lørdag 6. august 2011

Kunnskap, fakta og forvillingar

Da er det bekrefta. I følge eit intervju publisert i Sunnmørsposten i 2000, har "Fjordman", Peder Nøstvold Jensen, studert Midtaustens historie (delfag) og arabisk (mellomfag) i Bergen sist på 1990-tallet, med opphald i Kairo og Hebron (TIPH). Intervjuet viser ein heilt ordinær og interessert Midtausten-student med positive inntrykk frå gjestfrie egyptarar, og så langt eg har hørt så langt har ingen medstudentar merka seg noe negativt (sjøl har eg nok da forelest for han i historie, men har ikkje noe minne om det, tolv år etter).

Anten har han vore meir beskjeden med sine idear enn han vart seinare, eller så har han utvikla det som nærast framstår som tvangstankar etter (lenge etter, får vi håpe) han studerte hos oss i Bergen. Kanskje litt av begge, det vil kanskje komme fram seinare etter som spesialistane saumfarer bloggarens utvikling.

Men det reiser altså spørsmålet: Er kunnskap svaret på islam-hetsen? Det har jo vore vår påstand heile tida: Ein må møte fordommar og vrangforestillingar med kunnskap. Dess meir ein har av faktabakgrunn, dess vanskeligare blir det å bevare ei paranoid frykt. Men her har vi altså ein som faktisk har, ikkje berre allmennkunnskap, men som tilmed har følgt nær sagt det beste vi har av spesialist-undervisning på Midtausten. Rett nok berre på bachelor-nivå, der studenten ennå i stor grad mottar og skal fordøye informasjon, mens ein først på høgare nivå skal begynne å formulere denne i større sjølstendige arbeider. Men likevel, med fleire opphald i Midtausten. Vaksinen ser ikkje ut til å ha virka.

Vel, skal vi halde oss til den medisinske metaforen, så er det jo rett at vaksine ikkje alltid virkar: noen blir sjuke likevel; vaksinen berre reduserer faren for smitte. Kanskje, og det får vi håpe, er dette berre eit enkelttilfelle i forhold til dei mange som faktisk går ut av studiet med eit nokolunde normalt forhold til virkeligheita. Vi veit jo at noen er "resistente", dei har si faste forestilling om verda før dei kjem til oss, og ingenting vi seier kan rokke ved det, da er det berre vi lærarane som ikkje veit bedre, evt. nektar å innsjå den opplagte sanninga som dei kjenner.

Det reiser kanskje spørsmål om vi treng ta det normative i vår undervisning opp til meir debatt. Vi har jo ikkje lange tida til å introdusere store tema og lange tidsspenn, og vi (eller iallfall eg, for berre å snakke for meg sjøl) prøver i den vesle tida å fokusere på å formidle fakta (empiri), heller enn å snakke om normer - kva som er "rett" og "feil". I eit felt som islam og islamsk historie, som jo er heilt eller delvis ukjent for dei fleste studentar når dei begynner, må ein nesten plassere noen grunnsteinar av udiskutable fakta: Det århundret skjedde det, i islam har vi dei og dei retningane. Slike reine fakta må være "autoritære", ein kan ikkje drøfte om det er riktig eller feil at 1814 skjedde i 1814. I andre områder som er meir heimlige, kan ein gå ut frå at studentane har slik faktabasis (tja, seier kanskje dei som underviser i norsk historie, men det er nok ein forskjell), men på Midtausten går det meste av tida med til slike ting der vi berre må håpe studenten aksepterer pensums og vår framstilling.

Men sidan vi har så kort tid, kjem vi kanskje aldri forbi dette "elementærstadiet". Og da er spørsmålet om vi blir i stand til å møte og ta opp til debatt dei meir normative forestillingane som studentane har eller får, der noen problemstillingar er rimelige (det vi kan vere usamde om, men der begge er innanfor ein empirisk prøvbar virkeligheit) og andre problemstillingar ikkje er rimelige (ligg utanfor virkeligheitas rammer). Vi har kanskje trudd at den basiskunnskapen vi gir er nok til å få dei siste til å fordampe. Men dersom det ikkje er tilfellet, er det spørsmålet om den kunnskapen vi formidlar kan snus opp ned, eller selektivt forkastas og brukas til å beskrive ein virkeligheit som ikkje stemmer med den vi lever i.

For å gi eit døme som ikkje kjem frå Fjordman, la oss ta det betente spørsmålet om Banu Qurayza, som nylig var oppe i ein debattrunde (jf. den nye BBC-serien om Muhammad, som kanskje kjem til Norge også). Det var ein jødisk stamme som budde i Medina da profeten Muhammad kom dit i 622. Under krigen som følgte mellom Muhammad og folket i Mekka, vart desse jødane oppfatta som fiendar eller femtekolonne, og Muhammad ga ordre om alle menn skulle bli drept. Dette er eit dramatisk skifte i historia om Muhammad, og det er viktig at det er mange ulike måtar å forstå både hendinga, og konsekvensane av ho.
      - Det som er faktagrunnlaget (det som vi formidlar på grunn-nivået, vi nemner det vel såvidt), er at massakren fann stad, kva som kildene forteller, og sammenhengen rundt, Mekka-krigen. Slike fakta bør det ikkje vere akseptabelt å trekke i tvil berre fordi om ein ikkje liker dei.
     - Det som er rimelig normativt å drøfte, er kva dette fortel oss om Muhammads politikk, hans haldning til drap og massakrar, korleis han oppfatta jødane i Medina, kva konsekvensar det fekk for islams syn på "bokfolka", og om denne hendinga kan forsvaras eller ikkje. Her vil eg ha mine meiningar, og mange studentar og andre ha andre meiningar, som alle er rimelige å trekke fram, så lenge dei er grunnlagt i fakta og tar opp i seg dei relevante historiske og idemessige sammenhengane.
      - Det som det ikkje er rimelig normativt å dra fram, er tolkingar som går på tvers av det kjente faktagrunnlaget, eller som benekter dei. T.d. at dette beviser at jødar alltid blir drept under muslimsk styre (det vart dei jo ikkje elles), eller at det betyr at muslimane må utvisas frå Norge i dag fordi Banu Qurayza-massakren viser at dei "egentlig" er anti-semittar alle saman. Eller at denne massakren aldri fann stad, fordi "Muhammad ville aldri gjort noe slikt", når alle kjelder viser at den faktisk skjedde.

Det går altså ut på, ikkje å lage ein absolutt autoritet der "alt det som står i pensum" og blir sagt frå kateteret er hellig, men å sette studentane i stand til å skille mellom det som er udiskutable fakta og det som er diskutabelt, og når det siste må grunnleggas i det første. Har vi ein slik felles ramme for det vi snakkar om, så vil paranoia og konspirasjonsteoriar få lite rom. Så det er kanskje det vi snakkar om, når vi seier "meir kunnskap bryter opp tankespinnets tåke". Om vi med våre små halvsemester-kurs klarer å nå så langt, er ei anna sak, men det må vere målet å ta noen steg på den vegen for dei fleste av dei som følger dei. Så får vi vel berre akseptere at vi ikkje har klart å nå fram til alle som har sitte under våre kateter.

Ingen kommentarer: