lørdag 25. juni 2011

Libya: Noen bedre enn andre?

Ein artikkel i The Independent nylig tok opp kritikk frå Amnesty International mot påstandar m.a. frå leiaren i den internasjonale straffedomstolen i samband med tiltalen mot Qadhafi. Det gir grunn til refleksjonar om kva vi skal og ikkje tru, og om "Qadhafi ikkje er så ille", som noen debattantar etter kvart begynner å nærme seg.

Artikkelen tar for seg to påstander som har versert i media. Den eine gjeld at Qadhafi-styret brukte valdtekt som kampmiddel, noe Amnesty-rapportørane ikkje fann bevis for. Det må nok understrekas at mangelen på bevis som var poenget, og dei stilte spørsmål ved noen konkrete historier frå to krigsfangar. Diverre er valdtekt, meir eller mindre organisert, blitt ein del av krigsstrategiane i mange konfliktar av denne typen der folkegruppe står mot folkegruppe, og vi må rekne både med at det har vore og er tilfelle her, og at det diverre ikkje er så spesielt for ein krig av denne typen.
  Det som derimot skulle vere spesielt var at det var blitt utdelt Viagra for at soldatane skulle valdta. Dette er blitt ei mediesak som er gått igjen, som - så langt eg minnas - bygger på ein enkelt rapport om at det var funne Viagrapiller i eit erobra kjøretøy, og at opprørane seinare har vist fram slike piller som dei kunne tatt frå kvarsomhelst. Dersom det ikkje kjem fram bedre grunnlag for det, må vi rekne det som ei mediesak spreidd av den eine parten, som ein bør vere skeptisk til. Det går altså på organiseringsnivået, ikkje på om valdtektar av sivile har funne stad.

Det andre er spørsmålet om rasisme og utanlandske "leigesoldatar". Det er klart at Qadhafi har hatt afrikanske soldatar i sine styrkar, den såkalla "afrikanske legionen" som nok var viktigare tidligare. Det er komme fram truverdige rapportar om at det finnes afrikanske soldatar på hans side. Men igjen er det proporsjonane som er spørsmålet. "Leigesoldatane" er blitt del av ein "patriotisk myte", fordi ein ved å skulde på utlendingar kan påstå at "vi libyarar står samla, dei på den andre sida er utlendingar, fremmede". Dette er igjen ikkje så spesielt, samme typen "det er utlandet sin feil" finn vi i nesten alle borgarkrigar. Dermed da fortellinga om at "det er berre leigesoldatar som patruljerer i gatene og skyt på sivile", osv. Igjen, naturlig skepsis fortel oss at det naturligvis er libyarar som slåss på begge sider. Innslaget av utlendingar (på bakken!) er nok heller marginalt, sjøl om det er der.
  Det som er spesielt for Libya er at det har hatt eit så stort innslag av fremmedarbeidere, ein til to millionar i forhold til eit folketal på rundt 6 mill. Svært mange av dei var egyptarar og andre arabarar som nå er komme seg ut, men også mange afrikanarar som er blitt verande. Desse har i årevis blitt utsatt for rasistiske angrep, både frå den eine og andre sida. Det har vore alvorlige konfliktar, nærast klappjakt, på svarte i fleire byar dei siste tiåra, og både pro- og anti-Qadhafistyrkar bærer med seg denne motviljen.
  Noen av dei som er blitt tatt til fange av opprørane påstår seg å vere slike fremmedarbeidere som vart tvungne til å bli soldatar. Det ville dei jo uansett rimeligvis seie når dei var tatt til fange, og noen kan ha gått meir frivillig i teneste, men det virker også som om fleire av dei har liten militær bakgrunn. I tillegg er det opplagt rett at mange heilt vanlige sivile, svarte fremmedarbeidarar vart jakta ned, lynsja og mishandla av opprørane, igjen som del av den patriotiske oppøsinga om "oss" mot "dei fremmende".
  Dette vil heilt sikkert bli eit problem uansett kva resultatet av krigen blir, for mange av desse svarte er "ekte" libyarar, enten frå sør i landet der folkesetnaden delvis går sammen med den i Tsjad, men også i nord bur det mange med afrikansk opphav som har mange generasjonars bakgrunn i Libya. Liknande rasisme har også ramma tuaregar (kvithuda, men med nomadisk berberopphav i vest og sør-vest).

Dette er begge alvorlige problem, men vedkjem ikkje hovudsaka, grunnlaget for den utanlandske intervensjonen. Det er blitt ein tendens til, på ei side å prøve gjere eit vanskelig problem enkelt ved å seie at det ikkje var noen humanitær fare i mars, da regimesoldatane stod klar til å overta Benghazi, mens den andre sida, like enkelt, snakkar om "umiddelbar fare", folkemord, og etnisk rensing. Begge delar er trulig feil. Det var aldri fare for folkemord eller etnisk rensing, som var meiningslause begrep. Det var heller ikkje snakk om "umiddelbar" fare, at Benghazi skulle falle på noen timar. Men før bombinga tok til var det klart at Benghazi ville komme til å falle, og den militære maktesløysa vi har sett hos opprørarne etterpå berre understrekar det, dei hadde ingen sjanse til å stå mot, og mange hadde alt begynt å flykte austover da FN gjorde sitt vedtak. Men Benghazi er ein stor by, og det hadde trulig tatt fleire dagar for regimet å erobre den, og mange, opprørarar som sivile, ville ha klart å flykte. Men av fleire hundre tusen ville dei fleste måtte bli att.

Det er også heilt urimelig å tru at regimet berre hadde tatt opprørarar med våpen i hand og latt andre sivile gå fredelig rundt. Det er vanskelig, om umulig, å skille mellom "våpenfør benghaziar som ikkje er opprørar" og "våpenfør benghaziar som har gøymt bort geværet sitt". Soldatane ville ikkje ha tatt noen sjanse, og dei hadde heller ikkje tatt hensyn overfor dei som ikkje var våpenføre. Det er klart at det finnes på Qadhafi-sida ein generell motvilje mot "dei i aust", anten dette har stamme-, dialekt, eller reint geografisk merke, og det hadde ført til mishandling, undertrykking og ganske sikkert også drap. Benghazi, opprørssenteret, ville trulig stått i ein annan situasjon enn dei mindre byane i vest som vart gjenerobra (og sjøl der har vi ennå ikkje fått rapportar om kva som skjedde). Vi kan ikkje vite noe om kva omfang det ville fått, men det var heilt klart ein rimelig fare for massedrap (som er noe anna enn folkemord). Kva "massedrap" er, kan ein drøfte i ein by på 800.000, men eg snakka om "tusnar, kanskje ti tusen". Sjøl om det var litt "tenk på eit tal", vil eg stå på at dette ikkje er urimelig, ut frå vurderinga over. Noen av desse ville ha vore aktive opprørar, svært mange ville ikkje ha vore det.

Spørsmålet er altså ikkje å prøve å nekte for at det var ein reell humanitær fare, men å vurdere dette mot andre hensyn, og da først og fremst faren for at utanlandsk intervensjon ville gjere vondt verre. Sjøl meinte eg at det siste var tilfellet, og var derfor kritisk til FN-resolusjonen og til krigen. Mitt skrekkscenario med ein NATO-invasjon på bakken har ikkje slått til ennå, men vi står altså i alternativet: eit skårfeste der ein korkje kjem fram eller tilbake, dersom ikkje ein av partane gir seg. Resultatet ser vi ikkje ennå, og vi kan derfor ikkje si kven historia vil dømme til å ha hatt rett (men eg har mine mistankar, naturligvis: sjøl om Qadhafi gir seg i morgon, kan NATO berre overlate alt til libyarane og dra sin veg?)

Denne refleksjonen er altså ikkje for å støtte krigsvedtaket, som var og er feil (og det er nok i dag rett å gå inn for våpenkvile, også ein der Qadhafi-regimet er part), men for å advare mot å gjere eit vanskelig spørsmål for enkelt ved å late som ein part er bedre enn den andre.

(Denne kommentaren - som delvis gjentar poeng vi har nemnt før på denne bloggen er eg redd! - vart skriven som reaksjon på noen debattinnlegg i ulike medier i seinare tid, men kan også lesas på eigen fot.)

Ingen kommentarer: