fredag 23. august 2013

Syria: Kva?

Det er ikkje uvanlig, i desse tider, at både observatørar og aktørar blir tatt på senga av plutselige omskifte i det som skjer i Midtausten. Men sjeldan har den universelle overraskinga vore så påtagelig som etter onsdagens hending i Syria. Vi får kalle det for eit kollektivt "What the ...?" med spørreteikn over i stort sett alle aviser og observatørar verda over.

Logikken
Det som har skapt denne allmenne forvirringa er ikkje at Assad-regimet skal ha brukt brutal undertrykking mot motstandarar og andre innbyggarar. Heller ikkje at dei kan ha nytta kjemiske våpen, for vi har rimelig truverdige bevis frå tidligare på at slike våpentypar kan ha blitt brukt. Det er omstenda, tidspunktet og staden som virker fullstendig ulogisk.

For: Regimet er altså skulda for å ha brukt kjemiske våpen i mindre sammentreff i vår, samtidig som dei sjøl hevdar at det er opprørarane som har brukt dei. Fleire journalistar, mellom dei frå Le Monde og også britiske, fekk tak i prøver som viser seg å innehalde små element av den dødelige sarin-gassen. Det er komme fleire slike påstandar, men i alle fall er det berre snakk om noen få drepte, og det er mulig det ikkje er rein sarin, men ei eksperimentell blanding av slike gassar med meir ufarlig tåregass.

Ut frå dette lar derfor Syria seg presse til å godta noen FN-observatørar, som har eit så smalt og svakt mandat at dei berre skal sjå det regimet vil vise dei - dei ville altså mest trulig rapportere at dei ikkje har sett noen ting, og at ingenting er bevist. Mistanken vil forbli, men den diplomatiske faren avverga.

Så skulle da regimet, samme dag som observatørane er komme for "bekrefte at ingen gass er brukt", ha satt inn eit massivt gass-angrep med hundrer drepte. Og ikkje langt avstad i ein fjern fjelldal, nei i Damaskus, noen få kilometer frå der observatørane bur. I eit omfang der observatørane faktisk ville kunne finne bevis på bruk av gass, og naturligvis vil forlange å dra dit. Så må regimet nekte dei det, og alle vil ta det som bevis på at det var regimets gass. Går det an å gjere meir skade på seg sjøl, utan direkte å gassangripe det hotellet FN-folka bur i?

Er regimet så desperat at dei ikkje bryr seg, men slår vilt i alle kantar? Men regimet er slett ikkje desperat, tvert imot har det vunne klare (om enn små) seire, og føler seg klart i støtet. Om det er noen som har problem, så er det opprørarane som ikkje berre har mista noen områder, men også har meir og meir komme i indre klammeri, ikkje berre er islamistar og sekulære, og islamister seg i mellom vore i kampar med kvarandre, men nå sist har det vore relativt alvorlige konfliktar mellom kurdarar og islamistar. Alt dette er strålande nytt for regimet. Og så saboterer dei det heile ved å nær sagt invitere USA og vesten til å blande seg inn, ved sin gass-bruk. Akkurat nå på det verst tenkelige tidspunktet.

Bevisa
Slik vil rein logikk tilsi at dette må vere ubekrefta påstand, falskneri, eller oppspinn frå opprørane som jo nettopp "treng" eit slikt bevis på det dei lenge har påstatt. Umiddelbar skepsis. Men så var det berre det med bevisa. Rett nok har ingen journalistar eller andre vore på staden og rapportert uhilda, alle videoar og vitnesbyrd kjem frå opprørssida. Men det er så mange av dei, og dei virker både talande og overbevisande. Det er ikkje som før berre ein enkelt påstand eller eit uklart foto, men over hundre uavhengige videoar som gir eit samstemt bilde, og ei svært stor samling vitnesbyrd frå augevitne (om enn altså formidla av opprørsvennlige kjelder).

Ikkje alle desse viser like klart bruken av gass; men det er klart at det onsdag var eit stort rakettangrep mot Ghouta, området aust for Damaskus sentrum som opprørarane har halde lenge, regimet har også vedgått at det var eit rakettangrep. Fagfolk som har analysert videoane seier også at indikasjonane frå mange av dei fotograferte offera viser klart at dei er døde av gass, ting som blåfarge, fråde, osv. og at dei ikkje ser ut til å ha annan (skudd-)skade. Derimot er det fleire som meiner at dette ikkje har vore sarin eller VX, dei to gasstypane Syria er mest kjent for å ha, fordi denne gassen spreier seg også etter at offera er døde, slik at også hjelparane og sjukepleiarar ville vist symptom, noe som tydelig ikkje er tilfelle. Det kan altså vere ein annan gass, noe nyutvikla. Noen nemner også teoretisk at det kan ha vore tåregass som kan vere dødelig dersom det blir t.d. skutt inn i eit avstengt bomberom eller liknande fullt med folk (jf. dei tretti som vart drept av tåregass i ein fangebil i Egypt nylig). Men omfanget seier mest trulig ein annan type rakett-spreidd gass, like dødelig som sarin.

Korleis kan vi kople dette? Når bevisa så overbevisande seier ja, så bør vi godta det (heilt til det motsatte evt. er bevist), sjøl om logikken seier nei ("humla flyg, sjøl om det er logisk umulig"). Så, ut frå det, kva kan logikken vere?

Eit typisk konspiratorisk svar er at det er opprørarane sjøl som regissert dette: Falske døde, falske kulissar. Ingen uavhengige har vore der. Litt som at Neil Armstrong aldri var på Månen. Men her er det ikkje berre éin regi, det er altså hundre videoar, og hundrevis av menneske på dei, heilt tydelig ramma av eit rakettangrep. Lite trulig med noe falskneri.
        Neste, vanlig teori: Det var opprørarane som sjøl skaut rakettane. Men, reint bortsett frå at dei dermed skulle ha drept hundre, kanskje hundrevis av sine eigne - ubegrensa kynisme - så er det ingenting som tyder på at opprørane har kjemiske våpen i eit slikt omfang. Hadde dei hatt det, ville dei vel ha brukt dei mot regimets soldatar, spesielt der dei nå blir drive på defensiven.
       Noen aviser spekulerer på om dette er videoar frå eit tidligare regime-angrep, så altså at regimet står bak, men ikkje akkurat nå. Men også det virker svært pussig, at dersom opprørane sat på tydelige bevis for eit stort kjemisk angrep, så skulle dei legge dette på is og halde det skjult heilt til nå, berre for å kople det til "feil" angrep. Det høres både urimelig og like ulogisk ut. Dessutan ville det uansett vere bevis for at regimet brukar kjemiske våpen.

Det mest tilrådelige er å vente med å prøve å løyse denne logiske knuten. Kanskje får vi vite meir. Men om vi skulle tippe og spekulere heilt fritt, kunne det kanskje gå noe i retning med uklare kommandoliner eller indre usemje mellom ulike nivå eller tilmed ulike retningar innan regimet. Dei som har ansvaret for angrepet har enten ikkje hatt oversikt over "regimets logikk" eller ikkje brydd seg, eller - og nå går vi også litt for langt i frie spekulasjonar - kan ha prøvd å provosere fram ei bestemt, meir aggessiv line i kampen der alle våpen ein har skal vere tillatt. Men slike ting veit vi ingen ting om, så det får vi berre skrive oss bak øret til eller om vi får vite meir kva som kan ligge bak.

1 kommentar:

Torgeir Salih Holgersen sa...

Motiv er en viktig del av beviskjeden i ordinære straffesaker. Slik må det også være i forhold til internasjonale forbrytelser, slike som gassangrepene i Syria. Og, som du påpeker, regimet mangler komplett og fullstendig motiv. De som har motiv, er for det første opprørsgrupper som ønsker vestlig intervensjon og for det andre vestlige stater som lenge har ønska å intervenere.

Spørsmålet er så om opprørerne på har hatt kapasitet til å gjennomføre et slikt angrep. I følge Carla del Ponte, peker det meste mot at opprørerne sto bak gassangrep i mars, på tross av at krigsmaktene også da hadde "beviser" for at regimet sto bak.

For det andre finns det en tredje teori som du ikke nevner; utenlandsk etterretning. Det kunne i så fall både handle om en aksjon ved hjelp av agenter som har infiltrert de syriske regjeringsstyrkene, eller, mer sannsynlig slik det ser ut, et bidrag til å gi opprørstyrkene de kapasitetene som er nødvendige for å gjennomføre en slik storstilt falsk flagg-operasjon. Er det så usannsynlig at noen vestlige etterretningstjenester ville være villige til å ofre et hundretalls sivile syrerere for å få iscenesatt et bilde som kan legitimere intervensjon? Jeg tror desverre ikke det.