lørdag 26. mai 2012

Egypt: "Mareritt-resultatet"

Sjokk og skrekk. Første omgang av presidentvalet gav eit resultat ingen forestilte seg: til andre og avgjerande valomgang går det Muslimske Brorskapets kandidat, Muhammad Mursi, og Mubaraks siste statsminister, Ahmad Shafiq. Så seint som torsdag stilte the Guardian opp alle mulige resultat-kombinasjonar, og kalte denne for "the nightmare scenario", sidan det er resultatet som vil splitte Egypt maksimalt i to leirar.

Kva er det som er så spesielt med dette? Den eine kjem frå det største partiet i parlamentet, den andre er ein tidligare statsminister? Overraskinga kjem først og fremst fordi valkampen hadde tyda på noe anna. Som vi har nemnt tidligare, såg det lenge ut som opplest og vedtatt at to sentrums-orienterte kandidatar, den sekulære Amr Moussa og den liberale islamisten Abu 'l-Futuh som skulle gå vidare, og dei to var også dei einaste som fekk møtas i ein TV-debatt. Så, heilt i dei siste dagane viste fleire og fleire målingar at Shafiq, som hadde ligge på under 10 prosent, skaut fart, og det såg heilt opp til valdagen at det skulle bli to sekulære kandidatar som gjekk vidare; Moussa (fortsatt i klar leiing) og Shafiq. Det ville vore svært interessant med eit islamist-styrt parlament og ein garantert sekulær president.

Men til slutt fall altså Moussa heilt igjennom, trass i ein god valkamp; han er ikkje mellom dei fire fremste og kan lande godt ned på lista. Endelige tall kjem tysdag, men stats-media har gått ut med ei resultatliste som kanskje da kan bli omtrent svaret: Mursi såvidt foran Shafiq med litt over og under 25 prosent, tredjeplassen til den store overraskinga, nasseristen Hamdin Sabbahi som får 21 prosent, litt forbi Abu 'l-Futuh på 19.

Dei liberale utan kandidat
Kva betyr dette? For det første: Den liberale middelklassen - dei som støtta revolusjonen men ikkje Brorskapet - har ingen kandidat. Moussa, Sabbahi, Abu 'l-Futuh hadde alle vore akseptable for dei; men ikkje Shafiq - hærens og "Mubaraks" mann, og ikkje Mursi, som dei frykter vil gi Brorskapet all makt i Egypt. Dei vil sikkert også, og med noe rett, hevde at deira stemmer vart splitta mellom dei tre liberale kandidatane (det var også fleire i denne gruppa, som fekk mindre); hadde Sabbahis og Abu 'l-Futuhs tall lagt sammen, hadde dei vunne klart. Men det blir litt mye matematikk; Abu 'l-Futuh markerte seg klart både som liberalar og som islamist, og hadde støtte også frå sterkt konservative salafistiske parti (som ikkje ønska maktmonopol frå Brorskapet). Så også islamistanes stemmer var splitta; samtidig som det nok var denne støtten som fekk mange av hans liberale sympatisørar til å skifte over til Sabbahi og gav han dette siste pushet opp til tredje plass.

Mange av dei liberale og sentrumsvelgarane vil nok derfor heilt klart halde seg heime i neste omgang. Abu 'l-Futuh har nå oppmoda sine velgere om å støtte Mursi i andre omgang, og noen vil nok gjere det for å "berge revolusjonen trass alt", men Brorskapet har ikkje gjort seg særlig sympatisk for liberale velgere dei siste månadene, så om dei i dei i det heile tar turen vil sentrumsvelgarane halde seg for nasen uansett kva seddel dei legg i urna. Da bedre å avstå, vil mange av dei meine.

Kven er så desse to som kan bli president? Vi skreiv sist at dette såg ut til å bli eit personval, men det ser også ut til å ha blitt gjort til skamme, for det dei to vinnarane har felles er at dei begge er så lite karismatiske; ja reint ut dødsens kjedelige. Shafiq har ikkje gjort noe særlig av seg før i det siste, han blir oppfatta som "hærens mann", og hans mest tydelige utsagn er at "Revolusjonen er nå over", og at han ville sette inn væpna makt mot demonstrantar dersom prøvde å protestere mot valresultatet hans. Det kan tyde på at dei som stemte på han stemte for ro, stabilitet, og at hæren fortsatt skal ha autoriteten. Ikkje nødvendigvis tilbake til Mubarak, det er nok ikkje mulig, men tilbake til "det vanlige livet" slik det var før.

Kva vil det Muslimske Brorskapet?
Mursi og Brorskapet både støtta og stod bak revolusjonen, ingen tvil om det, og derfor vil mange revolusjonære likevel støtte han framfor Shafiq. Men, forutan at han var "reserve-kandidaten" da deira første val, den langt meir karismatiske al-Shatir, vart diskvalifisert har Brorskapet forspilt mye av den sympatien dei hadde på to måtar: For det første ved heile tida å endre meining i retning av å karre til seg meir makt: Dei sa først dei berre ville stille i ein tredel av valkretsane til parlamentsvalet, men gjorde det likevel i langt fleire og fekk altså den langt største gruppa, rundt 35 prosent av stemmene og 45 prosent av representantane. Dei prøvde så å nedsette ein kommisjon til å lage den nye grunnlova der dei sjølve ville bli heilt dominerande (men godtok utan vidare at konstitusjonsdomstolen underkjente dette forsøket; nå foregår det forhandlngar om kor stor del kvar gruppe skal få). Dei sa også først dei ikkje ville stille kandidat til presidentvalet, men så gjorde dei det likevel, og kan altså vinne og dermed styre både parlament og president. Vinglete er det mildaste ein kan si om denne lina.

Mursi har også vekt bekymring mellom dei liberale ved den valkampen han har ført. Etter at salafistanes kandidat også vart diskvalifisert, har han intenst prøvd å vinne deira stemmer, trass i at det store salafistpartia Nur og det mindre Gama'at al-Islamiya begge støtta Abu 'l-Futuh. Derfor har han komme med mange svært konservative utspill, om å styrke shariaens plass i samfunnet, la islam vere løysinga på alt og så vidare; mye tradisjonell Brorskaps-retorikk, men som dei har moderert i seinare år. Nå i andre omgang har han ingen til høgre for seg, så om dette berre var valtaktikk, så vil han sikkert nå snu om og legge seg inn mot sentrum igjen, for å prøve å hente inn moderate stemmer. Men mistanken vil vere vakt: Kva er det han og Brorskapet egentlig meiner?

Mursi er altså ikkje noe ubeskrive blad, han har studert til ingeniør i USA, han har sitte i parlamentet før og var leiar for Brorskapets uformelle gruppe der i fleire år; og han er organisasjonens leiar i dag. Han er altså ingen folketalar, og dei som stemte på han stemte nok mest på ideen, og på Brorskapet. Vi skreiv tidligare at meiningsmålinganes tall tyda på at "Brorskapet ikkje eig" dei stemmene som støtta dei i parlamentsvalet. Nå ser det altså ut som om dei får rundt 10 pst. mindre denne gongen enn i desember, men tilsynelatande ser dei faktisk ut til å ha god kontroll på iallfall ein firedel av stemmemassen, dersom vi legg til grunn at få stemte på Mursi ut frå hans retoriske talegaver. Det blir interessant å sjå fordelinga av stemmer på ulike landsdelar; det ser ut til at Mursi gjorde det mindre bra i dei største byane, og det kan også tyde på at det er apparatet utover landet som har klart å mobilisere.

Kven vinn i neste omgang og blir president? Ja, sidan gjetningane gjekk så skeis i første omgang, bør vi vel vere forsiktige med å spå. Dei to kandidatane står nesten heilt likt i stemmetal etter første omgang. Matematisk vil Mursi heilt klart få ein stor del av Abu 'l-Futuhs stemmer (19 pst. etter nåverande tall), og kanskje også andre revolusjonære som vil sperre vegen for at hæren skal komme tilbake. Men Shafiq vil trulig kunne ta mye, kanskje det meste av Amr Moussas stemmer, og frykta for eit Brorskapsmonopol er openbart sterk og kan mobilisere. Kan han derfor ta noen av den venstreorienterte nasseristen Sabbahis stemmer, eller vil dei likevel gå til Mursi? Svaret kan tippe balansen i ei eller anna retning, men kanskje like mye kjem an på kor mange  som vil halde seg heime.

Resultatet vil iallfall ha stor betydning for Egypts vidare framtid, og det vil uansett bli bråk. Med Shafiq som president, vil dei revolusjonære vakne til live att for å hindre den militære kontrarevolusjonen; med Mursi som president vil vi få eit spent forhold mellom dei to valte organa og dei militære makthavarane, mens alle andre parti vil vakte på Brorskapet som haukar og slå ned på alle forsøk på å utnytte den dominerande posisjonen dei da får. Grunnlova vil bli uhyre viktig i begge tilfeller - og dermed vil vi kanskje måtte vente mens kampen om kva fullmakter den nyvalde faktisk skal ha blir avgjort.

Ingen kommentarer: