onsdag 1. januar 2014

2014: Status

Sammen med nyttårskonserten kan vi halde fram tradisjonen med å oppsummere stoda i Midtausten på årets første dag. 2013 var eit år med store omkastingar, og dei fleste av dei til det verre, vil nok mange meine, sjøl om eitt og anna lyspunkt kan ein også finne.

Egypt
Det er naturligvis den store omveltinga i Egypt i sommar som fanga størst oppmerksomheit, og også har hatt størst ringvirkningar. Mens ein i 2011 hadde den store euforien rundt dei folkelige demonstrasjonane som førte til revolusjonære skifte iallfall i Egypt, Tunisia og Libya, var 2012 det året da mange oppdaga at dette folkelige opprøret først og fremst førte den politiske islamismen til makta, spesielt i forma til det Muslimske Brorskapet og deira søsterparti. 

I 2013, derimot, såg det ut som om dette berre var kortvarig: Islamismen hadde fått sin sjanse, og feila. Det var først og fremst i Egypt at det ganske mislykka styret til president Muhammad Mursi frå Brorskapet vart feid til sides av store landsomfattande protestdemonstrasjonar, etterfølgt av eit militærkupp. Men dette førte i sin tur til at også dei andre landa der islamistar hadde fått regjeringsmakt, som i Tunisia og Marokko, så kom desse regjeringane under sterkt press frå liberale krefter som ville ha dei ut av regjeringskontora. Vinn og forsvinn? La oss ta temperaturen akkurat nå ved årsskiftet.

Ingen kan si heilt sikkert kva situasjonen er for det Muslimske Brorskapet i Egypt i dag. Det er utsatt for ei undertrykking utan like sidan Nassers tid på 1950-talet. Perioden med "toleranse" under Sadat og Mubarak er forbi, nå blir både leiarar og mellomleiarar arrestert i stor skala, og vi kan komme til å sjå dei første dødsdommane i året som kjem. Brorskapet prøver å stå imot gjennom tidvise demonstrasjonar, men dei blir slått hardt ned og blir færre og mindre ettersom tida går. Men vi veit ikkje korleis det står til med den millionen medlemmer dei hadde på grunnplanet landet over. Noen har nok skifta side i skuffelse over Mursis styre, men dei fleste er kanskje heller gått i hi. Det er ikkje berre ordensmakta som nå slår ned på islamistane, det er også stor folkelig motvilje mot dei. I dei fleste landsbyar og byar var folk flest delt i to eller fleire grupper, for og imot islamistane. Nå er det dei mot som har overtaket, også lokalt. 

Men brorskapsfolka er der, og styret kan ikkje arrestere ein million. Det er derfor trulig at dei trufaste fortsatt utgjer ein basis som kan mobiliseras når berre organisasjonen er bygd opp att. I dag er nok Brorskapets organisasjon brutt ned. Den var alltid strengt hierarkisk, og når topp- og mellomnivået nå er i fengsel og ikkje kan gi ordre, er organisasjonen lamma. Den kan byggas opp att, det er fortsatt noen leiarar på frifot, men det vil ta noen tid før dei kjem tilbake.

Spørsmålet er da kven som står bak den veksande terroraktiviteten i Egypt. Styresmaktene seier naturligvis "Brorskapet", men det har dei alltid sagt også når det er opplagt desse ikkje var involvert, og det er andre jihadistiske smågrupper som har tatt på seg ansvaret nå. Faren er berre om desse kan rekruttere tidligare Brorskapsfolk som blir radikalisert av undertrykkinga og frigjer seg frå dei leiarane som fortsatt vil satse på fredelig masseaksjon heller enn valdelige enkeltangrep. 

Brorskapets framtid er altså uklar, bortsett frå at dei ikkje vil forsvinne. Uklart er det også kva slags natur det nye styret har. Det vart helsa frå mange kantar, også i utlandet, som ein "garantist" for ei demokratisk utvikling mot Brorskapets påståtte misbruk, men utover hausten er det blitt meir og meir tydelig at dette er eit militærstyre, ganske likt det som vi hadde under Sadat og Mubarak. Da hadde vi jo også parlaments- og presidentval, men vi visste resultatet på forhånd. Nå vil dei framskynde presidentvalet til våren, og det ser ut til at militærleiaren, nåverande forsvarsminister Abd al-Fattah al-Sisi, vil stille og vinne ein klar seier. Han er også reellt populær, slik at det ikkje sikkert det trengs valfusk for at han skal seire, når den store veljarmassa til Brorskapet er skjalta ut (dei vil ganske sikkert boikotte dette valet, sidan dei jo alt har sin president, Mursi). 

Sisi framstår som den "sterke leiaren" mange ønskar, i arven etter Nasser og Sadat. Men samtidig ser vi at han slår ned, ikkje berre på islamistar, men også liberale og venstreorienterte og alle andre som protesterer eller kritiserer hans styre - fleire slike har fått lange fengelsstraffar. Eit vidare spørsmål er dermed kor stort rom det "sivile samfunnet" - demokratiets basis - vil få. Vil han gå tilbake til Sadats og Mubaraks kontrollerte politikk, eller vil han la det stå oppe eit rom for reell opposisjon frå dei liberale? Og kva med dei "andre islamistane", salafistane, som nå er delt mellom dei som deler skjebne med Brorskapet, og dei som iallfall inntil vidare støttar Sisi og derfor får vere aktive? Vil dei bli til ein "lojal islamsk opposisjon" som støttar militærstyrets vedtak og gir det religiøs legitimitet? Eller blir dei pressa ut? Vi vil sjå dei første tegna alt om to veker, da den nye grunnlova skal ut til folkerøysting - med like lita tid til informasjon og offentlig debatt som da Mursi pressa gjennom førre grunnlov for akkurat eitt år sidan. 


Tunisia
Brorskapets søsterparti i Tunisia, al-Nahda (Ennahda), tok ei klokare line enn dei i Egypt og klarte få til ein koalisjon med to liberale venstreorienterte parti (som har presidenten). Men mange liberalarar i Tunisia hatar islamistane og vil ha dei bort, og brekkstanga har her vore ei aukande politisk uro fremma av salafistar som ikkje vil delta i demokratiet og tar til snikmord i staden. Regjeringa fekk skulda, og har bøygd seg og gått av, men samarbeidet mellom dei tre partia har halde. Tunisia står derfor fortsatt i ein vanskelig politisk situasjon, og konflikten mellom "les éradicateurs", dei som vil ha alle islamistar bort frå politisk makt uansett, og dei som vil anerkjenne den veljarmassen Nahda faktisk har i ei eller annan form for samarbeid, vil trulig fortsatt gjere det vanskelig å bygge eit stabilt politisk system. Også innan Nahda er det spenningar, og ikkje alle er like positive til kompromisspolitikken som leiinga ser ut til å vere. 


Libya
I Libya har det vel berre gått frå vondt til verre. Problemet med militsane som dominerer landet og hindrar den ordinære statsmakta frå vekse fram, har vore tydelig sidan 2011, men er blitt meir klart siste året. For eit år sidan kunne vi fortsatt si at dette var "farlig, men det har ikkje komme til direkte kampar mellom militsane ennå". Det har vi fått nå, både i Tripoli og andre stader har vi fått ganske jamnlige trefningar mellom ulike militsgrupper om kven som skal styre kva bydel. I Benghazi er det nå daglige attentat, bombeangrep, bortføringar. 

Og nesten verre var det som skjedde i haust i Tripoli, da den store og ganske arrogante Misrata-militsen (frå byen Misrata lenger aust) vart pressa ut av byen etter ei større trefning der mange sivile vart drepne. Medier rapporterer at i det tomrommet som oppstod etter dei, så var det ikkje regulært politi eller statsmakt som rykka inn, men små og mindre væpna grupper, det vil si reine kriminelle gjenger. Statsmakta i Libya er nesten fråverande, og den får det ikkje bedre av den langvarige blokaden av oljeterminalane som militsgrupper i aust har stått for. Oljeproduksjonen i Libya var lite ramma av krigen, og kom ganske raskt opp mot førkrigsnivå. Men i dag er kranene nesten tomme, eksporten er berre på ein brøkdel av det normale nivået. Og Libya har aldri hatt andre ressursar enn olje. Ingen eksport, ingen pengar til å bygge staten opp att på.

Heilt på slutten av året, dukka forresten Libya opp i amerikansk innanrikspolitikk igjen. Rundt presidentvalet der i fjor var det ein stor kontrovers om Obama hadde "underslått" at angrepet på det amerikanske konsultatet 11.9 det året var ein planlagt Qa'ida-aksjon som CIA (dvs. Obama) ikkje hadde oppdaga. I haust hadde m.a. CBS 60 Minutes ein reportasje som gjentok dette - og førte til skandale da det viste seg at deira kilde var ein løgnar. Like før nyttår kom så New York Times med ein større reportasje som sa det motsatte, og bekrefta vel det vi i all beskjedenheit sa heilt frå starten: at dette var ein kombinasjon av ein spontan protest mot denne amerikanske film-snutten "Innocence of Muslims", og eit halvferdig planlagt angrep på konsulatet, ikkje frå Qa'ida, som ikkje fantes i Libya då, men av ei lokal jihadist-gruppe, Ansar al-Shari'a - med støtte, peiker NYT på, frå fleire andre militsar som i prinsippet skulle støtte og beskytte amerikanarane. 

Syria
I Syria er det jo også få lyspunkt, og midt i krigen ser vi noe av det samme der som i Libya: At "motstandsfronten" viser seg å ikkje vere ein front, men ei samling ulike militsar som nå etterkvart kjemper mot kvarandre like mye som dei kjemper mot Assad-regimet. For eit år sidan var det fortsatt mulig å sjå den "Frie Syriske Armeen" som den leiande motstandskrafta, med politiske band til den Syriske nasjonalkoalisjonen som "representant for det syriske folket", som vel fortsatt er Norges offisielle haldning. Men det er nå ganske klart at FSA berre er ei av mange krefter, og at den er svakare enn dei islamistiske konkurrentane, ikkje minst fordi FSA er meir oppsplitta i lokale smågrupper, mens spesielt jihadistane har ei samla og ganske effektiv leiing. 

Vi kan ganske tydelig snakke om tre ulike grupper i motstanden:
          - For det første altså FSA, som er svært heterogen politisk, med liberalarar, avhopparar frå Assads side, moderate islamistar (mellom dei Brorskapet i Syria), men først og fremst mange lokale grupper samla rundt kvar sin leiar, men stort sett med ingen eller vag ideologi.
        - Deretter organiserte islamistar utanfor Qa'ida, nå samla i den "Islamske Fronten". Noen av dei samarbeider med FSA, men stort sett ikkje med den politiske "nasjonalkoalisjonen". Noen av dei er moderate islamistar, dei fleste er nok salafistar av ulikt slag - men dei er klare motstandarar av, eller rivalar med Qa'ida-gruppene:
        - Desse er altså nå dei klart viktigaste av Qa'idas nasjonale avleggarar, men er delt i to: den "lokale syriske" Nusra-fronten, og den "irakisk-styrte" ISIS ("Den islamske staten i Irak og al-Sham [Syria]). Begge er formelt lojale til Qa'idas leiar Zawahiri, men ingen av dei følger hans ordre om å bilegge den innbyrdes striden. Begge er relativt rabiate, men ISIS er rekna som meir rabiat enn Nusra, og har som første punkt å innføre si form for "islamsk styre" i dei områda dei kontroller, framfor å slåss mot Assad (som dei også gjer). Men begge to er sterke, slagkraftige, godt utrusta, og kontrollerer kvar sine område i nord og aust. 

Resultatet er naturligvis at Assad er styrka, eller iallfall ikkje svekka, av året som gjekk. Sjøl den store blunderen hans med å bruke gass i angrepet på Ghouta ved Damaskus i august (ein blunder så stor at noen trudde det var ein provokasjon frå opprørarane), vendte seg til hans fordel da USA i staden for å intervenere fann sammen med Russland i ei diplomatisk løysing. Assad måtte gi frå seg gassen, men det var ein liten pris for å få eit diplomatisk pusterom. Bra for han, men det må også reknas som eit av lyspunkta frå året som gjekk at vi fekk fjerna (eller i det minste sterkt redusert) desse gassvåpna frå krigen, sjøl om dei naturligvis spilte liten rolle i det store blodbadet som fortsatt foregår. På slagmarka er det små endringar i det siste året, men Assad sit nok politisk tryggare i dag enn han gjorde for eit år sidan, og mye av grunnen er aukande skepsis frå USA til å støtte eit opprør der Qa'ida og andre radikale islamistar spiller ei stor rolle. Assad hadde ikkje rett da han hevda dette i 2011, men det har langt på veg gått troll i ord. 

I januar er det planlagt ein fredskonferanse i Geneve, men det bør ein ikkje ha for store forventningar til, for ingen av partane i Syria tenker på å grave ned noen stridsøks. At Russland og USA begynner å snakke sammen, er positivt, men dei må i neste omgang få sine regionale partnarar, Iran og Saudi-Arabia/Qatar med på notane, og der er det ikkje komme så langt. 

Iran
Til slutt berre det siste lyspunktet: Presidentvalet i Iran, og starten på eit tøvær med USA. Vi veit ikkje kor langt det kjem, for det møter sterk motstand i begge land, både hos konservative i Iran og i Kongressen i USA. Særlig det siste er viktig, for målet for Irans reelle leiar Khamene'i er openbart å få fjerna USAs økonomiske boikott. Obama, som er for dialog, kan fjerne litt av den, men dei viktigaste tiltaka er styrt av Kongressen, og der er det sterk motstand mot all "svakheit" overfor "fienden" Iran. Og bakom synger naturligvis Netanyahu og Israel, som fryktar eit slikt tøvær mellom USA og Iran over alt, og vil gjere alt dei kan for å sabotere det (om dei ikkje klarer sitt fremste mål, eit amerikansk angrep på Iran). Og i Kongressen kan dei gjere ganske mye. 

Så mye har gått gale, lyspunkta er få og kan slukne bort. Vi får vel likevel skrive det opp på kontoen "ting tar tid". Mye av problema kjem av at dei store endringane som starta i 2011 fortsatt gir effekt, det tar kort tid å revolusjonært rive ned "det gamle styret", men det kan ta mange år å bygge opp det nye, og mens ein ryddar er det meir rotete enn nokosinne. Håpet må derfor vere på lengre sikt.