fredag 3. juli 2015

Egypt: Mot ein meir valdelig konflikt?

Det er i dag årsdagen for militærkuppet i Egypt i 2013, og opptrappinga mot dagen er blitt markert med harde kampar i Sinai, og med drapet på riksadvokaten i Egypt, som har stått i spissen for å trekke opposisjonelle for retten. Spørsmålet om dette berre er ei krise rundt årsdagen, eller om det markerer ein tendens mot ein sterkare valdelig konflikt i Egypt.

Vi har naturligvis ikkje full oversikt over kven som står bak desse angrepa. Men mest trulig må vi sjå dette som to ulike tendensar. Den eine på Sinai, der det har vore ei lang, nær kontinuerlig rekke med åtak, spesielt på politi og militære, sidan 2011. Det andre i Kairo og andre delar av det "folkerike Egypt", der det også har vore angrep tidligare, men langt meir sporadisk.

Sinai: Beduinane mot sentralmakta
På Sinai er opprørsgruppa rimelig godt kjent. Dei kalla seg "Ansar bayt al-maqdis", dei som hjelper den heilage byen [Jerusalem], sjøl om aktiviteten deira har vore mest retta mot Egypt, ikkje Palestina. I fjor erklærte dei [eller stordelen av dei] lojalitet til IS, og tok namnet "Wilayat Sina'", provinsen Sinai, altså provins i kalifatet.

Det sentrale her er at dette opprøret bygger på ein generasjonar lang konflikt mellom beduinane i Sinai, særlig det  nordlige Sinai, og styresmaktene i Egypt. Beduinane har alltid følt seg marginalisert, hundsa, og mistenkeliggjort, ikkje minst etter åra under israelsk okkupasjon 1967-1982, da beduinane av nødvendigheit hadde kontakt med israelarane. Motviljen mot sentralmaktene i landet førte til mange lokale konfliktar, som også anti-israelske jihadistar kunne dra på i fleire angrep på israelske turistar i Sinai på 1990- og 2000-talet. Ansar bayt al-maqdis bygger trulig vidare på denne motviljen, utan at vi veit kor stor del av beduinane som opplever dei, og nå IS, som allierte eller som radikale fusentastar. Men det store omfanget i angrepa dei siste dagane, med 50-100 beduinar involvert, kan tyde på at betydelige delar av beduin-befolkinga kan stå med dei. I så fall kan det vere ein farlig strategi for styresmaktene å prøve å "utrydde" motstandarane, dersom dei dermed går generelt på dei stammene som har hatt kontakt med IS. Som alltid, politiske rørsler kjem og går, dei kan ein overvinne, men stammane blir verande, dei kan ein ikkje utrydde eller nedkjempe. 

Ei radikalisering av Brorskapsungdom?
Denne konflikten er altså spesiell for Sinai, og har lite å gjere med åtaka i Kairo. Det kan likevel vere grupper som er knytta til Ansar, eller nå IS, som står bak dei, eller det kan vere ad hoc-grupper som kvar for seg eller organisert vil slå til mot regimet. At det var riksadvokaten som var målet, peiker kanskje meir på grupper knytta til dei han har fengsla, og som nå er dødsdømt i hundretal, heller enn på IS, som ikkje har noen særlig sympati for Muslimbrødrene, Mursi, eller andre "sekulære og slike som arbeider for demokrati". 

Det store spørsmålet er om desse angrepa faktisk kan vere knytta til Brorskapet, slik styresmaktene heile tida har hevda. Vi har her heile tida hevda at det er mest trulig at Brorskapets leiing vil halde på ei relativt fredelig masseline, altså med demonstrasjonar og uro, men ikkje direkte valdelige aksjonar - men også at deira autoritet er svekka. Sjølve argumentet om at ein fredelig veg er mulig vart jo også svekka av kuppet i 2013 og undertrykkinga deretter. Dette kan, sa vi, opne for at yngre og meir radikale krefter snur seg bort frå denne førti år gamle fredelige masse-lina og blir trukke mot meir aktivistisk vald. 

Det er noen, inntil vidare ubekrefta, rapportar som nå peiker på at dette kan vere på veg. Ein kongress eller fellesmøte av unge Brorskapsfolk som fortsatt er på frifot, skal ha vedtatt kritikk av den gamle leiarskapen, som nå sit i fengsel, og gått inn for eit lineskifte mot ei aktivistisk opprørsline. Det er likevel understreka at dette ikkje skal vere terror eller angrep på sivile - kritikken mot, og avstanden til, al-Qa'ida og IS vart understreka, og kulturforskjellane mellom Brorskapet og jihadistane er nok så store at det ikkje vil bli noe snakk om noen samling den vegen. Men, trass i protestar og formaningar om måtehald frå dei tidligare leiarane, er det ikkje utenkelig at grupper frå Brorskapet kan opne for angrep på politi, militære og så vidare. Det har skjedd før når Brorskapet er undertrykt, på 1950- og første del av 1960-talet, og seinare i Syria. Det har stort sett ikkje enda godt, og dei eldre hugsar det.

Enten dette skjer eller ikkje, er det uansett ei valdelig opptrapping på veg mellom staten og Brorskapet. For to dagar sidan braut politiet seg inn i ei leiligheit og drepte tretten medlemmer av Brorskapet som hadde møte der, mellom dei eit tidligare parlamentsmedlem. Dei påstod at dei fann våpen der, noe Brorskapet nektar for. Brorskapet kaller som svar til "opprør", kva dei nå meiner med det, kanskje berre skarpe protestar. Men dersom staten - som jo insisterer på ikkje å sjå forskjell på Brorskapet og terroristar - held fram med å bekjempe Brorskaps-tilhengarar med våpenmakt, er det vel liten grunn til å tru anna enn at dei, eller noen av dei, vil finne til våpen for slåss tilbake. På 1990-talet klarte staten på denne måten å reellt sett utrydde dei jihadist-gruppene som då dreiv på i Egypt. Men dei hadde ein heilt marginal oppslutnad i forhold til Brorskapet i dag. Samtidig som folk etter kvart begynner å forlange at Sisi skal levere på det sosiale og økonomiske området, og han også har gjort store delar av dei liberale til fiendar ved å slå ned på all opposisjon, vil ei slik militarisering av konflikten med Brorskapet ikkje føre Egypt på ein positiv veg. Men enn så lenge er dette berre tendensar, vi får håpe at det blir med det, og at den politiske striden i Egypt forblir politisk og så lite valdelig som råd.