torsdag 15. august 2013

Egypt: mot grøfta eller tilbake på vegen?

Så kom da den venta stormen. Tapstala aukar, og nyheitene framover vil vise om protestane veks utover landet eller om det nye styret vinn fram med å halde dei nede. Opp i dette, vil det bli stilt mange spørsmål rundt to aksar: Korleis kom vi hit, og kva kan skje framover?

Revolusjon i ny fase eller kontra-revolusjon?
Det er to store "fortellingar" om det som skjer. Det eine er at vi har nå fått tilbake Mubarak-regimet med eit nytt ansikt, dei militære har tatt tilbake makta dei har hatt siden 1952. Avgjerda om å slå til var tatt av dei militære åleine og den mest tydelige sivile leiaren, visepresident ElBaradei, gjekk altså av i protest. Retorikken mot Brorskapet som "terroristar" liknar på den under Mubarak og peiker fram mot eit forsøk på å forby eller undertrykke rørsla, som under det gamle styret. Dei forhatte unntakslovene er tilbake, og mange av fullmaktene som Mubarak-styret brukte til å halde opposisjon nede. Ennå klarare er utnemninga av nye guvernørar i Egypts mange provinsar i forgårs. Alle islamistane vart naturligvis fjerna, men i staden kom det berre militære, mange generalar, og fleire som hadde hatt liknande postar under Mubarak. Dei sivile som overgangsstyret skulle fremme, fekk ingen plass.

Den andre fortellinga er at dette korkje er kupp eller kontrarevolusjon, men tvert om ei sikring av revolusjonen frå 2011. Brorskapet hadde kuppa revolusjonen og kjørt den i grøfta, Mursi var blitt ein diktator kanskje verre enn Mubarak - det var fleire rettssakar for "fornærming av presidenten" i Mursis eine år enn i heile Mubarak-perioden. Brorskapet var i ferd med å ta over staten. Mubarak-Mursi samme sak; ein folkelig protest med millionar i gatene hadde tvunge Mubarak ut, ein like stor folkelig protest med millionar i ryggen hadde fått Mursi ut. Dei militære hadde i begge tilfelle berre utført folkets krav. Nå kan revolusjonen fortsette slik den var i gang i 2011.


Brorskaps-styret: vanstyre eller diktatur?
Kven av desse har rett? Dels vil det vise seg ut frå kva dei militære nå gjer på sikt framover. Men det er også eit spørsmål om korleis ein vurderer Mursis år ved makta. Det er brei semje om at det var mislykka, og "vanstyre" vil dei fleste utanom Brorskapet sjøl kalle det for. Men kor langt kan ein trekke det? Det vil sikkert både historikarar og statsvitarar skrive mange bøker om framover, men vi kan prøve å trekke fram noen moment til ei meir kjølig vurdering.

Økonomi
Det viktigaste ankepunktet mellom folk flest var økonomisk krise og nedgang. På dette feltet kan ein nok si at alle regjeringar ville ha skuffa: Folks forventningar var urealistiske, sidan mange meinte det var Mubarak-klikkens personlige korrupsjon som var problemet. Men Egypts økonomiske problem gjekk openbart mye djupare og ville kreve langvarige reformar og ei sakte gjenoppbygging over mange år.
       Når det er sagt, så meiner vel likevel dei fleste observatørar at Mursi ikkje gjorde mye for å ta tak i problema. Det einaste konkrete resultatet var ei opprydding hos bakarane for å heve kornkvaliteten hos egyptaranes livsviktige og subsidierte aysh-brød. Men elles svikta dei, mange meiner dei hadde interessa vendt i andre retningar. Om det er rett er det klart alvorlig, sidan dette openbart var Egypts mest akutte problem og ein hovudårsak til revolusjonen.

Den "djupe staten" og rettsvesenet
Mursi-tilhengarar meiner derimot at problemet var sabotasje frå gamle Mubarak-folk, som skal ha halde tilbake livsviktige varer enten for å skape problem for Mursi eller for å tvinge prisane opp (noe det ofte var mistanke om i Mubarak-tida). Berre sjå: før kuppet var det umulig å få kjøpt bensin, noe som var med å utløyse protestbølga - dagen etter så rann plutselig alle bensinpumpar over.
      Ikkje alle kjøper denne konspirasjonstanken, men det er klart at Brorskapsstyret hadde problem med å få gjennomført sin politikk, sidan ikkje minst statsapparatet som skulle tene dei var fylt med folk frå det gamle styret som såg islamistane som fiendar og i beste fall ville gjere alt "som i gamle dagar", og ofte prøvde å legge kjelker i vegen for dei. Det er dette Brorskapet kalte den "djupe staten". At den finnes er nok rett, kor viktig ein slik motvilje faktisk var er noe som ein må studere konkret for å svare godt på.

Konflikten mellom statsapparatet og det nye styret var openbar i rettsvesenet. Mest øydeleggande for Egypt var det at politiet forsvann frå gatene, lovløyse og sosialt kaos begynte å spre seg i landet. Kairo var alltid ein trygg by for ein metropol som husar mange millionar fattige. I det siste året har byen blitt ganske utrygg, og mye av grunnen ligg nok i at politiet nær sagt gjekk i hi. Igjen, straks etter kuppet var dei vanlige kvit- og svartkledde politifolka i gatene som om ingenting hadde skjedd. "Sabotasje!" roper Mursi-tilhengarane. Tja, det er klart at politiet har større sympati med det nåverande styret enn det avsatte. Men det var ikkje då Mursi kom til makta at dei gjorde seg usynlige, det skjedde alt straks etter revolusjonen året før, da det ikkje var noen å sabotere. Grunnen var nok like mye at politiet da hadde skjemt seg så mye ut som brutale bøller at dei rett og slett ikkje turde eller ville fylle sine vanlige oppgåver i den politisk usikre situasjonen som rådde.

Grunnlovsdomstolen, om dei ikkje akkurat ville "beskytte Mubarak-styret" som Mursi-folka hevda, tok ei tydelig politisk rolle i å ville begrense Mursis makt. Ikkje minst nekta dei konsekvent å godkjenne nye vallover som kunne få den politiske utviklinga tilbake på sporet gjennom eit ordinært parlamentsval - enten det nå var i frykt for at Brorskapet også skulle vinne desse vala (lite trulig så upoplære dei etterkvart vart) eller av andre grunnar. Rettsvesenet framstilte seg som heva over politikken, men var i realiteten ein viktig politisk aktør.

Politisk samarbeidsevne
Slik hadde altså Mursi ein "sticky wicket", reelle problem. Men hans forsøk på å løyse dei viste seg å vere skjebnesvangre og gjorde problema langt verre. Det viktigaste gjekk på forholdet mellom Brorskapet og dei andre politiske kreftene i landet.

Det starta bra: Ein samla front på Tahrir, dei "liberale" (la oss bruke det namnet på dei som ikkje reknas til islamismen) støtta kravet om at Brorskapet måtte bli tillatt, og Brorskapet lovde å ikkje bruke sitt "forsprang" (at dei hadde ein landsomfattande og sterk organisasjon, ulikt alle liberale) til å prøve å monopolisere makta: Dei ville ikkje stille i meir enn ein tredel eller halvdelen av kretsane til parlamentet, dei ville ikkje stille eigen presidentkandidat. Da låg det an til eit samarbeid mellom dei moderate islamistane i Brorskapet og  iallfall delar av dei liberale, slik som i Tunisia, mens institusjonane vart bygd opp.
       Men så begynte det å skjere seg. Først stilte Brorskapet opp i fleire valkretsar enn dei hadde lovd. Men verre var det at det ikkje vart noen balanse mellom Brorskapet og dei liberale, det var salafistane som raska til seg dei fleste andre setene, mens dei liberale berre klarte å vinne ein handfull. Det forrykka balansen og gjorde dei liberale meir skeptiske til å bli overkjørt av Brorskapet. Så til presidentvalet såg det brått ut som om salafisten Hazem Abu Ismail vart ein favoritt, ein "verre" islamist enn Brorskapet. Om det var grunnen til at Brorskapet stilte eller ei, så var frykta for å bli utflanka av salafistane trulig eit motiv for at dei kasta over bord løftene om å legge begrensingar på seg sjøl.

Dette var den store strategiske feilen Brorskapet gjorde: I staden for å sjå at ei stabil framtid berre kunne skapas i ein balanse mellom islamistar og ikkje-religiøse, såg dei meir og meir mot salafistane, og kom til å bygge på det som vart ein reint islamistisk allianse mellom seg og salafistane. Dette skauv dei liberale lenger unna, og også dei gjorde taktiske feil ved å avvise dei invittane til samarbeid som kom. Men Brorskapet, som valvinnar, må ta det tyngste ansvaret.

Det er ofte sagt, og sikkert med rette, at mye her kom av Brorskapets indre struktur og historie. Som undergrunnsrørsle hadde leiarane vore nesten manisk besatt på indre disiplin, hierarki og å beskytte rørsla, og dei endra seg ikkje da dei kom ut i det opne rom. Dermed vart dei sjølopptatte, og med makt betydde det at dei var overlag sjølgode. Dei liberale tok til å angripe Mursi for berre å styre for Brorskapet og ikkje Egypt, berre sette inn sine folk og aldri andre, og å prøve å infiltrere staten og gjere Egypt til eit "brorskapsland". Igjen må empiriske studiar vise kor mye hald det er i dette; to valsigrar gav openbart Brorskapet mandat til å fremme sin politikk, og motstanden i staten kan også ha gitt reelle problem som rivalane ikkje vil vedgå. Men Brorskapet erkjente openbart ikkje at Egypt var i ein oppbyggings- og overgangsfase, og at det var sentralt å trekke alle politiske krefter med, også dei i mindretall. Alliansen med salafistane, som gav dei eit stort styringsfleirtal, men også trakk dei politisk bort frå sentrum i moralske og religiøse spørsmål, vart skjebnesvangert.

Vi veit ikkje nok til å kalle Mursi for diktator, det som er kjent offentlig gir ikkje grunnlag for ein så sterk karakteristikk (og dermed rettferdiggjere kuppet). Det store "beviset", at Mursi i november 2012 erklærte at hans vedtak ikkje kunne omstøtas av Grunnlovsdomstolen, var berre satt til å gjelde i to veker fram til folkerøystinga om grunnlova og den trådte i kraft, og tydelig gjort i frykt av at domstolen skulle underkjenne folkerøystinga og slik stanse grunnlova. Det gjorde han ikkje til diktator. Men det var ein enorm taktisk blunder som han lir under fortsatt i dag, det skapte inntrykket av "den eineveldige Mursi".
      Sjølve grunnlovsprosessen var også mangelfull, ei grunnlov må ha breiare basis enn vanlige lover, og folkerøystinga var nærast ein parodi, utkastet vart kjent berre to veker før røystinga og dei fleste hadde ikkje sjanse til å lese, langt mindre diskutere, det dei røysta over. I staden vart det, mest frå salafistar men også Brorskapet, argumentert om dette var "for eller mot Islam" eller shari'a, noe som hadde lite med realitetane å gjere. Grunnlova kan slik knapt seias å ha legitimitet.

Islamisering og minoritetane
Også i mange praktisk-politiske tiltak var Brorskapet alt for villig til å fremme sin eigen agenda på ein måte som skapte frykt. Noe var meir symbolsk og kanskje uviktig, som å lovfeste at butikkar måtte stenge kl 22 - ikkje så dramatisk, men grunngivinga at "folk måtte vere oppvakte til morgonbønna ved soloppgang" fekk egyptarane mest til å le. Det var nok ikkje noen gjennomgåande "islamisering", men for dei liberale peikte dette i feil retning.

Meir dramatisk var kanskje forholdet til dei religiøse minoritetane. I sine program og teori, stod Brorskapet på eit skille mellom nasjonale rettar og religion, og å forsvare den kristne minoriteten, mens salafistane hyste mye meir anti-kristne haldningar. Særlig i dei siste månadane fall også mange i Brorskapet ned i den retninga, og etter kuppet blir den kristne minoriteten, heilt utan skuld, tatt for å vere støttespillarar for kuppmakarne og har fått gjennomgå både retorisk frå Brorskapets leiarar og talsmenn, og ved angrep på kyrkjer. Den samme stigande intoleransen rettar seg mot islamske minoritetar, spesielt shiaene (som er ein dråpe i havet i Egypt, noen få tusen). Også her er det salafistane som set retninga, men Brorskapet har følgt på, og det har også meir ordinære sunniske autoritetar som al-Azhar. Sammen med ein stigande tendens til å identifsere seg sjøl med "islam" og politiske motstandarar i innland og utland som "vantru", har Brorskapet heilt tydelig bevega seg i illiberal retning og mot å ligne meir og meir på skremmebildet av seg sjøl.

Vegen framover
Korleis det går framover, får vi komme tilbake til etter kvart som utviklinga skjer. Men om vi kort kan stille opp noen mulige politiske konstellasjonar, kan det tenke oss noen slike scenarier:

Nytt militærstyre. Hærsjef Sisi etablerer seg som Egypts reelle herskar: Brorskapet blir slått ned, unntakstilstanden blir forlenga, og Sisi stiller som president og blir valgt som ein ny "sterk mann". Dei sivile liberale får valget mellom å delta i hans team eller å bli irrelevante. Dei liberale deler seg. Dette ser ut som den mest trulige framtida akkurat nå. Men dess meir Sisi begynner å ligne på ein "ny Mubarak", dess meir kan ein liknande motstand reise seg mot han, om han ikkje klarer løyse Egypts mange problem.

Demokratisk utvikling utan Brorskapet. Brorskapet blir slått ned og forbudt som "terroristar", men Sisi held seg i bakgrunnen. Ein sivil president og regjering blir utnemnt. Ønskesituasjonen for dei liberale, men trua på at "egyptarane seier nå nei til ein religiøs politikk" kan få ein kalddusj dersom islamske parti, salafistar eller "liberal-islamistar" igjen får stor velgaroppslutning, noe som er realistisk. Og eit val utan den fortsatt største politiske rørsla i landet kan mangle legitimitet.

Demokratisk utvikling med Brorskapet. Når freden har senka seg, kanskje om noen år, blir Brorskapet, svekka av utviklinga nå framover, tillatt å stille opp (og seier seg villig til det). Dermed er alle politiske krefter på plass - men vil vi da vere tilbake der vi var i 2012, slik at islamistar av ulik avskygging igjen er det som får folkelig fleirtal? Vil salafistane ha styrka seg mens Brorskapet ligg nede? Vil dei da ha blitt radikalisert, eller moderert?

Alle desse scenariene forutsetter at den nåverande uroa kan overvinnas, og ein eller annan form for politisk prosess kjem i gang igjen. Dit kan det bli eit godt stykke, og utviklinga av konflikten vil heilt sikkert påvirke kva slags muligheiter ein vil ha etterpå, så historia kan endre kurs før vi kjem dit.

Ingen kommentarer: