onsdag 27. juli 2011

Norge: Parallell-samfunn

Etter at det første sjokket har begynt å legge seg og noen begynner så smått å sjå framover, begynner spørsmåla å komme: kva nå? Kva konsekvensar, om noen, skal "22. juli" få for Norge og debatten framover?

Først ei sjølmelding: Da eg først vart oppmerksom på hendingane i Oslo, i fem-tida var det vel, tok også eg det for gitt at dette var eit jihadistisk åtak. Kven andre hadde vel slik sprengkraft? Rett nok var det naturligvis ikkje Qa'ida; om dei i det heile fins lenger, ville dei gått på Oslo S eller T-banen, ikkje Regjeringskvartalet. Det peikte på noen som visste meir om Norge. Eg var på telefonen med bror min da den første meldinga om "skudd hørt på Utøya" kom på skjermen rundt klokka seks, og sa at dette må berre ha vore ein medie-hysterisk reaksjon, det virka ikkje som noen logisk sammenheng med ei kjempe-bombe i Oslo. Men så vart dette bekrefta utover kvelden, og dermed vart det altså klart at det ikkje var "Norge" eller "Vesten" som var målet, men Arbeidarpartiet. Dermed begynte tanken å melde seg: Kunne det faktisk vere slik ("så vel" kunne ein sagt, om ikkje tapa var så dramatiske) at det var ein norsk høgre-ekstremist og ikkje noen muslim eller immigrant i det heile? Det viste det seg altså at det var. Sjokket over kanskje over eit dusin døde - som vi trudde da - vart blanda med tanken, "kva om det hadde vore ein muslim?"

I demokratiets namn kan det vere noe å reflektere over: kva om det det hadde vore ein muslim? Kva hadde vår reaksjon da vore? Vi hadde da sagt at dette rammer berre den eller dei som gjorde det, ikkje alle muslimar, vi må ikkje jakte på syndebukkar. Nå er det ikkje vi som er i dei skoa, men noen andre. Vi må derfor si det samme: Vi skal ikkje jakte på syndebukkar hos dei som "står i samme kategori", det vere seg høgreorienterte, islam-kritikarar eller kristne fundamentalistar. Berre mordaren står ansvarlig for sine handlingar, og det som låg innanfor ytringsfridommen sist onsdag gjer det også i dag.

Men når det er sagt, så er det klart at om mordaren står åleine i sine handlingar, så står han sammen med mange andre i sine haldningar. Vi får la analytikararne finne ut om det er vesentlige forskjeller på hans "egentlige" syn i dette manifestet, og det han har uttrykt offentlig i nettdebattar, bortsett frå valds-planane. Men sidan mye skal vere klipt frå andre kjelder, får vi gå ut frå at hans syn her ikkje er dramatisk ulikt det som er sagt opent på internett. Dermed blir koplinga mellom haldning og handling problematisk. Vi skal forby direkte oppmodingar til valdsbruk, blir det sagt, men ikkje dei haldningane som ligg bak. Men kva om ikkje det er så lett å skille? Går forskjellen på kor vellykka ei omskriving er, "kanskje noen vil fjerne problemet" er tillatt, men "gå til aksjon!" er forbudt?

I første omgang får vi iallfall prøve å analysere og isolere problemet. Nå i starten er uttrykk som "høgre-ekstrem" og "anti-islam" brukt ganske generelt, men det omfattar openbart heilt ulike standpunkt f.eks. til jødar, der noen er klassiske anti-semittar og andre ivrig pro-Israel. Det er ulik sosial basis, Breivik og hans type har openbart ein annan bakgrunn enn arbeidslause skinheads i aust-London, og ser ikkje ut til å ha menga seg med dei - sosial gruppe vs. internett-samfunn. Skal ein analysere dette, må openbart desse tinga skillas frå kvarandre.

Det vi snakkar om her, det "idemessige omlandet" rundt Breivik, er altså det vi kan kalle "Eurabia", tanken om at Europa er i ferd med å bli oversvømt av muslimar og bli eit arabisk-islamsk land om ein eller to generasjonar. Dette er ein tanke som heilt dominerer i ein variant av internett-samfunna, som vi nok stort sett kan kalle høgre-ekstrem, sjøl om fleire også kjem frå ein liberal bakgrunn. Vi kan nemne både HonestThinking, document.no og Human Rights Service som stader der Eurabia-tanken har slått rot, Hallgrim Berg og andre politikarar kan også nemnas. Det er naturligvis mange variantar innan dette, frå dei som - slik som mordaren - ser dette som ein bevisst sammensvergelse av forræderiske norske politikarar, til dei som ser det som ein demografisk uavvendelig prosess. Ei skilleline kan kanskje vere mellom dei som meiner det ligg i det minste ein muslimsk strategi bak dette og som slik ligg på feil side av paranoia-grensa, og dei som berre ser på talla og som vil bli beroliga om dei blir overbevist om at statistikken faktisk viser noe anna.

Korleis skal vi da møte slik "Eurabia"-vyar og liknande? Feilaktige idear skal møtas med debatt og ikkje sensur, seier vi. Men kven orkar vel å gå inn i desse uttallige nettdebattane og bli overøst med skjellsord, der openbart alle ører er lukka. Samtidig, når dei ikkje blir imøtegått, får kanskje lesarane inntrykk av at det som blir påstått er allment anerkjente fakta, sidan ingen protesterer. Det gir ein "drivhuseffekt", som er blitt sagt, der debattantane kapslar seg inn i si eiga verd der den virkelige verda berre blir eit svakt gjenskinn: Reelle fakta som ein møter i kvardagen eller i seriøse media blir tolka inn i fantasien, dei er resultat av sammensvergelsen eller løgner frå forrædarane.

Ein slik drivhuseffekt gjeld ikkje berre på internett. Eg har lenge vore undren over ei "parallell historie" om islam og muslimar som har utvikla seg i høgreorienerte kristne miljø, stort sett i bøker eller lengre arbeid. Dei ser ut til å ha samme sjølforståing som tilhengere av "alternativ medisin": Vi veit at den akademiske "skole-medisinen" er der, men vi går ut frå eit anna utgangspunkt som er like bra og forlanger å bli behandla likeverdig: Kanskje din versjon er riktig, kanskje min, det kjem an på utgangspunktet. På samme måte opererer denne "alternative islam-historia" i sin eigen, sjølforsterkande, verden der dei berre siterer kvarandre og bygger opp ei forståing som ikkje er akademisk basert på kjelder, men på resirkulerte stereotypiar, om islams forhold til jødar, om Muhammed, om kalifatet, osv. Slike stereotypiar har jo alltid eksistert, det hører til i populærlitteraturen, men her ser det ut til å eksistere ein ide om at dette faktisk er eit alternativ til ei anna, akademisk, verd som dei ikkje fester tillit til. Det knytter seg jo også til sterk tilslutning til Israel, og får tildels sine kjelder derfrå - noe som er paradoksalt, sidan Israel også har noe av den beste og skarpaste akademiske tradisjonen i verda i seriøs islam-forsking. Men desse alternative stiller seg altså likegyldig til det, til fordel for "vitnesbyrd" av ulikt slag, som passar inn i deira verdsbilde.
(Eg har ikkje følgt dette så langt at eg har noen eksempelliste, men interesserte kan starte med Marc Gabriel, og nøste vidare derifrå. Det ville sikkert bli ein interessant meta-studie, om noen vil følge opp.)

Å ta fatt i å motvirke alt dette er ikkje noe som kan overlatas til "spesialistar" enn si akademikarar. Det må nesten bli ei nasjonal oppgåve: Når ein kjem over slik openbart virkeligheitsfjerne og hatske innlegg i ein nettdebatt, bør kvar og ein, uansett bakgrunn, gjøre motmæle, om ikkje anna at: det du seier høres feil ut, eg trur ikkje på deg. Den og den er korkje noen svikar eller quisling. Eg kjenner den og den muslimen, og han eller ho er ikkje med i noen konspirasjon. Og: Eg synes det er heilt OK at muslimar og andre får praktisere sin religion i Norge. Kort og godt: Ikkje i mitt namn. Det er ikkje mitt Norge du snakkar om.

Så får det vere vår oppgåve som står bak kateteret å fortsette som vi gjer, å prøve å spreie grunnleggande kunnskap og forståing, sjøl om det vi seier kanskje blir avvist i utgangspunktet av dei med bomull i ørene. Dess større total kunnskapsmengd i samfunn, dess skrinnare vokstervilkår for den typen "parallell-samfunn" som kan gi jordsmonn for slikt ugras vi har sett siste veke.

tirsdag 19. juli 2011

Midtausten: ei sommaroversikt

Det er ikkje akkurat sommarstille i Midtausten, men eit framhald av demonstrasjonane slik vi nå kjenner dei. Noen hendingar kan kanskje vere verdt å merke seg, og ikkje alle er i positiv retning.

Syria
Store demonstrasjonar fortsatt i ulike delar av landet. Hama er fortsatt i opposisjonens "kontroll", det vil si at hæren har trukke seg ut av byen, men det blir i dag meldt at offentlige kontor er komme i funksjon att.

Derimot har det komme urovekkande meldingar frå Homs, lenger sør, og også frå Lattakiya og noen andre kystbyar, om kampar mellom etnisk/religiøse grupper, altså mellom alawiyaer og andre. Tapstala varierer frå 10 til 30, og det blir også sagt at dette ikkje er første gong under våren at det har vore slike interne sivile kampar, men dette er trulig dei verste, og lovar ikkje godt.

Det syriske regimet er altså ikkje, slik det populært bli sagt, eit "alawittisk" regime, dei fleste i systemet er sunniar (og i hovudsak sekulære, så vi må sjå dette som etniske meir enn religiøse namn. Alawiyaene er rundt 12-13 prosent av folketalet og bur mest i nordvest). Men den symbolske toppen av regimet, med Assad-familien og mange av leiarane i hæren, spesielt i sikkerheitsstyrkane, er alawiyaer, og derfor har folkelig sinne til tider retta seg mot desse. Det finnes også alawi-grupper rundt om som støtter regimet, enten fordi dei har hatt fordelar av det (dei fleste alawiyaer har nok ikkje det, men noen har det), eller fordi dei fryktar at dei vil bli syndebukkar for det gamle regimet dersom Assad-styret fell.

I alle fall er det alawi-grupper som har støtta regimet som har komme i slagsmål og kampar med sunniske grupper i Homs, og altså med dødelig utfall. Dette kan i verste fall bli ein nedovergåande spiral og føre til at troll går i ord, at sjøl om konflikten opprinnelig ikkje var mellom alawiyaer (og kanskje andre minoritetar) og det sunniske fleirtalet, så blir den under marsjen "gjenfortalt" som ei slik motsetning, og det kan forgifte forholda i landet framover enten det blir eit regimeskifte eller ikkje.

Egypt
Eg skreiv i eit av dei første blogginnlegga i vinter at sjøl om dei militære kanskje kunne ofre Mubarak (som var sjuk og snart måtte gå uansett), så var det ingen grunn at sjølve militær-regimet skulle avskaffe seg sjøl. Det var dei militære som sat med makta før og etter revolten, og det var deira leiarar som tente økonomisk på korrupsjonen. Der har eg måtte vedgå at eg var for pessimistisk, det vart og er gjort store endringar i demokratisk lei, langt meir enn eg forventa, og det såg og ser ut til at Egypt kan få ein sivil folkevalgt president. Rett nok er nok den "folkelige versjonen" om at "militæret i Egypt stilte seg på folkets side og styrta det gamle regimet" nok historisk feil, det dei gjorde var å skubbe frontfiguren Mubarak vekk. Men mange andre korrupte leiarar lokalt og sentralt er også blitt sanert bort, og det er rimelig å bruke ordet "revolusjon" på hendingane i vår.

Men nå ser det kanskje som om eg ikkje tok så feil likevel, iallfall dersom noen meldingar får Kairo viser seg å vere rett. Militærstyret har lagt fram idear til noen "grunnleggande prinsipp" for det kommande styret, og her har dei sikra seg sjøl rettar som knapt stemmer med dei demokratiske ideala vi har venta på. Dei militære vil behalde ei rolle som garantist for "statens einheit og sekulære karakter", noe liknande det dei militære hadde i Tyrkia på 1970- og 1980-tallet, og som opnar for at militære skal kunne gripe inn i politikken om dei meiner den går feil veg. Sivile styresmakter skal ikkje ha styring med militærbudsjettet og -bevilgingane, og dei militæres økonomiske interesser, som er enorme - dei har store eigedommar og deltar i mange kommersielle verksemder - skal ikkje underleggas noen politisk kontroll. Desse prinsippa er ikkje del av, men skal gå forut for grunnlova, og skal ikkje godkjennas av noen folkerøysting eller anna sivil instans - det skal vere militærregimets grunnlag for å tillate dei sivile å overta makta igjen.

Her er det lett å sjå kloa til det eg kalte det "militær-komersielle komplekset". Om dette blir resultatet, var det rett at regimet ikkje ville "avskaffe seg sjøl", iallfall ikkje sine "klassemessige" økonomiske interesser, men ville vere villige til å la dei sivile styre med sine ting, så lenge dei militære leiarane får halde styring med sine, og får behalde sine inntekter urørt. Det betyr jo ikkje nødvendigvis at den egyptiske økonomien skal halde fram med å vere så korrupt og sjøldestruktiv som den har vore, men denne militære klassens jerngrep over all økonomisk utvikling var ei grunnleggande forutsetning for det korrupte samfunnet, så dette lover ikkje godt. På den andre sida, så er det nok mange, både i Egypt og ikkje minst i vestlige land, som trekker eit lettelsens sukk over dette med å sikre Egypts "sekulære karakter". Det muslimske brorskapet (og også salafistiske politikarar) har lagt seg tett opp til det militære styret og gitt det full støtte, men dei liker kanskje ikkje dette så godt. Men det gir USA og andre ein garanti mot at Egypt kan "skli for langt ut".

Demokratiet er jo likevel i god vekst i landet, så vi får sjå om dette blir ståande som dei militæres diktat, eller om det vil møte motstand frå dei sivile partia som dermed kanskje får langt mindre makt enn dei trudde.

Jordan
Noen mindre hendingar verdt å merke seg: Sterkare protestar førte til sammenstøyt mellom politi og demonstrantar i Amman, der også fleire pressefolk vart såra. Demonstrasjonane i Jordan har så langt vore ganske fredelige, så dette tyder på ei tilspissing. Men dei ansvarlige i politiet vart raskt satt under tiltale, så det kan vere det var eit eingongstilfelle.

Jemen
Siste der er at opposisjonen, mens den ventar på om president Saleh kjem eller ikkje tilbake frå sjukeopphaldet i Saudi-Arabia, har oppretta ei "skyggeregjering". Denne kom litt bardus på dei fleste, ikkje alle som sit i den fekk visst vite om det i forvegen, og delar av opposisjonen meiner dette berre er eit stunt. Det er litt uklart kva skyggeregjeringa er meint å vere, om den er tenkt å begynne å arbeide som ein alternativ adminstrasjon, eller om det berre skal vise at "vi er i stand til å fylle alle postar når vi berre slepp til". Så langt er det vel best å sjå det som eit politisk utspel i ventetida, og observere om det vil få noen reelle konsekvensar over tid.

tirsdag 5. juli 2011

Syria: Mot eit vendepunkt?

Det er ikkje blitt så mye meir avklart i Syria sidan sist, når noen internasjonale kjelder fortel at hæren trekker seg tilbake frå ein by, og andre at dei rykker inn i samme byen, samtidig. Dels kjem det at dei bygger på tilfeldige observasjonar, dels kan det vere at situasjonen endrar seg nær sagt frå time til time, og iallfall frå dag til dag, fram og tilbake.

Men likevel, noen nye trekk ser ut til å vere rimelig godt grunna. For det første: Vi har heile tida sagt: Fest blikket på Aleppo, Syrias nest største by. Så lenge det er rolig der - og så langt har dei knapt hatt demonstrasjonar - så kan vi rekne med at regimet sit rimelig trygt. Blir det uro i Aleppo, og meir i sjølve Damaskus, så har dei problem.

Vel, nå har det begynt å røre på seg i Aleppo. Både torsdag og fredag i førre veke var det demonstrasjonar og sammenstøt i fleire bydelar. Kor mange som deltok, er ikkje klart, noen hundre eller kanskje eit tusen, melder BBC. Ennå kan ikkje Aleppo reknas som ein "opprørsby" på line med Homs, Hama, Dar'a og andre. Men at det er ei utvikling i den retning er det grunn til å legge merke til.

Meir påfallande er utviklinga i Hama, den fjerde største byen i landet. Den kom heller seint med i opprørsbølga, først i overgangen mai-juni, men blir spesielt lagt merke til på grunn av historia frå 1982, sist det var opprør i landet da over ti tusen vart drepne i Hama. Spesielt symboltungt at dei har slutta seg til. Nå den siste veka har Hama brått blitt sentrum også i dagens opprør. Mens regimet for ikkje lenge sidan gjekk inn med tungt materiell for å nedkjempe noen småbyar heilt i nord, i Idlib-området, gjorde dei det motsatte i Hama. For vel ei veke sidan trakk regimet seg heilt ut av byen og overlot den til protestantane, som dermed voks voldsomt i omfang når lokket slik vart tatt av. Noen snakkar om fleire hundre tusen i gatene (i ein by på 700.000), det er umulig å ha sikre tall på, men mange var det. Det var altså herfrå det er rapportert dei siste dagane vekselvis at regimet rykker inn og skyt på demonstrantane og at dei trekker seg tilbake. Akkurat nå ser det iallfall ut som om regimet ikkje har kontroll med byen, men at dei altså gjer gjentatte framstøytar, med dødelig utfall for noen.

Det er trulig noe liknande som skjedde i dei mindre byane Dar'a, Jisr al-Shughur og andre, men Hama er ein by av ein heilt annan betydning og størrelse, så dette betyr verkelig alvorlige problem, og det kan bli kostbart for regimet å få att kontrollen der, dersom demonstrantane klarer å befeste taket sitt over byen. Assad har sparka guvernøren i Hama - ikkje urimelig, om det var hans initiativ å gi opp byen - og også i Dar'a og andre provinsar. Det er ikkje klart om det er meint som konsesjon til demonstrantane eller om dei vil bli erstatta med meir hardtslåande leiarar. Regimet har også tillatt eit diskusjonsmøte av uavhengige grupper som korkje har kontakt med opprørane eller med regimet; i dagens polariserte situasjon er det ikkje klart kva betydning ei slik mellommanns-gruppe vil kunne ha.

Samtidig har noen flyktningar inn til Tyrkia erkjent at dei faktisk gjorde væpna motstand, med småvåpen og anti-tanks-rakettar, slik at det faktisk er rett slik vi antyda at det også i Syria har vore væpna konfliktar mellom sivile opprørar og regimet, og ikkje berre mellom deserterte militæravdelingar som tidligare vart meldt. Det gjer utviklinga i landet noe meir forståelig, at regimestyrkane faktisk har møtt væpna motstand og at det har vore reelle kampar, utan at vi ennå veit kva styrkeforholdet var.

Uroa i Syria har også ført til auka kriminalitet og meir usikre forhold, sidan politi og statsmakt blir svekka. Dette fører til større spenning, der nok noen av dei som "sit på gjerdet" legg skulda på regimet, og andre på demonstrantane.  Utviklinga dei siste par vekene har opplagt vist opposisjonens og opprøranes styrke, og det er klart at regimet har aukande problem. Demonstrasjonane er ikkje blitt svakare etter dei harde kampane i nord, tvert om er det tydelig at dei har vokse i omfang og spreidd seg til stadig større områder av landet. Vi er kanskje ikkje ennå på tippepunktet der regimet kan bli pressa mot utgangsdøra - mangelen på ei samla røyst for opposisjonen er fortsatt deira svakheit, trass i ulike møter inne i landet og i eksil veit vi framleis ikkje kven som skulle komme i staden for Assad. Men tida ser ikkje ut til å arbeide for regimet akkurat nå.