søndag 5. juni 2011

Jemen: Brått skifte

Nå skjer det brått ting i Jemen. I går reiste president Ali Abdallah Salih til Saudi-Arabia for medisinsk behandling etter å ha blitt såra i skuddvekslinga for to dagar sidan. Fleire tar det nå for gitt at saudiane, som har lenge pressa på for at han skal gå av, nå ikkje vil tillate at han reiser tilbake til Jemen. I så fall er hans trettitre år som leiar for landet over. Demonstrantane feirar at "regimet er falle" og deira fremste mål oppnådd. Kanskje det er det. Men kva skjer så?

Eit naturlig resultat er jo at den avtalen som Salih ville / ville ikkje skrive under på, nå kan tre i kraft. Da skal det dannas ei felles regjering av opposisjonen og regjeringspartiet, under leiing av visepresidenten [etter Salihs avgang]. Det kan skje. Men avtalen vart jo aldri bindande underskriven, og i dynamikken av hendingar må vi sjå på kven som kan prøve å rake kastanjane ut av elden til eigen fordel.

Formelt har visepresidenten "midlertidig" tatt over og har kontroll over regjeringsstyrkane. Det er vel likevel lite trulig han har personlig styrke til å vere ein kandidat til varig leiarskap dersom Salih faktisk blir permanent borte.

Salihs sønn Ahmad er fortsatt på plass, og kontrollerer den republikanske garden. Han kan spille seg inn i arvefølga. Det var nettopp det som utløyste demonstrasjonane opphavlig, at far Ali ville sette inn sonen som arvtakar. Skulle han komme fram på scena, vil demonstrasjonane blomstre opp i langt større styrke enn i dag. 

Kampane dei siste vekene har vore mellom Salihs styrkar og den viktigaste stammeleiaren al-Ahmar. Målet har nok vore å fjerne Salih (og hans slekt), og det usikkert om denne leiaren Sadiq al-Ahmar ønsker sjøl å ta leiinga av landet. Men det kan vere eit alternativ at broren Hamid, som også er leiar for det moderate islamistpartiet Islah, kan bli "slektas" kandidat (jf. debatten etter førre blogginnlegg om Islahs mulige rolle). 

For noen veker hørte vi om general Ali Muhsin som hører til Salihs slekt og ikkje al-Ahmar-klanen, men som likevel støtta opposisjonen. Han har halde seg rolig i dei siste kampane, men kan fremme seg sjøl som ein slags mellomløysing mellom dei to som har skote på kvarandre. 

Demonstrantane er happy for at Salih går, men er kanskje lite begeistra for noen av dei to nemnte, sidan eit nytt stammestyre kan bli like personlig og udemokratisk som Salihs. Men det er uklart om dei åleine er sterke nok til å presentere ein truverdig kandidat til å styre landet, som jo fortsatt manglar demokratiske strukturar dei kunne styre gjennom. 

Det samme gjeld nok dei andre opposisjonskreftene, det vere seg Houthiane i nord, autonomistane i sør og dei radikale islamistane som vi har hørt om på sørkysten. Ingen av dei har ambisjon om, eller krefter til, å blande seg i maktkampen i hovudstaden San'a. Men spørsmålet blir jo om dei nå vil nytte høvet til å auke kvar sin (militære) kampanje for kvart sine spesielle mål, slik at Jemen kan gå mot kaos og kanskje sammenbrudd, eller om dei vil følge opp det meir eller mindre formelle samarbeidet som har vore mellom opposisjonskreftene den siste tida, og håpe på at eit post-Salih-styre vil vere meir lydhørt for deira krav. Vil dei altså sjå på det kommande nye styret i San'a som fortsatt fiende eller som mulig alliert? 

Dette siste er kanskje det viktigaste spørsmålet, og avheng naturligvis av korleis overgangen nå framover blir. Utanlandske krefter har jo også innverknad, først og fremst Saudi-Arabia, som kan bli "kongemakar" og har sine interesser (jf. igjen debatten etter førre innlegg) og USA som kanskje har andre interesser enn Saudi - dersom Saudi-Arabia ønsker ei svak sentralmakt i Jemen, er kanskje USAs anti-Qaida-prioritering mest interessert i eit sterkt styre som kan kontrollere utkantane. 

Det kan altså skje ting fort nå, men det kan også bli ei lengre periode med uklarheit før allianseliner og styrkeforhold blir avklart og ting begynner å falle på plass.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er ein enormt spanande dag. Ein liten nedtur at både Ahmad og Yahya (presidenten sin nevø) framleis er i Sana'a (etter rapportar), men det kan jo tenkjast at dei vil stå for litt endring oppi det heile. Blant folk som i utgangspunktet støttar Saleh er det svært mange som heller føretrekk sonen, Ahmad. Så får me sjå om det kan vise seg å vere berettiga.

Men mediekaos er stikkordet i dag. Ingen sikre rapportar på noko som helst. Den nye presidenten har visstnok hatt heftig møteverksemd i dag. Den gamle presidenten vert òg meldt å vere tilbake i Sana'a i løpet av eit par dagar (dette frå statlege kjelder). Det trur nok heller ikkje eg at skjer. Men det at Ahmad og Yahya framleis er her, gjer at eg ikkje tør spå noko veldig bastant. Det er det store minuset med dagen, slik eg ser det. Men det er rett og slett umogleg å rydde veg i mediejungelen i dag. Gatene er veldig tomme enkelte stader, og eit sterkt militært nærvær er her heile tida (for dei som er lokalkjende, så er store deler av Saila stengd (frå cirka Bab al-Sabah til "oppkjørselen" til Bab al-Yemen), i tillegg til minst ein kilometer av Taiz-gata. Pluss mange andre gater rundt diverse statlege bygg (dog, det siste punktet har vore vanleg ganske lenge no)).

Det positive er at det nesten ikkje har vore kampar i dag. Ein eksplosjon i ny og ne, men absolutt ingenting som liknar den siste halvannan veka. Det var om lag same situasjon i går.

Ute ved universitetet er dei ved svært godt mot i dag. Det var som 17. mai og julafta på ein gong (flau klisjé det der, men den passar likefullt veldig bra). Å poste kommentarar frå den gjengen har kanskje ikkje så mykje for seg, då dét sjølvklart òg berre er spekulasjonar, men dei er svært optimistiske no. Ingen trur at Saleh kjem tilbake, trass i visepresidenten sine garantiar om nettopp det. Dei deler òg mi bekymring for Ahmad og Yahya sitt stadige nærvær i byen. At dei ikkje var blant dei 24 familiemedlemma som drog med Saleh til SA, er rett og slett irriterande. Han har vel ein plan. Og det er det eg ikkje likar. Eg er skuffa over kor lite informasjon som kom i dag. Kva opposisjonen tenkjer, og litt meir klarheit frå myndigheitene hadde vore flott. Men det er vel for mykje å be om.

-Dersom- dette er starten, så er det no det vanskelege byrjar. Å byggje eit nytt system (er det det dei skal forresten? Eg er svært usikker på kva retning dette vil ta eller, helst, ikkje ta) er aldri enkelt. Og Saleh har ikkje akkurat lagt eit godt grunnlag. Sjølv om det er meir komplisert enn som så sjølvklart. Saleh skal vel strengt teke ikkje ha skylda for lite naturressursar til dømes (dog mykje anna). Men om dei kan nærme seg noko som liknar meir rettferdig fordeling, så hadde det vore fantastisk. Korrupsjonen byggjer inkompetanse i alle tenkjelege og utenkjelege ledd, og vil verte enormt viktig å få litt (eg er trass alt realistisk) bukt med.

Dette innlegget vart for øvrig skrive over ein heil dag. Og då får ein vel melde om den skytinga som finst i kveld. Våpenkvila er brote nok ein gong. Ikkje så ille som andre dagar, men ikkje veldig oppløftande. Framleis Hasaba.

Eirik Hovden sa...

Fortsett gjerne å gi oss oppdateringer fra Sanaa, Anonym!

Angående Ta'izz nevnt i forrige innlegg:
Facebooksiden Taiz City melder akkurat nå i kveld om militære styrker (med tanks) som er på vei til Ta'izz for å ta tilbake byen fra de lokale demonstrantene: http://www.facebook.com/taizcity.net?sk=wall
Det har blitt trefninger på det siste stykket mot Ta'izz.

Det meldes også om at en lignende styrkeforflyttning fra Sanaa til Ta'izz ble forsøkt stoppet på vei sørover i byen Ibb: http://armiesofliberation.com/

Byen Ta'izz var svært viktig ved forrige revolusjon (1962) og revolusjonsforsøk. Innbyggerne her fikk mye tidligere kontakt med omvendenen gjennom britiske Aden, selv under Imam-styret, og området regnes ikke stammemessig sett som en del av nord-stammene. Innbyggerne i Ta'izz fremstiller seg ofte som mer "siviliserte", utdannede og liberale enn sine medborgere i nord. Byen Ta'izz er den byen i Jemen som har nesten alle fabrikkene og et viktig handelsliv. Den har ca 500.000 inbyggere, og provinsen Ta'izz har over 3 millioner innbyggere. Sammen med naboprovinsen Ibb (1,8 mill) utgjør de et viktig demografisk befolkningstyngepunkt i Jemen. Men de har i løpet av flere hundre år ofte blitt styrt fra Sanaa, selv om byen var hovedstad i Nord-Jemen under Imam Ahmad (1948-1962)

Kan regimet i Sanaa leve med at Ta'izz ønsker å styre seg selv? Hvor fort vil de klare å ta byen tilbake? Ta'izz kan umulig løsrive seg helt fra Sanaa, men samtidig; etter all volden mot innbyggerne de siste månedene er det vanskelig å se for seg at tingenes tilstand kan bli som før.

Eirik Hovden