mandag 22. august 2011

Libya: Frå stillstand til kollaps

I skrivande stund (dvs. pr. måndag formiddag), har opprøret kontroll over det meste av Tripoli, men regimestyrkar kjemper fortsatt, både rundt Qadhafis hovudkvarter Bab al-Aziziya og andre bydelar. Det er også viktige delar av Libya som var Qadhafi-lojale, og som ikkje er erobra, slik som Sirte og andre i sør. Borgarkrigen er derfor ikkje ennå over, men utfallet er nå klart: Regimet har, eller på veg til å, falle, og vi må begynne å sjå framover mot eit nytt Libya.

I tillegg til opprøraranes jubel, har også NATO grunn til å vere nøgd. Dei satsa på ei arbeidsdeling for å få Qadhafi til å falle, der dei tok seg av luftkrigen, og dei libyiske opprørane gjorde jobben på bakken. Det såg ut til å gå heilt feil, ikkje fordi luftkrigen var mislykka - den ser ut til å gått etter planen - men fordi opprørane viste seg ute av stand til å følge opp på bakken. Men nå, relativt plutselig, så har det slått om. Ikkje berre klarte opprørsgruppene å slå gjennom, men dei har både gått framover med stor fart, og klart å halde det dei tok. Mange observatørar rekna med at kampen om Tripoli ville gå frå gatehjørne til gatehjørne med store tap, men i staden marsjerte - eller råkjørte - opprørane heilt inn til sentrum i går kveld og natt nesten utan å møte motstand. Berre i noen bydelar har det vore kampar, som rett nok ser ut til å vere relativt harde utover dagen i dag. Kva kom dette omskiftet av?

Det er kanskje litt tidlig å analysere, men eit svar må jo vere ein kollaps: På eit tidspunkt har regimestyrkane, det vere seg kommandantar eller enkeltsoldatar, innsett at nå var kampen avgjort, og nå var det på tide å komme seg ut av vegen. Det ser ut til å vere tilfellet når basen til den frykta Khamis-brigaden vart inntatt utan motstand i går. Kanskje kjempa noen av dei med geværløp i ryggen, og når vaktarane (offiserane?) forsvann, forsvann også soldatane.

Men det er klart at NATOs rolle har vore heilt avgjerande. Fleire tusen bombar har hatt alle mulige militære mål, og har i hovudsak truffe måla. Det må ha vore ødeleggande for regimestyrkane som ikkje hadde muligheit til å skaffe nye ressursar. Veke etter veke, månad etter månad, må det har slitt ned den militære kapasiteten til regimet, men altså fram til nå ikkje så mye at opprørane klarte å dra nytte av det.

Men nå altså. Også her har NATO spilt er rolle. New York Times melder i dag at England, Frankrike og "andre land" (Norge?) har aktivt støtta opprørane med våpen, og har også hatt instruktørar inne i Libya som har trent og organisert opprørsstyrkane. Så til slutt vart det "boots on the ground" likevel, sjøl om det var i det skjulte og begrensa til trening. Vi veit ikkje kvar dei var (aust eller vest), men det er i vest det store skiftet kom. Berberane oppe i fjella var i utgangspunktet svake, og heldt opprøret sitt først og fremst fordi Qadhafi var opptatt i aust, alle venta på når regimet skulle sette inn støtet og gjere slutt på det. Men så snudde det, i førre månad begynte dei å gjere raid ned mot låglandet, og i førre veke klarte dei altså å nå fram til kysten og avskjære Tripoli, mot godt væpna og trente regimesoldatar. Wall Street Journal meldte nylig om at meir profesjonelle libyiske militære i denne perioden samla, trente og organiserte opprørane til å ta ordre, kommunisere og kjempe systematisk. Dette er også tydelig i det siste framstøtet: Opprørarane hadde ein plan, og følgte den, i motsetning til før. Dei hadde kommunikasjonsutstyr, dei samarbeidde med NATO-fly og kunne dirigere deira bombemål slik at flya kunne rydde vegen frå Zawiya til Tripoli. Og dei hadde tunge våpen som endelig var på høgd med regimet sine. Noen erobra, noen kjøpt for oljepengar, men også donert av NATO. Det tyder på at tippe-punktet var tidligare i vår, da opprørane i Jabal Nafusa klarte å erobre ein grensepost, og dermed fekk kontakt med omverda slik at ressursar, soldatar og våpen kunne komme inn og førebu den offensiven vi når ser.

Kva nå?

Det er jo spørsmålet alle stiller seg. Opprørsrådet vil flytte fysisk til Tripoli nå, men klarer dei flytte seg mentalt til hovudstaden? Trass "hemmelige medlemmer" frå vest, har dette vore eit råd dominert av Benghazi-folk, og det har langt på veg vore handlingslamma av indre rivalisering og personkonfliktar, dei har t.d. ikkje klart å opprette ei ny interimregjering etter at den førre vart kasta for noen veker sidan. Nå må dei prøve å integrere dei nye kreftene frå vest, Nafusa, Misrata og Tripoli, ja kanskje la dei få dei leiande rollene i styret. Klarer dei det?

Mange advarer om stammekrig, islamistar mot sekulære og annan indre stridar, og det er reell fare for alt det, men kanskje på litt sikt. Det første problemet er kanskje rein handlingslammelse, at Overgangsrådet ikkje klarer å starte arbeidet med å bygge opp den nye staten, og dermed at alt går i stå (bortsett frå oljeutvinninga, som ser ut til å leve sitt eige liv, og gir dei både ein ressurs å bruke, men også ein premie å slåss om).

Men det får vi jo sjå i tida framover. Er Qadhafis fall ein god eller ein dårlig ting? Trass i våre advarslar om skjær i sjøen, og at vi kanskje ikkje liker at NATO har vore så mye innblanda, må vi likevel slå fast at det er grunn til å glede seg over at eit heilt klart undertrykkande og blodig regime er falt. Ikkje alt Qadhafi gjorde var galt (bruken av oljepengar var klart bedre enn sjeikane i Gulfen), men det meste var ganske vilt. Hans politiske idear om "massestat", hans undertrykking av opposisjon, tortur og drap, var ikkje bevaringsverdige. Så vi må kunne ta to tankar i hodet samtidig; glede oss over at regimet er falt, men også vere bekymra over kva som kan komme i staden, iallfall på kort sikt.

Ingen kommentarer: