tirsdag 19. juli 2011

Midtausten: ei sommaroversikt

Det er ikkje akkurat sommarstille i Midtausten, men eit framhald av demonstrasjonane slik vi nå kjenner dei. Noen hendingar kan kanskje vere verdt å merke seg, og ikkje alle er i positiv retning.

Syria
Store demonstrasjonar fortsatt i ulike delar av landet. Hama er fortsatt i opposisjonens "kontroll", det vil si at hæren har trukke seg ut av byen, men det blir i dag meldt at offentlige kontor er komme i funksjon att.

Derimot har det komme urovekkande meldingar frå Homs, lenger sør, og også frå Lattakiya og noen andre kystbyar, om kampar mellom etnisk/religiøse grupper, altså mellom alawiyaer og andre. Tapstala varierer frå 10 til 30, og det blir også sagt at dette ikkje er første gong under våren at det har vore slike interne sivile kampar, men dette er trulig dei verste, og lovar ikkje godt.

Det syriske regimet er altså ikkje, slik det populært bli sagt, eit "alawittisk" regime, dei fleste i systemet er sunniar (og i hovudsak sekulære, så vi må sjå dette som etniske meir enn religiøse namn. Alawiyaene er rundt 12-13 prosent av folketalet og bur mest i nordvest). Men den symbolske toppen av regimet, med Assad-familien og mange av leiarane i hæren, spesielt i sikkerheitsstyrkane, er alawiyaer, og derfor har folkelig sinne til tider retta seg mot desse. Det finnes også alawi-grupper rundt om som støtter regimet, enten fordi dei har hatt fordelar av det (dei fleste alawiyaer har nok ikkje det, men noen har det), eller fordi dei fryktar at dei vil bli syndebukkar for det gamle regimet dersom Assad-styret fell.

I alle fall er det alawi-grupper som har støtta regimet som har komme i slagsmål og kampar med sunniske grupper i Homs, og altså med dødelig utfall. Dette kan i verste fall bli ein nedovergåande spiral og føre til at troll går i ord, at sjøl om konflikten opprinnelig ikkje var mellom alawiyaer (og kanskje andre minoritetar) og det sunniske fleirtalet, så blir den under marsjen "gjenfortalt" som ei slik motsetning, og det kan forgifte forholda i landet framover enten det blir eit regimeskifte eller ikkje.

Egypt
Eg skreiv i eit av dei første blogginnlegga i vinter at sjøl om dei militære kanskje kunne ofre Mubarak (som var sjuk og snart måtte gå uansett), så var det ingen grunn at sjølve militær-regimet skulle avskaffe seg sjøl. Det var dei militære som sat med makta før og etter revolten, og det var deira leiarar som tente økonomisk på korrupsjonen. Der har eg måtte vedgå at eg var for pessimistisk, det vart og er gjort store endringar i demokratisk lei, langt meir enn eg forventa, og det såg og ser ut til at Egypt kan få ein sivil folkevalgt president. Rett nok er nok den "folkelige versjonen" om at "militæret i Egypt stilte seg på folkets side og styrta det gamle regimet" nok historisk feil, det dei gjorde var å skubbe frontfiguren Mubarak vekk. Men mange andre korrupte leiarar lokalt og sentralt er også blitt sanert bort, og det er rimelig å bruke ordet "revolusjon" på hendingane i vår.

Men nå ser det kanskje som om eg ikkje tok så feil likevel, iallfall dersom noen meldingar får Kairo viser seg å vere rett. Militærstyret har lagt fram idear til noen "grunnleggande prinsipp" for det kommande styret, og her har dei sikra seg sjøl rettar som knapt stemmer med dei demokratiske ideala vi har venta på. Dei militære vil behalde ei rolle som garantist for "statens einheit og sekulære karakter", noe liknande det dei militære hadde i Tyrkia på 1970- og 1980-tallet, og som opnar for at militære skal kunne gripe inn i politikken om dei meiner den går feil veg. Sivile styresmakter skal ikkje ha styring med militærbudsjettet og -bevilgingane, og dei militæres økonomiske interesser, som er enorme - dei har store eigedommar og deltar i mange kommersielle verksemder - skal ikkje underleggas noen politisk kontroll. Desse prinsippa er ikkje del av, men skal gå forut for grunnlova, og skal ikkje godkjennas av noen folkerøysting eller anna sivil instans - det skal vere militærregimets grunnlag for å tillate dei sivile å overta makta igjen.

Her er det lett å sjå kloa til det eg kalte det "militær-komersielle komplekset". Om dette blir resultatet, var det rett at regimet ikkje ville "avskaffe seg sjøl", iallfall ikkje sine "klassemessige" økonomiske interesser, men ville vere villige til å la dei sivile styre med sine ting, så lenge dei militære leiarane får halde styring med sine, og får behalde sine inntekter urørt. Det betyr jo ikkje nødvendigvis at den egyptiske økonomien skal halde fram med å vere så korrupt og sjøldestruktiv som den har vore, men denne militære klassens jerngrep over all økonomisk utvikling var ei grunnleggande forutsetning for det korrupte samfunnet, så dette lover ikkje godt. På den andre sida, så er det nok mange, både i Egypt og ikkje minst i vestlige land, som trekker eit lettelsens sukk over dette med å sikre Egypts "sekulære karakter". Det muslimske brorskapet (og også salafistiske politikarar) har lagt seg tett opp til det militære styret og gitt det full støtte, men dei liker kanskje ikkje dette så godt. Men det gir USA og andre ein garanti mot at Egypt kan "skli for langt ut".

Demokratiet er jo likevel i god vekst i landet, så vi får sjå om dette blir ståande som dei militæres diktat, eller om det vil møte motstand frå dei sivile partia som dermed kanskje får langt mindre makt enn dei trudde.

Jordan
Noen mindre hendingar verdt å merke seg: Sterkare protestar førte til sammenstøyt mellom politi og demonstrantar i Amman, der også fleire pressefolk vart såra. Demonstrasjonane i Jordan har så langt vore ganske fredelige, så dette tyder på ei tilspissing. Men dei ansvarlige i politiet vart raskt satt under tiltale, så det kan vere det var eit eingongstilfelle.

Jemen
Siste der er at opposisjonen, mens den ventar på om president Saleh kjem eller ikkje tilbake frå sjukeopphaldet i Saudi-Arabia, har oppretta ei "skyggeregjering". Denne kom litt bardus på dei fleste, ikkje alle som sit i den fekk visst vite om det i forvegen, og delar av opposisjonen meiner dette berre er eit stunt. Det er litt uklart kva skyggeregjeringa er meint å vere, om den er tenkt å begynne å arbeide som ein alternativ adminstrasjon, eller om det berre skal vise at "vi er i stand til å fylle alle postar når vi berre slepp til". Så langt er det vel best å sjå det som eit politisk utspel i ventetida, og observere om det vil få noen reelle konsekvensar over tid.

Ingen kommentarer: