mandag 20. juni 2011

Syria: Kven slåss?

Det har vore stille her på bloggen dei siste par vekene; dels fordi studentar og eksamen har måtte få forrang, men dels også fordi det har vore vanskelig å få oversikt over kva det er som skjer, spesielt i Syria. Utviklinga har vore dramatisk dei siste vekene, med ein straum på opp mot ti tusen flyktningar over grensa til Tyrkia, og kampar i fleire delar i landet med mange drepte. Men trass i flyktningestraumen, har det vore vanskelig å få overblikk over kva det egentlig er som skjer på andre sida av grensa.

Det er opplagt at det har vore sammenstøyt og kampar, og det er klart at regimets hærstyrkar har gått usedvanlig brutalt fram, slik vi også såg tidligare i vår, med bruk av tanks og tungt materiell. For ei tid sidan erklærte dei at dei hadde "gjenerobra" grensebyen Jisr al-Shughur, før dei fortsatte mot andre byar i området for å "gjenerobre" dei. Men gjenerobre frå kven? Det er heilt uklart, fortsatt fleire veker etter at kampane starta. Skal vi tru på nyheitene, virker det som ein spøkelseskamp, hæren skyt på ein usynlig og unemnt fiende. Vi ser den eine parten, men ikkje den andre, om det er noen.

Vi må prøve å velge mellom noen "fortellingar" om kva som har eller kan ha skjedd. Den enklaste er at det ikkje er noen væpna motpart: Hæren skyt på tilfeldige sivile, eller på fredelige demonstrantar, drep dei vilt og jagar dei frå byen. I ein del vitneutsagn frå flyktningar, er det alt vi hører: det er ingen motstand, dei skyt og vi flyktar. Ofte er nok også det tilfellet: Det virker klart at hæren har systematisk skutt med skarpt på fredelige og ubevæpna demonstrantar for å stanse alle protest. I dei første månadene ser det ut til å ha vore situasjonen, sjøl om hæren også da la fram lik som skulle vere soldatar skote av "bandittar", var det tydelig at ildgivinga i hovudsak berre gjekk ein veg.

Men det ser ikkje til å vere tilfellet lenger. Vitner som har vore inne i Jisr al-Shughur fortel om store skotskadar på politistasjonar og hærens bygningar som viser at det har vore regulære trefningar, der det vart skote og skote tilbake. Byen har tydeligvis i ein periode vore heilt eller delvis kontrollert av væpna opposisjonelle styrkar, og er faktisk gjenerobra med våpenmakt.

Kven kan desse ha vore? Regimets fortelling er at dette er "bandar" og "gunmen" som skal ha drepe 120 soldatar, men utan å seie kven det skulle vere, kriminelle? stammar? Dei seier dei ikkje, og vi kjenner ikkje til noen som kan passe i den beskrivelsen.

Flyktningane fortel i staden om mytteri, og at hæren har opna eld mot soldatar og avdelingar som har nekta å skyte sivile. Dette høres meir trulig ut, at det har oppstått lokale utbrot der avdelingar av hæren har gjort opprør og vendt seg mot hærleiinga, og det har vore reelle kampar mellom lojale og opprørske soldatar. Da kan dei "offera" regimet viser fram vere både frå den eine og andre sida, dei ville jo ha samme uniform. Noe som kan peike i den retning, er ein fatwa framsatt av ein av Syrias mest kjente religiøse leiarar, den konservative Muhammad Said Ramadan al-Buti. Han vart spurt om ein soldat som blir beordra å skyte på uskuldige må utføre den ordren, og Buti slo fast at ein soldat da må nekte ordre, sjøl om han sjøl risikerer å miste livet, han kan ikkje bytte ein uskuldigs liv for sitt eige. Dette var naturligvis eit politisk utsagn frå denne lærde (som har stått regimet relativt nær, men ikkje vore noen apologet), men det tyder på at problemstillinga er aktuell også i offentlig diskurs.

Ei tredje fortelling ville vere at det er sivile opprørarar som har væpna seg og reist seg mot hæren. Det skulle vere logisk, etter det vi har sett i Libya og andre stader. Men det er få rapportar i den retning, eit vitne seier likevel at "bybuarar og opprørske soldatar" hadde angripe politistasjonen i Jisr al-Shughur, og dette hadde utløyst kampane. Det kan dermed ha vore innslag av sivil bevæpning; flyktninganes historier om mytteri kan, sjøl om dei virkar sammenhengande, også vere resultat av rykter som har spreidd seg: det "gjer seg bedre" om det er hæren som skyt seg imellom enn om det er dei "fredelige" som ikkje er så fredelige.

Men i begge tilfeller er dei altså usynlige. Vi har ikkje hørt om noe utsagn, ikkje om noe program eller koordinering inne frå Syria, anna enn mobilvideoar med skyting og undertrykking. Frå flyktningane er det lite konkret om motstandens organisering som kjem fram. Er det mytteri, eller opprør, så kan dei godt vere lokale, og dermed ulike frå stad til stad.

Historia frå Dar'a tidligare i vår er også tilsvarande einsidig: Vi veit nå at hæren beleira ein bydel (Balad, "sentrum", litt utanfor bysenteret) og stengte den heilt av i fleire veker slik at dei innesperra sulta og både matvarar og medisinar måtte smuglas inn med livet som innsats. Kvifor? Ingen har sagt noe om kva det var som var så farlig der inne, slik at dei militære ikkje berre kunne gå inn og ta styringa. Her hørte vi ikkje noe om noe soldat-mytteri. Var det berre ei anna form for avstraffing? Eller var det faktisk noe slags motstand som hæren ville svekke før dei gjekk inn?

Kanskje vi får høre meir etter kvart. Inntil vidare er kanskje - forutan den openbare sammenhengen at alle "hotspots" er grensebyar og at regimet fryktar mest av alt at det skal dannas opprørske "enklavar" med tilkomst frå utlandet - det beste tipset at dette ser ut til å vere ulike situasjonar, der vi kanskje har alle tre "fortellingar" på ulike stader: mange stadar reine drap på protesterande sivile; andre plassar sivile sjølforsvarsgrupper som har klart å skaffe seg våpen, og atter andre - og kanskje mest både slagkraftig og farlig - spontane og lokale mytteri frå større eller mindre avdelingar av hæren.

I dag har Assad halde ein ny tale, bedt om "nasjonal dialog" og lovd nye valg, men ikkje frie valg. For noen dagar sidan har også hans utskjelte fetter, Rami Makhlouf, symbolet på korrupsjon, tilbudt seg å trekke seg tilbake frå ulike forretningar. Men valdsbruken frå regimet er nå nådd eit slikt nivå at det vil ha liten verknad, om ikkje hæren trekker seg tilbake frå konfliktområda. Og på bakken går nok utviklinga tvert om.

Ingen kommentarer: