onsdag 9. juli 2014

Kalifatet

Etter at "kalif Ibrahim" erklærte at "kalifatet er komme tilbake", har media kasta seg over dette begrepet og historia til det. I denne fjerde, og kanskje i denne omgang siste, historiske refleksjonen over hendingane i Irak, kan vi oppsummere litt korleis dette ordet er blitt brukt. For dei som har tatt innføring i Midtausten-historie, blir det litt repetisjon, men det kan vere greitt å få det samla.

Kva betyr det?
Ordet kalif, arabisk khalifa, kjem frå eit verb for å "følge etter", og betyr slik "etterfølger" etter profeten Muhammad, men kan også ha meining "å stå i staden for", altså "representant". Verbet khalafa er dagligspråk, "eg følgte etter han inn i huset", og mens khalifa stort sett viser til vår "kalif", herskar, så kan det også brukas meir nøytralt om ein mellomleiar, altså "stadfortredar", i ein religiøs organisasjon, slik har mange sufi-brorskap ein eller mange khalifaer, som da berre betyr at vedkommande leiar ei grein av brorskapet. Men den vanligaste bruken er jo den vi kjenner, som vår kalif.

Kor lenge varte kalifatet i historia?
Her finn ein mange variantar i dagens kjappe "fakta-rubrikkar" i avisene: frå 630 til 1250, eller til 1517, eller til 1924, fritt val. Alle desse kan vere "rett" eller "feil"; alt etter som kva ein legg i det. Vi bør derfor sjå det litt i faser, sidan uttrykket vart brukt på ulik måte opp gjennom tidene.

Første fase: kalifen som reell herskar over eit samla muslimsk rike
Dette var den første og opprinnelige betydninga av ordet: Pofeten Muhammad var ved sin død i 632 politisk leiar for ein stat i full ekspansjon. Dei leiande i samfunnet utnemnte raskt ein av hans medarbeidarar til khalifa for å ta over styringa av denne nye staten. Etter kvart vart skillet mellom religiøs og politisk autoritet også ganske klart: Kalifen hadde arva Profetens rolle som statsleiar, men ikkje hans teologiske autoritet: Kalifen skulle ikkje bli noen pave som fastsatte teologien, det gjorde dei lærde uavhengig av han.
       Kalifatet gjekk gjennom fleire dynastiskifte, og hovudstaden flytte seg frå Medina over Kufa og Damaskus til Bagdad, men sjølve institusjonen var den samme: Det var éitt samla muslimsk rike, og kalifen var herskaren over dette. Rett nok var det stadig opprør, og i utkantane av riket (særlig Nordafrika og al-Andalus, dagens Spania) reiv utgrupper seg fri frå kalifens autoritet, men prinsippet om eitt rike og ein kalif heldt stand, heilt til indre rivningar gjorde at både einskapen i riket og kalifens makt gjekk i oppløysing. Slutten kom i 936, då kalifen gav frå seg makta i Bagdad til ein general som ikkje hadde ambisjon om å styre meir enn nærområdet i det sentrale Irak. Resten av den muslimske verda var oppdelt i sjølstendige muslimske småstatar, som kvar var styrt av ein sultan

Andre fase: kalifen som formelt, men ikkje reellt overhode
Sultan betyr berre herskar, det vere seg over eit stort eller lite område. Mens det i teorien berre kunne vere ein kalif i verda, kunne mange sultanar herske ved sidan av kvar andre. Dei var eigenrådige, og erobra kvarandres byar og riker med stort gjennomtrekk. Men sidan deira legitimitet berre var fysisk makt, søkte dei fleste støtte ved å skrive til kalifen, som fortsatt satt makteslaus i sitt palass i Bagdad, og be om at han skulle "utnemne" dei til sin mann i det området dei styrte. Det gjorde kalifen, så hadde også han ein funksjon, det hadde ikkje gjort noen forskjell om han hadde nekta. Slik kunne ein fiksjon om at kalifen fortsatt spilte ei rolle over eit muslimsk rike bli oppretthalde. Men det var berre i ein kort periode på 1100-talet at ein aktiv kalif prøvde å tilta seg reell politisk makt igjen, og da berre i Irak rundt Bagdad. Perioden da vi fortsatt hadde ein kalif som var allmennt anerkjent som del av det gamle abbaside-dynastiet men utan makt, varte slik frå 936 fram til Bagdad vart rasert av dei heidenske mongolane i 1256.

Tredje fase: kalifen som formell figur i Kairo, berre for Egypt
Då mongolane herja, var det berre Egypt, da styrt av dei såkalla "mamluk-sultanane" som stod i mot og forsvarte islam. Der dukka det opp ein mann som påstod seg å vere slektning av den siste abbaside-kalifen, og dermed rette arvtakaren til kalif-vervet. Det passa sultanen godt, og han installerte denne fyren som kalif i Kairo, med samme oppgåve som før: å formelt utnemne sultanen som "sin tenar". Dette var altså eit framhald av rolla frå Bagdad, men med den forskjellen at ingen utanfor Egypt godtok denne "kalifen" som arving av Bagdad-kalifen, han var ikkje lenger noen "universell leiar" for alle sultanar i den muslimske verda, berre lokalt for mamluk-herskarane. 

Fjerde fase: mange "kalifar" men utan innhald
Dermed var tittelen kalif blitt "ledig på markedet", og fleire sultanar begynte å ta i bruk tittelen på seg sjøl rundt om. Dette hadde skjedd alt på 900-talet: Dei sjølstendige herskarane i al-Andalus hadde i den første tida berre kalla seg emir (kommandant) for ikkje å rokke ved ideen om eit samla islamsk rike. Men i 929 gjorde dei seg heilt sjølstendige ved å erklære seg for eit kalifat. Andre i Nordafrika følgte opp med samme tittel, og etter kvart kom det også fleire kalifar både i India (moghulane) og andre stader.
        Men innhaldet i tittelen var nå blitt utvaska, og den mista snart den betydninga den hadde hatt som arving og etterfølgar av Profeten. Kalifen i Kairo mista fleire og fleire av privilegia sine, og dei mange ulike kalifane rundt brukte nå tittelen berre som eit honnørord blant mange når dei ramsa opp alle sine bragder (den osmanske sultanen i Istanbul var m.a. også "romersk keisar"), det var sultan som nå var den viktige tittelen som viste at dei styrte, og da berre over sitt eige område, ikkje meir. Nå kunne det altså godt vere mange kalifar ved sida av kvarandre, kvar i sin stat.
       Slik vart også osman-sultanen alt på 1300-talet kalt "kalif" som ein tom ærestittel som dei ikkje la noe vekt på. Då dei i 1517 tok Kairo og fann "kalifen" som mamlukane hadde sittande der tok dei han  til fange, sette han i fengsel i Istanbul og avskaffa i realiteten hans embete. Det var altså ingen overføring av formell eller reell legitimitet frå denne skygge-kalifen til den osmanske sultanen - den opprinnelige meininga hadde på den tid blitt irrelevant og forsvann heilt med dette. 

Femte fase: Den osmanske sultanen vekker tittelen til live
Først 250 år seinare dukkar ideen om ein samla kalif opp igjen. Og nå er det den osmanske sultanen som pussar støv av den, med seg sjøl i rolla. Vi ser tittelen begynner å dukke opp i osmansk diplomati seint på 1700-talet, men sterkast i siste del av 1800-talet. Dei meiner at dei heile tida jo har vore "kalifar" - samtidig som keisar og prins og så mye anna - men dei påstod også at ein tidligare sultans mor hadde nedstamma frå dei "ekte" abbaside-kalifane i Bagdad, og at dei dermed også hadde stamtavla i orden. Hensikta var å kreve på autoritet ikkje berre over sitt eige store område, men at dei nå kunne, i kraft av kalif, snakke på vegner av alle verdas muslimar.
             Samtidig dukkar ein teori opp, trulig lånt frå europeisk konstitusjonell tenking, om eit skille mellom ei verdslig makt - som låg i sultan-tittelen, og ei åndelig makt, som da skulle ligge i kalif-tittelen. Dette har ingen bakgrunn i reell historie, som nemnt var den tidlige kalifen nettopp ein politisk leiar utan religiøs autoritet, men nå sa den osmanske sultanen at han som sultan styrte over sin eigen stat, men som kalif var han leiar for muslimane også i alle andre land. Slik gjekk kalif-tittelen frå å vere ein gløymt og innhaldslaus ærestittel til å bli eit separat embete, atskilt frå sultan-vervet men samla i samme person.

Sjette og siste fase: Den osmanske kalifens fall
På 1800-talet var dette kravet først og fremst brukt diplomatisk overfor europearane, og med eit visst hell: Då Austerrike t.d. erobra Bosnia i 1878, fekk sultanen likevel behalde "religiøs autoritet" over muslimane der i kraft av "kalif", det samme skjedde i noen koloniar. Men mye meir realitet enn dette og som argument i sultanens mislykka forsøk på ei "pan-islamistisk" reising, var det ikkje. 
        Slutten kom da også kort tid etter, da det osmanske riket fall sammen etter første verdskrig. Atatürk skilte likevel også mellom dei to embeta: Mens sultanen vart avsatt som sultan i 1922, vart kalifatet avskaffa ved tyrkisk vedtak først i februar 1924.
       Sjøl om dette "kalifatet" altså berre var lokalt osmansk, og knapt hadde eksistert i to generasjonar, førte likevel sjølve idéen om at "kalifatet" nå var borte til uro også hos muslimar langt utanfor deira område, "evig eies kun det tapte", om det så var for tusen år sidan. Fleire forslag om å la muslimske kongar eller leiarar ta over tittelen kalif, førte likevel ikkje fram. Men det var altså eit svært kortvarig kalifat som her forsvann, å trekke dette tilbake til profeten Muhammads tid er like rimelig som å seie at Romarriket varte fram til 1806 (da det "heilage romerske riket" vart til keisarriket Austerrike) eller heilt til første verdskrigen, sidan den osmanske sultanen jo også hadde påstått seg å arve tittelen "romersk keisar" frå bysantinarane.

Ny fase i vår tid?
I islamistisk propaganda har begrepet kalif ofte spilt ei rolle, men ganske vag. Også parlamentarisk orienterte islamistar, som Det muslimske brorskapet, kan til tider snakke om "kalifatet" som ein slags framtidig ideal-tilstand, sjøl om dei også samtidig snakkar om moderne republikkar bygd på folkesuverenitet. Dette siste er altså ei uklarheit, kanskje bevisst, kanskje uttrykk for ulike retningar innanfor desse gruppene, men mest trulig rett og slett at dei ikkje har utvikla noen klar statsteori. For dei fleste er derfor "kalifatet" ikkje noe presist mål eller styringsform, men berre eit symbolsk og retorisk begrep for ein tilstand der religiøs moral har avgjerande innverknad i samfunnet, og spesielt: der den islamske verda står samla på ein eller annan måte.
        Slik har også al-Qa'ida og meir radikale grupper brukt begrepet, men dei legg naturligvis langt meir strenge oppfatningar, dei ville ikkje lefle med "folkesuverenitet"; for dei er det Guds styre (hakimiyya, eit moderne begrep) som skal ligge bak. Men ikkje meir konkret enn det. Berre éi gruppe, Hizb al-Tahrir, som oppstod i Palestina og Egypt på 1940-talet, fokuserte på dette og sa at samlinga av alle muslimar i eit felles kalifat måtte komme først, før all annan kamp for islamsk styre. Denne gruppa har slik vakla mellom å vere fredelig (ingen jihad før kalifatet er på plass), og noen stader å lefle med meire militante metodar.
        Så altså nå da IS, som hermed påstår at nå er kalifatet her: ved at alle andre "ekte" muslimar aksepterer deira kalif Ibrahim. Sjøl om dei snakkar om 1924, så er det naturligvis den første fasen etter Profeten dei tenker på, med kalifen som reell og eineveldig herskar, men der andre jihadist-leiarar kan få arbeide vidare på eiga hand, om dei berre godtar Ibrahim som sin over-herre. Det er eit høgt spel. Noen grupper har slutta seg til dette, og begynner å kalle seg for "IS i det og det området", men fleire av dei viktigare jihadist-gruppene har fordømt IS, fordi dei seier at forholda ennå ikkje er komme så langt at dette er rett: Ein kan ikkje kalle seg for "kalif" berre fordi ein tatt styring med eit mindre område i to land. Samlinga av muslimane til eitt rike ligg ennå langt fram i tida, ser også dei. Så dei vil avvise dette kravet.

Idéen om ein mektig kalif som styrer over eit stort og utvikla muslimsk rike er eit sterkt retorisk verkemiddel. Men ser vi på historia, så har det altså i størstedelen av tida - faktisk spesielt også i den såkalla "arabiske gullalderen" mellom 900 og 1200 - vore ein fiksjon. Slik vil det nok også forbli, og dei fleste muslimar, radikale som moderate, ser nok også at kalifatets tid ikkje er nå.

Ingen kommentarer: