lørdag 23. februar 2013

Midtausten: Historie og islam

I eit initiativ om fokus på "venstre-ekstremisme" har norsk islam-forsking litt uventa blitt dratt inn dei siste par vekene. Det er først og fremst Bjørn Olav Utvik, Oddbjørn Leirvik, Lars Gule og meg sjøl som er blitt fokusert. Det er religionshistorikaren Alexandra Irene Larsen som i kronikk i Klassekampen og innlegg på den konservative bloggen Minerva utdjupar det ho dels meiner er romantisering av islamisme, dels er "grove feil" og mytespreiing om islamsk historie hos Utvik og meg.

Den konkrete kritikken virkar litt usammenhengande, og bygger visst på ein lesefeil frå mi Ei verd bygd på islam, som eg kort svarar i Klassekampen i dag (23.2). Ho gjer sjøl meir "grove feil", iallfall ut frå det ein må forvente av ein religionsforskar, når ho i omtalen av sharia blandar sammen den religiøse teksta og sosiale eller kulturelle praksisar som er i strid med tekstas ordlyd, men la det ligge, dei som vil kan følge opp dei punkta i relevant faglitteratur. 

Det kan vere meir interessant å ta utgangspunkt i eit par problemstillingar som gjerne dukkar opp når noen vil kritisere den forskinga og formidlinga vi gjer. Det eine gjeld synet på middelalderen, det andre på islamismen; begge blir beskyldt for å vere romantiserande og unnskyldande overfor islam og arabarane.

I noen grad er jo dette relative begrep. Dersom ein ønskar å fremstille islam som forferdelig, vil ei framstilling som peiker på gode og dårlige sider virke unnskyldande. Dersom ein ønskar å framstille islam som eit paradisisk ideal - og slike fins jo!, vil den samme framstillinga virke fiendtlig og hatsk. Men målet vårt er jo heller ikkje å "bli angripe like mye frå begge kantar", vi må prøve å forstå den tida vi studerer på sine eigne premiss. 

Middelalderen
Når det gjeld "kulturelt nivå", i betydning tenking, vitskap, utdanning og så vidare, så treng vi vel ikkje argumentere for at den arabiske verda på sitt mest blomstrande, la oss si frå abbaside-tidas høgpunkt på 900-talet og fram iallfall til 1100-talet, stod langt høgare enn Europa, enten vi nå godtar det tradisjonelle begrepet "the dark ages" eller ikkje. Dei muslimske intellektuelle, som ikkje berre var arabarar, men kom frå både gresk, persisk og annan bakgrunn, absorberte impulsar frå dei mange sivilisasjonane dei kom i kontakt med, gresk (bysantinsk), persisk og indisk. Dei samla og utvikla dette vidare, og ein illustrasjon på kva rolle dette fekk i Europa, kan ein sjå i ordboka ved å slå opp på ord som begynner med "al": albatross,  algebra, algoritme, alkalisk, alkohol, men også alkymi (frå al-kimia, kjemi). Når vi vil sitte behagelig, slår vi oss ned på ein sofa, ein divan eller kanskje ein madrass (eller tilmed ein ottoman), alle lånord frå arabisk. Alt dette er historisk standardkunnskap, om denne framstillinga skulle vere ein myte, stammar den iallfall ikkje frå Edward Said. 

Det som derimot er eit reellt historisk problem, er når vi kan si at den europeiske intellektuelle utviklinga hadde nådd eit slikt nivå at den kunne rivalisere det arabisk/muslimske. At dette hadde skjedd i og med Gutenberg og Kopernikus er openbart, men kor lenge før? Det er eit interessant globalhistorisk problem: Korleis måler ein det, kva måler ein etter? Kanskje når europearane begynner å gjere eigne vitskaplige framskritt, mens dei blir færre i den islamske verda. Eg er ikkje spesialist på vitskapshistorie og skal ikkje skifte vær og vind, men eit døme kan komme frå historia til papiret. Opphavlig ei kinesisk oppdaging, kom det til arabarverda trulig sist på 700-talet og la grunnen for ein ekspolosjonsaktig litterær produksjon. Kanskje på 1200-talet begynte europearar å importere arabisk papir og ta det i bruk, men produksjonsteknikken tok dei kjapt til seg og begynte å produsere eige papir, raskt med bedre teknikk enn den arabiske. Alt på 1300-talet gjekk handelen motsatt veg, arabarane brukte da mest impotert italiensk-produsert papir. Så 1200- og 1300-talet kan vere ein viktig periode, og vi begynner å sjå framover mot renessansen. Men siste ord er neppe sagt her, og det er jo først og fremst i den europeiske historia og ikkje den arabiske vi finn svaret.

Eit siste poeng på det middelalderske: Når det gjeld "moralsk vurdering" ville det ganske rett vere romantiserande å sjå på den arabiske middelalderen som noe anna enn middelalder. Naturligvis var det ikkje noe Atlantis med turbankledde forskarar i kvite laboratoriefrakkar som dyrka fram penicillin i petri-glas. Atronomi var ein utvikla vitskap, men astrologi var like mye verdsatt. Medisinsk kunnskap var formidla frå det greske, galeniske, grunnlaget (og her tok det nok fleire hundreår før europearane tok dei att), men det fantes også ein "alternativ medisin", tibb nabawi, "profetisk medisin", som fokuserte på dei praksisane som er nemnt i Koranen og sunnaen. Dei to levde side om side, gjennom middelalderen. 

Midtausten (og særlig Andalus, av ein eller annan grunn) blir ofte kalla eit tolerant samfunn, noe som naturlig nok er spesielt omstridt. Men her kjem det også an på perspektivet. Det var openbart ikkje tolerant i moderne perspektiv; det var eit religionsdelt og sterkt klassedelt samfunn, der kvar hadde sin plass, og minoritetane (såvel som bønder og fattige) kunne ikkje skride over desse klare grensene utan å bli straffa. Individtanken var heilt fremmend, alle rettar og sosial praksis var gruppebasert. Når ein likevel seier at det kan kallas meir tolerant enn den kristne middelalderen, er det fordi islam anerkjente prinsippet om meir enn ein godkjent, tolerert, religion: tre (i praksis fleire) andre religionar var "feil, men dei er ein del av Guds system". Kristenheita tolererte iallfall tidvis også ei anna religionsgruppe, jødane, men kristendommen hadde ikkje noe begrep om "tolerert religiøs minoritet". Islam var også, trass i tidvise opprør og konfliktar mellom ulike retningar (og shi'aenes martyr-ide), lite prega av interne "religionskrigar" som i kristendommen, i hajj praktiserte dei rituala side om side. I ein slik, meir relativ og begrensa forstand, kan ein snakke om islam som meir tolerant, men naturligvis ikkje som eit ideal der alle grupper lever i idyllisk samforstand utan å tenke på kva religion naboen tilhører. Så lenge alle kjente og aksepterte sin plass, gjekk det likevel rimelig greitt. 

Islamismen
Når det gjeld islamismen, så vil dei som følger denne bloggen ha lest mye om det dei siste to åra. Mitt perspektiv har vore å sjå på islamistpartia som politiske parti på line med alle andre, med maktpolitiske ambisjonar og som aktørar i eit politisk system som er blitt kasta om utan å få ei stabil form, og der alle prøver seg fram for å sjå korleis dette kjem til fungere. Alle partia spiller eit spill, men alle har også eit ideologisk grunnlag, eit mål, og søker stemmer på desse måla. Og måla for islamistane er jo å gi islam større betydning i samfunnet, å islamisere praksisar som i dag er sekulære. Kor langt dei vil gå, varierer, og i kva grad dei lykkas vil avhenge av styrkeforhold og ytre rammer. Men det er opplagt at mye i denne islamiseringa vil føre landa sosialt og kulturelt i "feil retning", sett frå dei liberale verdiane vi ser som naturlige. Slik sett er ikkje islamistpartia noen allierte med vestlige venstreorienterte parti. På den andre sida må vi erkjenne at dersom vi skal ha demokrati i desse landa, og det ønsker vi, så må vi "ta til etterretning" dei kreftene som har betydelig oppslutning i velgermassen. Og - og dette er det normative - ønsket om demokrati må vege tyngre enn innhaldsverdiane, vi kan ikkje støtte militærkupp eller diktatur for å halde islamistane borte. Spiller dei med i det demokratiske systemet, må dei få nyte fruktene av det, sjøl om både vi og våre meiningsfeller i Midtausten synes dette er vel sure frukter. 

Her ser det ut til at det kan vere ei usemje med dei som er i "ekstremisme-prosjektet". I dagens Verdibørs (ingen tekstreferanse, men hør podcast på nrk.no), kritiserte Øystein Sørensen dei iranske liberale og kommunistane som støtta revolusjonen mot shahen i 1979, dei vart lurt av Khomeini, sa han, og tilsvarande for andre som samarbeider med islamistar for demokratisk endring, islamistane vil snart kaste sauehammen og sette alle andre utanfor. All respekt for korte, kanskje redigerte, radioinnslag, ein kan ikkje få med alt, så det kan og bør ligge reservasjonar bak. Men slik det vart framført hadde det for meg eit snev av konspirasjonstenking. Ein legg her til grunn at islamistane (generelt) har ein fast natur, nær sagt ein essens, som vil nødvendigvis sette seg igjennom når dei når makta. Dei berre konspirerar før dei har komme så langt, lyg og lurar alle andre. 

Eg trur kanskje at historiemetodisk er det bedre å legge til grunn at revolusjonar er store, omstyrtande prosessar som også kontinuerlig endrar dei aktørane som står oppe i prosessen. Strategiar, standpunkt, målsettingar, blir forma i ein stadig skiftande kontekst, og ingen går uendra gjennom prosessen, "revolusjonen spiser sine barn" fordi dei går kvar til sitt. Vi bør derfor fokusere på aktørar (og deira posisjon i kvar kontekst) heller enn på essens. Kanskje spilte Khomeini eit spill da han samarbeidde med dei liberale tidlig i revolusjonen og så kasta dei ut, eller kanskje konteksten endra seg. I ein periode stod Khomieini til venstre med vekta på dei "undertrykte" mostazafin og angrep på dei rike kjøpmennene, seinare plasserte han seg til høgre med støtte til kjøpmennene. Kanskje var det eine eller det andre lureri, kanskje var det kontekst, kanskje skifta han rett og slett meining når han såg korleis det gjekk (for dei på venstresida: Lenins NEP-politikk: falskneri, opportunisme, eller tilpassing til endra omstende?). 

I eit slikt perspektiv har vi altså ikkje fasitsvaret om "korleis det kjem til å bli" i Egypt, Tunis, eller dei andre landa ennå. I dag ser vi maktpolitisk kamp, der det islamistiske regjeringspartiet i Tunis klamrar seg til taburettane, mens dei i Egypt blir anklaga for maktmisbruk. Uferdig og umodent, men ikkje ennå noe brudd på demokratiet, vi kunne godt tenke oss at eitkvart parti som stod i samme situasjon ville reagert på samme angstbiterske rolle uavhengig av ideologi. Samtidig ser vi tendenser til sosial og kulturell konservatisme, som klart er basert på partiets ideologi. Men vi veit ikkje korleis det vil gå med dei, om det er framstøytar som vil falle til jorda, eller om det er første tegn på noe som kan bli langt verre. 

Eg vil derfor, som historikar i nåtida, prøve unngå å skrive fasiten på forhånd, og ut frå det gi råd til korleis aktørane på bakken "bør" oppføre seg, men sjå så uhilda som mulig på konkrete faktiske utviklingar. Slik sett har nok økonomien (og IMFs krav) langt større sosial sprengkraft i dag enn den islamistiske kulturelle agendaen.