parti som får eit par prosent stemmer.

Seinare kom jo kaoset, og gav rom både for Ansar al-Shari'a (alliert med al-Qa'ida) i Benghazi, og IS i Syrte. Både ex-LIFG og Brorskapet er derimot del av det politiske livet i Tripoli, alliert med dei militsane (Misrata-militsen) som kasta IS ut av Syrte. Byen Derna i aust har hatt ei eiga historie, der andre konservative islamistar vart angripe av IS, men klarte også der å kaste IS ut og ta styring med byen på eiga hand. Men alt dette er altså del av det generelle kaoset. Dei dominerande motsetningane i Libya i dag kjem av rivalisering mellom personar, stammar og byar; religiøs og annan ideologi spiller ei heller underordna rolla. IS og Qa'ida kjører sine eigne løp på sida av det andre rotet. Under den tida NATO-krigen pågjekk, var ikkje dette ei sentral problemstilling.

mandag 16. april 2018

Syria: Kjemi og bomber

Eg har i desse bloggane prøvd å unngå å skrive det samme som de finn i "siste sekund"-nyheitsmeldingar i andre aviser og medier, og heller oppsummere (og ja, det har blitt mindre tid til blogging i dei siste par åra, diverre). Derfor burde eg også halde tann for tunge i det siste i Syria, ikkje minst fordi eg ikkje "veit" meir enn andre om det som faktisk har skjedd. Men likevel, det er jo dramatisk, så la oss sjå litt på hendingane.

Kva veit vi, og kva trur vi?

Vi har altså liten heilt sikker kunnskap om angrepa i Douma sist veke, som førte til bombeåktaka frå tre NATO-land. Kanskje får vi heller aldri sikker kunnskap. Men la oss snakke om "sannsyneligheitsovervekt", kva er det mest rimelig å tru har hendt?

1. Det er overvegande trulig at det vart brukt kjemiske midlar i bombeåtaket i Douma (Aust-Ghouta) 7. april. Det er komme så mange vitneutsagn frå ulike kjelder at det ikkje er rimelig å tru at dei er falske eller del av noen konspirasjon.

2. Det som virkar mest tydelig er at det vart brukt klorgass i dette angrepet. Noen observasjonar peiker også på bruk av ein eller annan type nervegass, sarin eller noe anna, men desse er ikkje sikre, og heller ikkje USA seier dei har bevis på bruk av nervegass (ulikt klor). Dette kan vise seg å vere tilfelle, men vi veit det ikkje. Dette er eit sentralt punkt, så derfor to ord om skillet mellom klor og nervegass.

All bruk av kjemiske våpen (gass) som stridsmiddel i krig er forbudt etter konvensjonen om kjemiske våpen som Syria underteikna i 2014, altså både klor, sarin og anna. Men klorgass er eit "fattigmannsvåpen", som i utgangspunktet ikkje er (særlig) dødelig. Det kan, som all gass, drepe når det er brukt i store mengder eller konsentrasjonar, eller under bestemte forhold, men dødstalla i eit klorgass-angrep vil normalt vere låge. Dette er grunnen til mistanken om sarin-bruk her, sidan fleire titall (over 30-40) vart drept, som er svært mye for eit klorangrep. Men noen kjelder peiker på at mange av dei drepne var på ein bestemt plass, og det kan derfor vere ein svært sterk konsentrasjon klor utløyst der som førte til så mange døde. Andre kjelder har observert symptom (stive pupillar) som tyder på nervegass, så dette er ikkje avklart. Men vi kan altså si at bruk av klorgass er svært trulig, nervegass er berre ein muligheit etter det vi nå veit.

Klorgass er laga av klor, det samme som vi brukar i hushaldninga, og svært vanlig i Midtausten, der det brukas til å reinske drikkevatn. Det er altså ikkje forbudt å oppbevare klor, og det er rimelig lett å lage gass av det, ein treng ikkje avanserte "produksjonsanlegg". Derfor var ikkje klorgass omfatta av avtalen i 2014 om å uttransportere kjemiske våpen frå Syria. Vart det nå berre brukt klorgass, har det altså ingen ting med denne avtalen å gjere, og kan på ingen måte tyde på at det ein den gong kom fram til var verdilaust eller mislykka. Store mengder sarin og annan nervegass vart då fjerna frå Syria, og er ikkje vore i bruk i krigen seinare.

Etter den tid gjekk ein i staden altså over til å bruke det ein da "hadde for handa", meir eller mindre "heimelaga" gass basert på klor, og dette ser ut til å vore relativt banalt i bruk, det er over tretti rapporterte klorgass-angrep dei siste to åra (naturligvis omstridt, men at det har vore i bruk, har "sannsyneligheitsovervekt"). Det siste i Douma kan altså berre ha vore eit nytt i samme kjeden, der det enten ved eit tilfelle har ført til større dødstall enn vanlig, eller i større konsentrasjon eller mengder enn før. (Men, for å ta det opp att: også bruk av klorgass, uansett kor banalisert, er ulovlig etter krigens folkerett som også Syria har skrive under). Sarin og annan nervegass er i ein heilt annan klasse, det er svært dødelig (ca. "2-3000 gonger så dødelig som klor", seier kjelder), og er fullstendig forbudt også å produsere og oppbevare.

Det er også etter 2013 at vi har fått mange rapportar om bruk av klorgass i Syria, men åtaket i Khan Sheikhoun i fjor, som førte til førre amerikanske bomberaid, var med sarin, ifølge undersøkingar frå utanlandske laboratorier. I så fall finnes det altså også sarin igjen i Syria. Rapportar har hevda at både opprørarar og regimet har lager med sarin, men trulig i mindre mengder, og det er også få påstandar om sarin-bruk utanom Khan Sheikhoun. Sarin er heller ikkje spesielt vanskelig å produsere, og å ødelegge "produksjonsanlegg" vil trulig ikkje gi noen særlig langvarig begrensing på produksjonsevna.

Klor og sarin kan ikkje brukas sammen (i samme bombe), men det er naturligvis mulig å bruke begge type våpen i samme åtak.

3. Det er ingen grunn til å tru anna enn at regime-styrkar stod bak åtaket. Dette er naturligvis ein antakelse, vi har ingen klare bevis, men noen foto frå åtaket viser ein ueksplodert klortank som har gått gjennom ein tak/vegg, altså ser ut til å ha blitt droppa frå lufta (og ja, naturligvis kan det vere eit konstruert foto, men kor trulig det er, er noe anna). Vi er likevel her henvist til bruk av logikk, og det er ein farlig metode. "Kven tener på det", det kan brukas på alle mulige måtar og til å "forklare" alt og ingenting, og i krig bygger på det på ein grunnleggande falsk forutsetning: at krigen er logisk. Eller, for å si det meir akademisk: Det er altfor mange ukjente variablar. Kven er det som har bestemt f.eks. eit åtak? Er det "Assad" personlig? Neppe. Er det "regimet"? Kven er det? Er det ulike fraksjonar eller enkeltpersonar som har sin eigen agenda? Eller er det rett og slett slik at også i krig så er byråkratisk inkompetanse og "vi gjer det vi pleier å gjere" det som faktisk fører til handlingar? Så før "logisk" må vi iallfall spørre "kven sin logikk"?

Derfor bør vi ikkje ta slike vurderingar for meir enn gjetningar. Likevel: Om ein var opprørar, og hadde ei lita mengde med eit svært farlig våpen, korleis ville ein da bruke det? Mot fienden, for å prøve f.eks. å bryte ein blokade? Eller mot sine eigne sivile (som i dette tilfellet trulig omfattar eins eigne naboar og slektningar, sidan opprørsgruppa her var sterkt lokalt basert), berre i håpet om at dette skulle føre til internasjonal sympati? Når ein eigentlig ikkje trur på at slik sympati skal føre med seg noe som helst? To dagar før ein uansett har tenkt å kapitulere og gi opp kampen, slik at ein evt. utanlandsk inngriping ikkje ville føre til noen betring for eins eigen situasjon? Er dette trulig, eller er denne tanken eit halmstrå for å unngå å akseptere at den andre parten faktisk har mest interesse av angrepet?

Så kva med regimet, kva skulle dei tene på det, når dei stod på nippet til å vinne? Problemet for dei var at seieren trakk i langdrag. Ein del av opprørsguppa Jaysh al-islam som heldt Douma hadde overgitt seg og blitt bussa ut, men ein stor del av fortsatt godt utrusta soldatar nekta å gi opp og å reise. Dei ville slåss til det siste. Eit kraftig angrep kunne overbevise om at dette var nyttelaust, og ville føre til store tap av sivile liv (og, altså, Jaysh al-islam var og er primært ei lokal gruppe for Doma og Ghouta-området, med ganske djupe lokale røtter). I så fall lykkas strategien, dei siste kapitulerte eit par dagar etter åtaket.

4. USA og alliertes bombeåtak var nok politisk og diplomatisk uunngåelig, etter Trumps tvitring og behovet for å "vise styrke", men vil trulig ha liten og ingen betydning for krigen i Syria. Ingen veit om det faktisk var "lager og produksjonsanlegg" som vart bomba, eller tomme lagerbygningar. Og om vi går ut frå at regimet stod bak, vil dei om dei ønskar det lett kunne ta opp att produksjon av klorgass, og for den del (med noe større vanskar) nervegass. Vil dei det? Vel, ikkje til bruk i Ghouta, iallfall, for der er kampane over. Men dei vil jo halde fram på neste front, som er i Idlib-provinsen i nord. Men her møter dei altså gruppa Tahrir al-Sham, som blir rekna som al-Qa'idas avdeling i Syria (det er litt uklart, men dei blir uansett oppfatta slik i Vesten). Og kan vi tenke oss at USA igjen vil gripe inn mot regimet i noe som kan oppfattas som ei handsrekning til al-Qa'ida?

Hensikta var nok heller ikkje å ha noen effekt på denne borgarkrigen, nettopp fordi USA ikkje har noen dei støttar der, det er ingen som USA kan "sette i staden" for Assad. Tidligare gav dei halvhjerta støtte til Frie Syriske Hær (FSA), som fortsatt finnes. Men dei er nå blitt meir og meir innlemma i den tyrkiske invasjonen av dei kurdiske områda, FSA er i stor grad Tyrkias fotsoldatar i Afrin-provinsen, og dei ser ut til å ha lite sjølstende frå tyrkarane. Så lenge Tyrkia og USA altså har motsatte interesser i den kurdisk-tyrkiske konflikten, er vel FSA dermed ikkje lenger noe USA kjenner seg komfortabel med. Så, med mindre dei går "all in" og prøver å sette inn ei heilt ny kraft (i krig mot Russland, som støttar Assad!), noe som er heilt utenkelig så lenge Russland står der, så har ikkje USA noen strategi og noe mål i denne konflikten for og imot Assad-regimet. Så angrepet kan knapt bli noe anna enn ein "one-off", ei markering av eit standpunkt om at kjemiske våpen ikkje tålas sånn generelt utan noe sluttmål utover det.

mandag 1. januar 2018

2018: Status

Kvart år i Midtausten er begivenheitsrikt for tida, men ein må nesten kunne seie at 2017 har ført med seg endringar vi ikkje har sett maken til sidan 2011. Ein del av endringane er så grunnleggande at dei kan komme til å henge med oss i mange år framover. 

Saudi-Arabias nye rolle - opp som ei løve, ned som ein skinnfell?

Det som kanskje vil ha lengst effekt, er hamskiftet i Saudi-Arabia, som nå verkelig vil tre opent fram som ei regional stormakt i Midtausten. Eigentlig kom skiftet alt for to år sidan, da kong Abdallah døydde og vart erstatta av den siste av Ibn Sa'ud-brørne som kjem til å bli konge. Bror har tatt over for bror heilt sidan faren døydde for sekstifem år sidan i 1953, men kong Salman blir den siste, nå er det ikkje fleire igjen (vel, det er ein til, men han er ikkje "kongemateriale"). Den neste kongen kjem frå neste generasjon, og sjøl om Salman fortsatt er blant oss, er dette generasjonsskiftet langt på veg alt komme.

Vi såg det nye på veg alt tidligare, då Saudi Arabia offisielt sendte fly til kampar i Syria (dei sa iallfall dei skulle gjere det), og for fullt da dei opna krig mot Houthi-opprørarane i Jemen i 2015. Men full fart kom først i år, då kongen i juni sette kronprinsen, nevøen Muhammad ibn Nayif til sides (han vart i praksis sett i husarrest) og erstatta han med sin eigen son Muhammad ibn Salman. Kong Salman stiller seg bak sønnen, men det er tydelig at det i praksis er kronprinsen som nå leiar landet og formar det etter sine ønsker.
Ibn Salman
      (Og ei lita oppklaring til journalistane, som har tendens til å gå seg vill i namna: Kongen heiter Salman (Salman ibn Abd al-Aziz), mens sønnen heiter Ibn Salman - "Salmans son", eller Salomonsen på norsk. Det har vore tendens til å blande sammen far og son under namnet Salman, og i eleverte kretsar prøver noen å unngå det problemet ved å bruke forkortingar: MBS for Muhammad bin [ibn] Salman. Som da rett nok lett kan forvirras med ein annan ung Gulf-herskar, Muhammad ibn Zayid, forkorta MBZ, i Dei Sameinte Emirata UAE. La oss her kalle kronprinsen for Ibn Salman.)
 
Kva slags planar Ibn Salman har for kongedømmet, er ennå litt uklart. Det er to ulike fortellingar om dette nå. Det eine er at han er ein modernist og reformator, som vil riste opp det tilstivna styret, gi Saudi-Arabia fleire bein å stå på økonomisk, bekjempe korrupsjon, tilpasse seg verdsmarknaden, fri seg frå den tyngande wahhabistiske ideologien av konservativ islam (salafisme) og fremme rettane til kvinner og andre undertrykte.

Det andre er at dette er rein maktkamp: Under dei mange brødre-kongane var kongefamilien delt opp i fleire greiner, i hovudsak etter mødrene: Dei fleste var naturligvis halvbrødre, samme far men ulik mor. Slik var det også da Salman tok over i 2015, den første kronprinsen kom frå ei anna grein av familien, og hadde han tatt over som konge etter Salman, ville arvefølga fortsatt vore "horisontal" mellom dei ulike greinene. Ved å ta sin eigen son (om ikkje den eldste, Sultan), markerte kongen ein overgang til ei meir normal "vertikal" arvefølge frå far til son.

Det som likevel markerer det nye styret er ønsket om å styrke Saudi-Arabias plass som den leiande krafta i Midtausten. Det har Ibn Salman vist ved ei rekke dramatiske utspill sidan han rykka opp, som stort sett alle har vore mislykka. Berre Trump har vel kunne vise til ei lengre rekke fiaskoar det siste året. Begge er impulsive og aggressive, men til Trumps forsvar burde Ibn Salman ha hatt betre tid til å førebu seg på herskarrolla.

Det første gjeld krigen i Jemen, som alt har gått i over to år, der dei står i ei hengemyr. Vi skal sjå meir på den under, men i tillegg til ein katastrofe for folket i Jemen, er den også blitt ein diplomatisk katastrofe for Saudi Arabia, regionalt og internasjonalt.

Så trappa han opp rivaliseringa med Qatar, ved å organisere ein boikott som ingen forstod. Qatar kjempa sammen med Saudi i Jemen, men fekk ikkje lenger lov! Fordi Saudi påstår at Qatar støtta Iran (bombemålet i Jemen, i følge Saudi). Qatar har ikkje vore spesielt pro-iransk, forutan Jemen-krigen deltok dei også med liv og lyst i å slå ned shi'a-protestane i Bahrain i 2011, sammen med Saudi. Men det er nok rett at både Qatar og Kuwait, som begge har oljeøkonomisk samkvem med Iran i Gulfen, har vore meir avslappa enn Saudi, som nå har Iran som ein nærmast fiks ide. Vidare vart Qatar anklaga for å støtte Hamas og al-Qa'ida. Men Saudi tok sjøl imot Hamas-leiaren i fjor, og kva gjeld Qa'ida er det vanskelig å sjå forskjell på Saudi og Qatar - ingen av dei støttar dei offisielt, men det går nok private pengar frå begge land til iallfall Nusrafronten i Syria.

Saudi-Arabias nære allierte i Gulfen, Emirata og Bahrain støtta straks opp under boikotten, og dei fekk også demonstrert nye allierte som følgte deira line, ikkje minst den gamle kjempa Egypt som her ser ut til å la seg styre av Saudi-Arabia. Men resten av Midtausten følgte ikkje opp, og internasjonalt vart Saudis krav til Qatar møtt med hoderysting, ikkje minst kravet om dei skulle stenge ned den for uavhengige TV-stasjonen al-Jazeera. Mange godtok Qatars syn om at det Saudi forlangte var at Qatar skulle underlegge seg Saudi-Arabias vilje. Saudi fekk vel helst fram ei usemje i Midtausten. Ja, dei klarte tilmed å få til ei splittelse mellom Det kvite huset og utanriksdepartementet i USA - utspillet var tydelig ikkje klarert med Washington. Status nå er at boikotten varer ved. Den var problematisk for Qatar i starten, men dei har funne vegar rundt, og lever rimelig bra med den, ikkje minst ved å ha (måtte) nærma seg Iran. Resultat: 1-0 til Iran. 

Hariri i Paris
Så kom turen til Libanon. Da Saudis nære allierte, statsminister Said Hariri, kom på besøk vart han (i følge ein artikkel i New York Times), henta av væpna vakter og ført til eit fjernsysstudio der han måtte lese opp eit manus om at han gjekk av som statsminister i Libanon, fordi Hizballah hadde for stor innflytelse der. Full forvirring, dette var heller ikkje klarert med noen korkje i Beirut eller andre stader, og Hariris eigne partifeller kunne ikkje gjere anna enn å be han komme heim. Hizballahs leiar Nasrallah kunne framstå som landsfader, "vi støttar Hariri, gi oss statsministeren vår tilbake". Etter ein diplomatisk redningsaksjon frå Frankrike måtte Saudi la han reise, og han tok opp igjen arbeidet som før. Vinnar: Hizballah.

Utanriks er det altså fiasko på fiasko. Saudi har absolutt markert seg som ein ny viktig aktør, tydeligare enn før, og har klart å gjere Iran til busemann i arabarverda. Men dei har også vist at dei ikkje kan berre ture fram og tru at resten av området følger pengeboka. Noen gjer det, som Egypt som nå er nær alliert, men Iran har også vunne uventa diplomatiske seirar etter framferda til det nye Saudi-styret.

Innanriks er det meir uklart. Kuppet der Ibn Salman arresterte dusinvis av prinsar og annan elite for "korrupsjon" ser ut til å vere vellykka. Også her er det tvil om motiva, noen av desse var nok meir opent korrupte enn andre (sjøl om det vanskelig å si akkurat kva "korrupt" betyr når kongedømmet langt på veg er privat eigedom). Men openbart også maktkonsentrasjon, og kanskje først og fremst ein advarsel til mulige rivalar. Den mest kjente av dei arresterte, al-Walid ibn Talal, er ein vestlig-orientert finansfyrste som eig "halve Hollywood" (Fox, Citigroup, AOL, Apple, Disney, på ulike tidspunkt). Han er ikkje kjent som spesielt korrupt (meir enn andre?), og heller ikkje i opposisjon til Ibn Salman, tvert om støtta han den økonomiske nyorienteringa. Men han hører til feil slektsgrein. Noen av hans slektningar skal ha protestert mot at Ibn Salman vart kronprins, og al-Walid kunne bli ein mektig motstandar om han hadde ønska det. Så, nå veit han og hans likar kva det ville medføre. Er dette vellykka for det nye styret? Det er det umulig å seie, så ugjennomsiktelig som saudisk innanrikspolitikk er. Først nå noe skjer, får vi vite om det.

Men ein ting vi kan observere, er at Ibn Salman, i sin maktiver, også vil forrykke den historiske balansen mellom religion og politikk - iallfall litt. Saudi Arabia er basert på at dei religiøse leiarane, Al Shaykh, styrer moral og tru, mens kongefamilien, Al Sa'ud styrer økonomi og politikk. Sidan kongedømmet oppstod i 1932 har Al Sa'ud nok hatt overtaket, men berre ved å gi dei religiøse eit godt spillerom. Ibn Salman vil redusere dette noe, og det viktigaste er at "moral-politiet" (al-mutawwia), som ligg under dei religiøse og ikkje staten, ikkje lenger har rett til å arrestere syndarar. Dei må varsle det ordinære politiet, som åleine kan ta affære. Kor stor betydning dette har, og om Ibn Salman vil gå vidare med å flytte balansen meir over til si side, kan bli viktig for å sjå korleis utviklinga i landet vil bli.

Syria: Ein ny fase i krigen

Det andre store som har hendt i Midtausten er openbart utviklinga i Syria. Sidan protestane i 2011-12 gjekk over til væpna opprør og borgarkrig, har konfliktlina vore mellom regimets styrkar, og opprørsmilitsar der islamistar meir og meir kom til å dominere. For eit år sidan fall Aleppo til regimet, og i året som følgte ser det ut til å ha vore tippepunktet. Krigen går fortsatt, men det er nå rimelig tydelig at regimet har fått eit overtak dei aldri har hatt før. Ein kan godt tru at innan neste nyttår vil dei siste områda som opprørarane held, først og fremst Idlib i nordvest (nå dominert av den tidligare Nusra-fronten), og Ghouta aust for Damaskus, vere oppgitt. Nusrafronten held altså stand, men tyrkiske styrkar er også nå gått inn i provinsen med regimets aksept (for å bekjempe kurdarane som held regionen nord for Idlib). Vi har tidligare snakka mye om dei uavhengige salafistane i Ahrar al-Sham som ein viktig aktør, men dei - sammen med det meste av den Frie Syriske Hæren - ser nå ut til å vere nesten heilt spilt ut av banen.

Eit litt gammalt kart, dei svarte strekane er nå gule (kurdiske)
 på nordsida og raude (regimet) på sørsida av Raqqa-
Deir al-Zur. Idlib er lysegrønt i nordvest.
Men det er naturligvis meir enn éin krig i Syria, og meir enn ein seierherre. Den andre er kurdarane i PYD i nordaust, som har ført sin krig mot IS, og også her ser ut til å vinne over dei. IS er ikkje historie, men staten deira er nok det nå. Det er også eit markert skifte i jihadismen, IS står nå i langt på veg samme posisjon som al-Qa'ida: kontroll over noen små område, men primært ein terrororganiasjon på fremmend jord. Deira tap er kurdaranes seier, desse har nå langt på veg styring med Syria nord og aust for Eufrat, mens regimets styrkar har kontrollen på sørsida av elva (og også over grensa mot Irak, som vi før har skrive om). Spørsmålet blir da kva skjer langs denne lina når fienden IS er endelig borte. USA står bak kurdarane - men vil dei gjere det fortsatt når IS er borte? Russland står bak regimet, begynner dei å få nok? Vil USA og spesielt Russland tvinge fram ei forhandlingsløysing der regimet de facto godkjenner kurdisk autonomi i "Rojava", og vil kurdarane prøve å halde på dei store arabisk-befolka områda dei har erobra? Akkurat nå er det ingen som blunkar, kurdarane har det ikkje travelt med å trekke seg tilbake, men regimet har heller ikkje utfordra dei. Her vil det trulig måtte skje noe, fredelig eller ikkje fredelig, i året som kjem.

Jemen: Ny utvkling, eller meir av det samme?

I Jemen er frontlinene omtrent som for ei år sidan: Houthi-opprørert held stand i nord, dei som støttar president Hadi i sør (blått og del av det mørkegrønne på kartet), mens områda i aust (det tynt folkesette Hadramawt) i all hovudsak har klart å halde seg utanom krigen. Men innanfor frontane har det skjedd ting.

I nord styrte ein allianse mellom to tidligare fiendar: Houthi-militsen, med basis i ein provins heilt nord i Jemen, og styrkane som var lojale til avsatte president Ali Abdallah Salih. Dei såg ut til å vere omlag jamnstore, sjøl om vi kalte alliansen for "Houthi-opprøret". Men Salih var aldri noen Houthi, han var ein opportunist som allierte seg med kven det skulle vere. Sidan krigen trakk i langdrag, gjorde han i desember eit av sine uforutsigbare hopp, braut med Houthiane og gjekk over på motparten, altså Saudi-Arabias side. Vi klarte knapt å registere det før Houthiane hadde tatt livet av han, to dagar etter. Deretter reinska dei ut styrkane hans og jaga dei ut av nord-Jemen. Igjen har altså Houthiane overraska med sin styrke, det viste seg at det var dei, og ikkje Salih-armeen som hadde kontrollen i landet, og nå styrer dei åleine. Det vi ikkje ennå veit, er kva slags allierte dei evt. har nå. Det er mange og slagkraftige stammar i regionen, som er zaydiar som dei fleste i nord-Jemen, men ikkje Houthi-tilhengarar. Er dei nøytrale, har dei gravd ned våpna sine, eller støtter dei opp under dagens makthavarar i nord? Det veit vi lite om ennå, men vil ha stor betydning.

Kva med dei før Salih-lojale styrkane? Dei er blitt jaga over til motpartens side, der dei er tatt i mot, men vi veit ikkje kva dei vil gjere og kven dei vil samle seg rundt. Salih hadde tydelig plan om at sønnen Ahmad skulle ta over, men han sit fast i eksil eller husarrest i Abu Dhabi. Han vil nok gjerne, men om vertane hans nå vil la han sleppe fri - nå som faren lenger ikkje er deira fiende - har vi ikkje sett noe til ennå.

Likevel: Mange trur nok at den "legitime presidenten", Hadi, frontfigur for den saudi-støtta sida ikkje kjem til å spille noen rolle. Han er eksil i Saudi, får knapt noe spillerom av dei, og har liten støtte frå noen. Det er godt mulig Saudi-koalisjonen vil "bytte han ut" med Ahmad ibn Salih, om dei trur han kunne samle støtte i Jemen.

Problemet er her berre at sjølve denne koalisjonen ristar litt i fugane. Saudi og Ibn Salman meiner openbart at det er dei som bestemmer. Men krigføringa deira har vore ein fullstendig fiasko. Ikkje berre har dei fått heile verda mot seg ved uvettig bombing av sivile mål og ein boikott som har fått kolera til å spreie seg i Jemen. Men dei har også vist seg som miliært utrente og svake. Det er Emiratas fly og styrkar som har halde denne sida oppe, og Emirata har i Jemen-krigen funne ny sjøltillit overfor storebror. Dei tillet seg dermed å ha ein annan politikk for Sør-Jemen, området som dei to kontrollerer sammen, men som i praksis står under Emiratas einekontroll. Og mens Saudi-Arabia står, som president Hadi, på at Jemen må forbli ein einskaplig stat når krigen er over, støtter Emirata separatistane som ønsker at Sør-Jemen skal bli ein eigen stat, slik det var fram til 1990. Og det er altså dette området alliansen faktisk kontrollerer. 

Vi veit ikkje om eller kor mye som vil skje i Jemen kommande år, men det er altså nok med sprengkraft på begge sider av grenselina (og da har vi ikkje nemnt al-Qa'ida, som USA nå prøver å bombe - dei står utanfor denne nord-sør-konflikten).

Libya. Palestina, Iran

Det har skjedd så mye i desse tre landa, at vi må fare med harelabb over resten av regionen. I Libya er situasjonen som før: Heftar styrer i aust (og også ein del i sør) og trugar stadig med å invadere det mest folkerike området i vest, Tripoli-området. Men han har neppe militær kraft til det. I landsbyar og småbyar prøver folk å styre seg sjølve, med eller utan hjelp av lokale eller fremmede militsar. Noe av det som har markert det siste året, er at EU har akseptert denne situasjonen, og inngått avtaler med ulike lokale militsar om å halde flyktningar på veg til Europa tilbake. Det har fungert, men med stor menneskelig kostnad, og etter reportasjar om regulære slavemarknader hos militsane, enten dei EU har finansiert, eller andre av stort sett samme slag, har det komme sterke reaksjonar på dette. Noterbart er også at gamle Qadhafi-tilhengarar har begynt å stikke hodet litt fram att, ikkje minst etter at Qadhafis son Sayf al-Islam vart sluppe ut av fangenskap i sommar. Han er "arveprinsen" deira. Men Libya er neppe moden for ein ny Qadhafi, iallfall ikkje ennå. Noen politisk løysing er nok korkje nærmare eller fjernare enn i fjor.

Palestina: Protestane mot USAs flytting av ambassaden til Jerusalem har ikkje ført til så mye. Vikigare er dei små rørslene mot avspenning mellom PLO og Hamas, i hovudsak ved at Hamas aksepterer at PLO / styresmaktene på Vestbreidda også må få innpass i deira region Gaza. Vi får sjå kor langt dette kan gå.

I årets siste dagar har vi også sett ei sosial protestbølge i mange byar i Iran. Sjøl om dei rettar parolane mot "systemet", ser det ikkje ut til at dette har ei leiing og styring at det kan true styret på noe vis, mange ser jo at årsaken til dei økonomiske problema ligg utanfor landet, i USAs mangel på vilje til å lette sanksjonane. Dette kan lett det religiøse høgre, like gjerne som dei regimekritiske, spille på: Rouhanis avspenningspolitikk har ikkje gitt fruktar, så kvifor halde fram med dei? Uansett viser det at det fortsatt er ein understraum av politisk og sosial motstand i Iran, som ikkje vil forsvinne.