torsdag 19. april 2012

Iran og Israel: kart eller side?

Det blåser friskt rundt Iran for tida, og ikkje minst på den retoriske sida om forholdet til Israel; med sterke ord frå begge kantar. Ein reportasje i New York Times i dag tar for seg noe som kanskje er ein detalj, men som for oss filologisk interesserte kan vere å merke seg: Kva er det eigentlig Irans president Ahmadinejad har sagt om Israels eksistens?

Han er oftast sitert på at han eller Iran vil "slette Israel frå kartet", både israelske, amerikanske og andre leiarar har refererert dette utsagnet, og han har ikkje dementert det direkte heller. Men heilt nøyaktig var det ikkje det han sa, altså ifølge NYT, og israelsk UD har vedgått at dette ikkje er korrekt sitert - men at det han faktisk sa ikkje er reellt annleis.

Det aktuelle utsagnet var eit sitat frå Aytollah Khomeini, som sa at "dette styret som okkuperer Jerusalem må bli eliminert frå historias tid". Ahmadinejad feilsiterte dette litt, og sa (i 2005) "må bli eliminert frå historias sider". Altså ikkje frå kartet, men frå historia.

Er det noen forskjell? Kanskje ikkje i iranske auger (eller i israelske): I anti-israelske demonstrasjonar i Iran er det eine blitt brukt som omsetting av det andre:

An image of a banner said to have been erected outside a center of Iran's Basij militia.

Det engelske altså at Israel må viskas frå "the face of the world", som ikkje er så langt frå "kartet" Israel siterer, mens det persiske bruker Ahmadinejads formulering: "Israel bør bli viska ut frå tidas side". Ordet for "tid", rûzgâr, kan bety "dagar", "epoke", men også "verda". Det kan altså vere "verdas sider", men mest trulig skal det persiske uttrykket referere til "ut av historia".

Kva er forskjellen? Det er opplagt at hensikten er at "Israel må opphøre å eksistere". Men "wiped from the map" høres langt tydeligare ut som ein trussel om tilintetgjering, altså f.eks. gjennom eit atomangrep. Nå veit vi - og også israelarane - at eit iransk atomangrep på Israel ville vere reint sjølmord, Israel har meir enn nok atombomber til å utradere alle større byar i Iran om dei skulle ønske det. Terrorbalansen her er ingen balanse, men israelsk overmakt. Men også på det retoriske planet kan kan referansen til "historia" lettare forståas på ein meir politisk og mindre suicidal måte: Israel må opphøre å vere Israel slik det er i dag, altså som ein sionistisk stat, systemet må erstattas med kva det nå er Iran ønsker skal komme i staden.
        Vel så viktig er kanskje verb-bruken: Det er ikkje aktiv: "vi skal gjere slik og slik", men passiv, det og det bâyed shûd, som etter min haltande persisk vel bør lesas "ought to be done". Altså eit ønskemål. Kanskje ein trussel, men sett sammen med "historias sider", ein mindre direkte trussel enn den måten det er blitt presentert på engelsk.

Vennlig er det nok ikkje meint, og som vi veit ein retorikk som Israels nære (arabiske) nabostatar har forlatt for tiår sidan. Det er langt herfrå til noen fredsvilje eller kompromiss. Men i denne finlesinga rykker kanskje den direkte påstanden om at "vi skal bombe dei frå kartet" eit stykke lenger bort.

mandag 2. april 2012

Egypt: Presidentkampen

Nå begynner det å tetne seg til foran presidentvalget i Egypt i mai-juni, men det er fortsatt opent for nominiasjon av nye kandidatar.

Dagens store nyheit er altså Det muslimske brorskapet nå endelig har bestemt seg for å lansere sin eigen kandidat. Det blir ingen skyggefigur, men ein av dei sterkaste politikarane i organisasjonen, nestleiaren Khayrat al-Shater (62 år). Han har dermed stor sjanse - men ikkje sikkerheit - for å bli Egypts neste leiar.

Liten repetisjon av hendingane så langt: I fjor, da overgangsløpet vart lagt, erklærte Brorskapet at dei ikkje ville stille eigen kandidat, men kanskje støtte ein "samlande" president. Da som nå var det ganske uklart kva slags rolle presidenten skulle få i det nye systemet i Egypt. Tradisjonelt har det jo vore ganske presidentstyrt, med Nasser, Sadat og nå Mubarak i stolen. Skulle ein ny, valgt, president fortsatt vere den dominerande Leiaren; altså med éin styrar i landet, eller skulle parlamentet nå bli den dominerande makta, der styret måtte bygge på koalisjonar og avtalar mellom mange ulike parti? Ingen visste, og ingen veit. Det er opp til grunnlovskommisjonen som først vil legge fram sitt framlegg til neste år. Kanskje dei berre gjer nødvendig flikking på dagens grunnlov, kanskje dei kjem opp med ei heilt ny. Presidenten vil da alt vere valgt og i funksjon.

I mellomtida lanserte ei rekke ulike kandidatar seg sjøl. Det påfallande var der at dei fleste mangla parti-basis og stilte som enkeltpersonar "over parti-kjeklet". Det gjaldt Amr Moussa, som har erfaring frå det gamle styret men stilte seg på demonstrantanes side, vestens yndling Mohamed ElBaradei (som trakk seg pga manglande oppslutning), og andre. Noen hadde eit mindre parti bak seg, som Ayman Nour i det vesle Ghad-partiet (han vart klarert for å kunne stille først for ei veke sidan). Andre hadde klare band til Mubarak-styret, slik som Umar Sulayman, visepresidenten som annonserte Mubaraks avgang i fjor. Andre er forretningsmenn, noen kjem frå ulike grupper av sekulære og sosialistiske parti. Tilsammen trur eg det er rundt seksti kandidatar, i det siste talet eg såg.

Men i mangelen av ein "offisiell" MB-kandidat, og spesielt etter islamistanes store oppslutning i parlamentsvala, knytta mest spenning seg til dei islamistiske kandidatane. Også her er det mange, men det er tre sentrale namn som stiller:
        Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh var leiaren for den liberale retninga i Brorskapet, den som ungdommen der knytta håp til. Han vart halden utanfor leiinga i organisasjonen, og da han lanserte seg som presidentkandidat på eiga hand, vart han ekskludert og frosse ut. Nå har Brorskapet tilmed vedtatt å ekskludere alle som støtter Abu'l-Futuhs kandidatur, noe som ikkje har hindra mange unge å gjere nettopp det. Han blir rekna som ein av dei fremste kandidatane i presidentvalet, ved sidan av Amr Moussa som er den fremste frå den reint sekulære sida.
        I staden gjekk rykta ei stund om at MB i staden ville støtte Salim al-Awwa, som også har ein liberal bakgrunn og er knytta til den sentrumsorienterte Wasat-partiet (som nå er solid i opposisjon til MB). Ikkje fordi han står Brorskapet nærmare enn Abu'l-Futuh, men fordi det var openbart viktig for dei å straffe disiplin-bruddet. Intern kustus ser ut til å vege meir enn politisk slektskap der i huset.
        Etter at salafistane fekk over 20 prosent i parlamentsvalet, er det også spenning om kvar deira stemmer vil gå. Fleire salafistar stiller til val, men nå ser dei ut til å ha samla seg om Hazem Abu Ismail. Han stiller på eit konservativt program om m.a. å bygge ned handelen med Vesten for dermed å sikre økonomisk framgang og velferd.

Det er jo vanskelig å ta meiningsmålingar, vi såg det før vala i fjor, der resultatet var uventa. Men ei måling som nylig er gjort, plasserer Amr Moussa på første plass med vel 30 prosent, mens Abu'l-Futuh får i overkant av 10 og al-Awwa under halvdelen av det. Men andreplassen går til salafisten Abu Ismail, rett nok berre rundt 20 prosent. Men om det vart resultatet av første omgang, så ville han og Moussa gå vidare til andre avgjerande valrunde, og det var ikkje utenkelig at han da ville samle mange av islamistanes stemmer rundt seg. I det minste ville det sette MB i ei klemme, dei ville korkje like å måtte støtte rivalane i salafist-rørsla eller Amr Moussa. Det var klart dei måtte bestemme seg for noen. Men kven? Abu'l-Futuh var uaktuell, fordi han skulle straffas. Awwa ville trulig ikkje ha noen sjans sjøl med MBs stemmer.

Det gjekk derfor mange rykter den siste månaden. MB skulle støtte ein kandidat som stod militærjuntaen nær, i samarbeid med dei (mange mistenker ein hemmelig avtale mellom dei militære og MB). Nei, dei ville støtte ein respektert apolitisk dommar. Nei, dei ville stille sjøl. Nei, dei ville ta den og den. Trulig var ikkje dette berre rykter, leiande MB-folk kom ut med motstridande utsagn, dei var klart i villreie og hadde indre usemje. Men til slutt, så har dei altså tatt valget: Dei plasserer ein av sine tyngste menn som kandidat, og har dermed både sagt at dei vil ha styringa, og ser trulig også for seg at presidentvervet fortsatt skal bli tungt og dominerande (noe det neppe hadde blitt med ein anonym teknokrat i stillinga).

Kven er så Khayrat Shater? Politisk er trulig ganske midt i sentrum av Brorskapet - rimelig nok, sidan han er ein av dei ideologiske leiarane der. Han er ein rik forretningsmann, god for millionar. Det er ikkje opplagt om det er ein god eller dårlig ting, stemmemessig: Han kan bli rekna som "the one percent", men det kan også gi oppslutning til ein "self-made man" (for å bruke to amerikanismar). Han har trulig i stor grad finansiert Brorskapet, så kanskje han kan gjere det med Egypt også? Noen tenker slik.
         Han blir rekna som relativt konservativ i sosial- og kulturpolitikk, men som MB solid basert i pragmatismen. New York Times skriv i dag at USA er godt nøgd med hans kandidatur, og at han har jamnlige møter med den amerikanske ambassadøren, på vegner av MB. Det er ein dei kan gjere "business" med, bokstavelig talt. Her er det nok først og fremst frykta for Abu Ismail og salafistane som ligg til grunn, for der ville det bli svært vanskelig. Salafistane ville ut og markere seg mot USA og Israel, for Shater og Brorskapet vil det trulig ikkje vere så viktig (sjøl om dei også vil nok måtte komme med noen utspill, for å "sikre seg" mot velgertap den vegen).

Blir han så valgt? Ingen ting er opplagt, det har vi sett. Brorskapet har ikkje reint fleirtal i velgermassen, det må vi hugse på, i parlamentsvala fekk dei berre rundt 35 prosent. Kor sterkt dei sekulære vil gjere det, avheng av om dei ulike partia kan samle seg rundt Moussa, trulig den einaste med noen sjanse der, eller vil markere særstandpunkt. Akkurat nå ser det ut som om det er det siste som gjeld. Salafistane vil nok samle seg rundt Abu Ismail, men nå som MB er komme på banen, kan dei, og dei liberale islamist-kandidatane (og også Moussa) miste stemmer til Shater, som nok vil vere iallfall ein av dei to førande etter første valomgang, og mest trulig i tet, men ikkje med reint fleirtal. Vi kan altså til andre valomgang både få Shater mot Abu Ismail, eller Shater mot Moussa. I begge tilfeller er det trulig at "den tredje kandidatens" stemmer går til Shater i andre valomgang, sekulære vil alt untatt salafistane, og salafistane vil halde seg for nasen og stemme MB heller enn å få Moussa inn. Så, akkurat nå ser det ut til å vere det beste tipset: to valomgangar, og Shater og MB vinn i andre.

Så får vi sjå kva konsekvensar det får, både for forholdet til dei militære, til makt"fordelinga" mellom institusjonar som alle er styrt av MB, til Israel og til USA. Faren for MB er jo at dersom ikkje dette går bra framover, vil dei ikkje ha noen andre å skulde på.