tirsdag 5. juli 2011

Syria: Mot eit vendepunkt?

Det er ikkje blitt så mye meir avklart i Syria sidan sist, når noen internasjonale kjelder fortel at hæren trekker seg tilbake frå ein by, og andre at dei rykker inn i samme byen, samtidig. Dels kjem det at dei bygger på tilfeldige observasjonar, dels kan det vere at situasjonen endrar seg nær sagt frå time til time, og iallfall frå dag til dag, fram og tilbake.

Men likevel, noen nye trekk ser ut til å vere rimelig godt grunna. For det første: Vi har heile tida sagt: Fest blikket på Aleppo, Syrias nest største by. Så lenge det er rolig der - og så langt har dei knapt hatt demonstrasjonar - så kan vi rekne med at regimet sit rimelig trygt. Blir det uro i Aleppo, og meir i sjølve Damaskus, så har dei problem.

Vel, nå har det begynt å røre på seg i Aleppo. Både torsdag og fredag i førre veke var det demonstrasjonar og sammenstøt i fleire bydelar. Kor mange som deltok, er ikkje klart, noen hundre eller kanskje eit tusen, melder BBC. Ennå kan ikkje Aleppo reknas som ein "opprørsby" på line med Homs, Hama, Dar'a og andre. Men at det er ei utvikling i den retning er det grunn til å legge merke til.

Meir påfallande er utviklinga i Hama, den fjerde største byen i landet. Den kom heller seint med i opprørsbølga, først i overgangen mai-juni, men blir spesielt lagt merke til på grunn av historia frå 1982, sist det var opprør i landet da over ti tusen vart drepne i Hama. Spesielt symboltungt at dei har slutta seg til. Nå den siste veka har Hama brått blitt sentrum også i dagens opprør. Mens regimet for ikkje lenge sidan gjekk inn med tungt materiell for å nedkjempe noen småbyar heilt i nord, i Idlib-området, gjorde dei det motsatte i Hama. For vel ei veke sidan trakk regimet seg heilt ut av byen og overlot den til protestantane, som dermed voks voldsomt i omfang når lokket slik vart tatt av. Noen snakkar om fleire hundre tusen i gatene (i ein by på 700.000), det er umulig å ha sikre tall på, men mange var det. Det var altså herfrå det er rapportert dei siste dagane vekselvis at regimet rykker inn og skyt på demonstrantane og at dei trekker seg tilbake. Akkurat nå ser det iallfall ut som om regimet ikkje har kontroll med byen, men at dei altså gjer gjentatte framstøytar, med dødelig utfall for noen.

Det er trulig noe liknande som skjedde i dei mindre byane Dar'a, Jisr al-Shughur og andre, men Hama er ein by av ein heilt annan betydning og størrelse, så dette betyr verkelig alvorlige problem, og det kan bli kostbart for regimet å få att kontrollen der, dersom demonstrantane klarer å befeste taket sitt over byen. Assad har sparka guvernøren i Hama - ikkje urimelig, om det var hans initiativ å gi opp byen - og også i Dar'a og andre provinsar. Det er ikkje klart om det er meint som konsesjon til demonstrantane eller om dei vil bli erstatta med meir hardtslåande leiarar. Regimet har også tillatt eit diskusjonsmøte av uavhengige grupper som korkje har kontakt med opprørane eller med regimet; i dagens polariserte situasjon er det ikkje klart kva betydning ei slik mellommanns-gruppe vil kunne ha.

Samtidig har noen flyktningar inn til Tyrkia erkjent at dei faktisk gjorde væpna motstand, med småvåpen og anti-tanks-rakettar, slik at det faktisk er rett slik vi antyda at det også i Syria har vore væpna konfliktar mellom sivile opprørar og regimet, og ikkje berre mellom deserterte militæravdelingar som tidligare vart meldt. Det gjer utviklinga i landet noe meir forståelig, at regimestyrkane faktisk har møtt væpna motstand og at det har vore reelle kampar, utan at vi ennå veit kva styrkeforholdet var.

Uroa i Syria har også ført til auka kriminalitet og meir usikre forhold, sidan politi og statsmakt blir svekka. Dette fører til større spenning, der nok noen av dei som "sit på gjerdet" legg skulda på regimet, og andre på demonstrantane.  Utviklinga dei siste par vekene har opplagt vist opposisjonens og opprøranes styrke, og det er klart at regimet har aukande problem. Demonstrasjonane er ikkje blitt svakare etter dei harde kampane i nord, tvert om er det tydelig at dei har vokse i omfang og spreidd seg til stadig større områder av landet. Vi er kanskje ikkje ennå på tippepunktet der regimet kan bli pressa mot utgangsdøra - mangelen på ei samla røyst for opposisjonen er fortsatt deira svakheit, trass i ulike møter inne i landet og i eksil veit vi framleis ikkje kven som skulle komme i staden for Assad. Men tida ser ikkje ut til å arbeide for regimet akkurat nå.

Ingen kommentarer: