torsdag 30. juni 2011

Marokko: begrensa kongemakt?

Marokko har ungått dei store uroligheitene denne våren, men også der har det vore jamnlige demonstrasjonar for meir demokrati. Kongen har komme desse i møte og ser ut til å ha ridd av stormen langt bedre enn sine republikanske statsleiarkollegaer lenger aust. Kva kan dette komme av?

Marokko har lenge vore eit av dei arabiske landa som har vakla mellom demokrati og diktatur, ingen av orda passar fullt ut på landet. Sidan frigjeringa har landet hatt eit fleirparti-styre. Kommunistar og andre på ytterkantane har vore forbudt, men innanfor det store sentrum har det alltid vore konkurrerande parti med ulike mål. Dei har stilt til val for parlamentet, og ulike kombinasjonar har vunne fleirtal.

Det er éit merke på demokrati. Eit anna er at slike endringar i fleirtal i val også fører til faktiske maktskifte. Det hjelper ikkje om velgarane fritt kan si si meining, dersom dette ikkje fører til noe. I Marokko gjer det det - kanskje. Det er opp til kongen. Han vel si regjering frå parlamentspartia, og kan peike på fleirtalsleiaren. Men han må ikkje gjere det. Det er heilt og fullt hans eige val. Vi har gjennom tiåra ofte sett at kongen faktisk har følgt valfleirtalet og gitt både nasjonalistar og sosialistar regjeringsmakt når dei har gått fram i vala. Men like ofte har dette vore del av kongens eige maktspel, han spilt partia opp mot kvarandre og har når som helst også sparka statsministeren og valt ein frå opposisjonen, om han fann det for godt. Så halvvegs score på det punktet.

Det samme kan seias om det tredje viktige punktet, fri presse og meiningsbryting. Det er ei relativt fri presse i Marokko, spesielt på fransk. Den kan ta opp og kritisere politikk og samfunnsforhold, peike på problem og foreslå løysingar. Men det er underforstått at det er to-tre tabu som det ikkje skal skrivas om. Det eine er kongen og kongefamilien og kritikk av det han gjer. Det andre er det nasjonale felles-traumaet, Sahara-konflikten, som den førre kongen, Hasan II, brukte til å samle nasjonen bak kravet om at Vest-Sahara er marokkansk. Konflikten der er ikkje løyst, men har stått stille i noen tiår nå, og er noe pressa ikkje kan snakke om i anna enn patriotiske ordelag. Går pressa over desse strekane, risikerer dei å få opplag inndratt eller redaktørar arrestert. (Franskspråklige aviser har litt større spillerom enn arabiskspråklige, trulig fordi dei når eit mindre pubikum som også kan få informasjon frå utlandet.)

Islam spiller også ei rolle her, sidan kongen nedstammar (seier han) frå profeten Muhammad og har derfor rolla av "dei truandes leiar" (amir al-mu'minin). Dette skal gi han spesiell legitimitet hos folk flest. Ingen har heilt målt kor viktig dette er i folket, men noe effekt har det nok, og det er majestetsfornærming offentlig å betvile denne statusen. Dette skal også kunne vere ei vaksine mot den islamistiske smitten: Islam styrer jo alt gjennom "kalifen", Profetens slektning, så korleis kan ein reise krav om "islamsk stat" mot han? Marokko har da heller ikkje hatt noen stor islamistisk oppøsing, sjøl ikkje da den var på det høgste i 1990-åra. Den viktigaste islamistgruppa, "Rettferd og fromheit" (al-'Adl wa'l-ihsan) skiller seg ut ved å ha bakgrunn i sufismen, ei retning islamistar normalt avviser. Grunnleggaren, 'Abd al-Salam Yasin nekta da også for at kongen faktisk var amir al-mu'minin, ein så meningslaus påstand at han vart satt i asyl i noen år. Partiet hans vart aldri tillatt, men har vore heller moderat i virkemidla og er i realiteten tolerert, styresmaktene har sett ein annan veg. I dag har det tilmed eit kvinnelig talerør, Yasins datter Nadia.

I 1999 oppstod eit anna, meir moderat og viktigare islamistparti med eit ganske liknande namn, "Rettferd og utvikling", PJD. Det spilte med i det politiske spillet og fekk stille tll val. Det kom aldri i regjering, men har fått merkbar støtte i vala og er det største opposisjonspartiet i parlamentet i dag.

Protestane som starta i januar var meir lågmælte enn i Tunisia og Egypt, ingen tok til orde for "regime-endring" eller sa "Gå av" til kongen. Monarkiet vart akseptert, men kravet var at det skulle bli eit konstitusjonelt monarki slik som dei i Europa. Kongen måtte gi frå seg den makta han hadde over politikken og overlate ho til dei folkevalgte i parlamentet, vart det kravd i tog i hovudstaden Rabat og andre byar. I tråd med den relative toleransen i landet, vart ikkje demonstrasjonane slått ned, iallfall ikkje overalt. I noen tilfeller satte politiet seg i mot, og eit fåtall demonstrantar mista livet også i Marokko, det har skjedd i nesten alle arabiske land denne våren. Men stort sett såg politiet ein annan veg og lot dei marsjere. Det gjorde dei med jamne mellomrom utover våren, utan at det kom til fleire store sammenstøt.

I mars lovte kongen å komme med reformer, og i førre veke vart dei annonsert i framlegget til ny grunnlov. Kongen kom protestane eit godt stykke i møte. Han aksepterte prinsippet om parlamentarismen, og regjeringssjefen skal nå bli utpeikt av fleirtalet i parlamentet, ikkje av kongen. Regjeringa skal utnemne høgre embetsmenn som det før var kongen som peikte ut. Dei grunnleggande menneskerettane blir nå skrive inn i grunnlova [slik det også er foreslått i Norge, i begge tilfeller har jo landet tidligare skrive under på dei internasjonale forpliktelsane]. Berberisk, som før hadde få rettar, skal nå bli anerkjent som eit offisielt språk (dei skal også få sin eigen fjernsynskanal), og grunnlova nemner også jødiske og "andalusiske" røtter som del av det marokkanske (det andalusiske viser til den store folkemengda som flykta til Marokko da dei kristne erobra sør-Spania i middelalderen, og som har prega kulturen særlig nord i landet).

Så langt endringar i retning av eit moderne sekulært styre, altså. Men kongen gir ikkje frå seg alt. Han skal sjøl styre dei militære og utanrikspolitikken personlig. Han har retten til å oppløyse parlamentet og utlyse nyval (etter å ha "konsultert" med statsministeren). Og han skal behalde si religiøse rolle som leiar for islam i landet. Betydninga av det siste er ikkje klar, både kong Hasan (d. 1999) og sonen, Muhammad VI, har stått for moderat reform av islam: ei modernisert familielov, utdanning av kvinnelige imamar ("rettleiarar", for andre kvinnner), osv., men innanfor ei tradisjonell ramme som balanserer liberale og konservative hensyn. Trulig vil det halde fram.

For den organiserte protestrørsla er ikkje dette tilstrekkelig, dei peiker på at kongen fortsatt skal sitte med den endelige makta, ulikt det konstitusjonelle systemet dei ønskar. 'Adl wa-ihsan, som ikkje anerkjenner kongen i det heile, seier det samme. Men PJD og andre delar av opposisjonen har helsa endringane velkommen og seier dei langt på veg stettar dei ønskemåla dei hadde.

Konstitusjonen skal leggas fram til folkerøysting i morgon 1. juli, og vil trulig få fleirtal, sjøl om kritikarane oppmodar til boikott. Deretter vil det vise seg om dette berre er kosmetiske endringar der kongen faktisk vil halde fram med å vere reell eineherskar, og om demokratiprotestane vil halde fram eller ikkje. Men om det viser seg å vere vellykka og kongen faktisk meiner alvor med reformene slik at folkeviljen får rå, så kan dette vere ein alternativ veg framover for demokratiet i regionen, i stegvise reformar heller enn i eit revolusjonært brot. Skeptikarane peiker på at det har ofte vore lova reformer på overflata, men at det ofte er makta som rår likevel, trass i institusjonelle endringar. Det som kunne vere nytt nå, er presset frå eksempela i andre land som kan få realistar i regima til å innsjå at dei her har ein sjanse til å unngå opprøret, dersom dei klarer å overbevise om at reformene er relle. Mye vil nok derfor avhenge av kongens reformvilje, men også av modenheita i det politiske samfunnet i Marokko: Vil nye krefter kunne komme fram, vil dei på alvor gå til åtak på korrupsjon og vanstyre, eller vil det berre bli dei samme ansikta som gjer dei samme tinga. Får vi ikkje endring i konkret politikk, kan vegen gjennom institusjonane bli lang for reform-tilhengarane.

lørdag 25. juni 2011

Libya: Noen bedre enn andre?

Ein artikkel i The Independent nylig tok opp kritikk frå Amnesty International mot påstandar m.a. frå leiaren i den internasjonale straffedomstolen i samband med tiltalen mot Qadhafi. Det gir grunn til refleksjonar om kva vi skal og ikkje tru, og om "Qadhafi ikkje er så ille", som noen debattantar etter kvart begynner å nærme seg.

Artikkelen tar for seg to påstander som har versert i media. Den eine gjeld at Qadhafi-styret brukte valdtekt som kampmiddel, noe Amnesty-rapportørane ikkje fann bevis for. Det må nok understrekas at mangelen på bevis som var poenget, og dei stilte spørsmål ved noen konkrete historier frå to krigsfangar. Diverre er valdtekt, meir eller mindre organisert, blitt ein del av krigsstrategiane i mange konfliktar av denne typen der folkegruppe står mot folkegruppe, og vi må rekne både med at det har vore og er tilfelle her, og at det diverre ikkje er så spesielt for ein krig av denne typen.
  Det som derimot skulle vere spesielt var at det var blitt utdelt Viagra for at soldatane skulle valdta. Dette er blitt ei mediesak som er gått igjen, som - så langt eg minnas - bygger på ein enkelt rapport om at det var funne Viagrapiller i eit erobra kjøretøy, og at opprørane seinare har vist fram slike piller som dei kunne tatt frå kvarsomhelst. Dersom det ikkje kjem fram bedre grunnlag for det, må vi rekne det som ei mediesak spreidd av den eine parten, som ein bør vere skeptisk til. Det går altså på organiseringsnivået, ikkje på om valdtektar av sivile har funne stad.

Det andre er spørsmålet om rasisme og utanlandske "leigesoldatar". Det er klart at Qadhafi har hatt afrikanske soldatar i sine styrkar, den såkalla "afrikanske legionen" som nok var viktigare tidligare. Det er komme fram truverdige rapportar om at det finnes afrikanske soldatar på hans side. Men igjen er det proporsjonane som er spørsmålet. "Leigesoldatane" er blitt del av ein "patriotisk myte", fordi ein ved å skulde på utlendingar kan påstå at "vi libyarar står samla, dei på den andre sida er utlendingar, fremmede". Dette er igjen ikkje så spesielt, samme typen "det er utlandet sin feil" finn vi i nesten alle borgarkrigar. Dermed da fortellinga om at "det er berre leigesoldatar som patruljerer i gatene og skyt på sivile", osv. Igjen, naturlig skepsis fortel oss at det naturligvis er libyarar som slåss på begge sider. Innslaget av utlendingar (på bakken!) er nok heller marginalt, sjøl om det er der.
  Det som er spesielt for Libya er at det har hatt eit så stort innslag av fremmedarbeidere, ein til to millionar i forhold til eit folketal på rundt 6 mill. Svært mange av dei var egyptarar og andre arabarar som nå er komme seg ut, men også mange afrikanarar som er blitt verande. Desse har i årevis blitt utsatt for rasistiske angrep, både frå den eine og andre sida. Det har vore alvorlige konfliktar, nærast klappjakt, på svarte i fleire byar dei siste tiåra, og både pro- og anti-Qadhafistyrkar bærer med seg denne motviljen.
  Noen av dei som er blitt tatt til fange av opprørane påstår seg å vere slike fremmedarbeidere som vart tvungne til å bli soldatar. Det ville dei jo uansett rimeligvis seie når dei var tatt til fange, og noen kan ha gått meir frivillig i teneste, men det virker også som om fleire av dei har liten militær bakgrunn. I tillegg er det opplagt rett at mange heilt vanlige sivile, svarte fremmedarbeidarar vart jakta ned, lynsja og mishandla av opprørane, igjen som del av den patriotiske oppøsinga om "oss" mot "dei fremmende".
  Dette vil heilt sikkert bli eit problem uansett kva resultatet av krigen blir, for mange av desse svarte er "ekte" libyarar, enten frå sør i landet der folkesetnaden delvis går sammen med den i Tsjad, men også i nord bur det mange med afrikansk opphav som har mange generasjonars bakgrunn i Libya. Liknande rasisme har også ramma tuaregar (kvithuda, men med nomadisk berberopphav i vest og sør-vest).

Dette er begge alvorlige problem, men vedkjem ikkje hovudsaka, grunnlaget for den utanlandske intervensjonen. Det er blitt ein tendens til, på ei side å prøve gjere eit vanskelig problem enkelt ved å seie at det ikkje var noen humanitær fare i mars, da regimesoldatane stod klar til å overta Benghazi, mens den andre sida, like enkelt, snakkar om "umiddelbar fare", folkemord, og etnisk rensing. Begge delar er trulig feil. Det var aldri fare for folkemord eller etnisk rensing, som var meiningslause begrep. Det var heller ikkje snakk om "umiddelbar" fare, at Benghazi skulle falle på noen timar. Men før bombinga tok til var det klart at Benghazi ville komme til å falle, og den militære maktesløysa vi har sett hos opprørarne etterpå berre understrekar det, dei hadde ingen sjanse til å stå mot, og mange hadde alt begynt å flykte austover da FN gjorde sitt vedtak. Men Benghazi er ein stor by, og det hadde trulig tatt fleire dagar for regimet å erobre den, og mange, opprørarar som sivile, ville ha klart å flykte. Men av fleire hundre tusen ville dei fleste måtte bli att.

Det er også heilt urimelig å tru at regimet berre hadde tatt opprørarar med våpen i hand og latt andre sivile gå fredelig rundt. Det er vanskelig, om umulig, å skille mellom "våpenfør benghaziar som ikkje er opprørar" og "våpenfør benghaziar som har gøymt bort geværet sitt". Soldatane ville ikkje ha tatt noen sjanse, og dei hadde heller ikkje tatt hensyn overfor dei som ikkje var våpenføre. Det er klart at det finnes på Qadhafi-sida ein generell motvilje mot "dei i aust", anten dette har stamme-, dialekt, eller reint geografisk merke, og det hadde ført til mishandling, undertrykking og ganske sikkert også drap. Benghazi, opprørssenteret, ville trulig stått i ein annan situasjon enn dei mindre byane i vest som vart gjenerobra (og sjøl der har vi ennå ikkje fått rapportar om kva som skjedde). Vi kan ikkje vite noe om kva omfang det ville fått, men det var heilt klart ein rimelig fare for massedrap (som er noe anna enn folkemord). Kva "massedrap" er, kan ein drøfte i ein by på 800.000, men eg snakka om "tusnar, kanskje ti tusen". Sjøl om det var litt "tenk på eit tal", vil eg stå på at dette ikkje er urimelig, ut frå vurderinga over. Noen av desse ville ha vore aktive opprørar, svært mange ville ikkje ha vore det.

Spørsmålet er altså ikkje å prøve å nekte for at det var ein reell humanitær fare, men å vurdere dette mot andre hensyn, og da først og fremst faren for at utanlandsk intervensjon ville gjere vondt verre. Sjøl meinte eg at det siste var tilfellet, og var derfor kritisk til FN-resolusjonen og til krigen. Mitt skrekkscenario med ein NATO-invasjon på bakken har ikkje slått til ennå, men vi står altså i alternativet: eit skårfeste der ein korkje kjem fram eller tilbake, dersom ikkje ein av partane gir seg. Resultatet ser vi ikkje ennå, og vi kan derfor ikkje si kven historia vil dømme til å ha hatt rett (men eg har mine mistankar, naturligvis: sjøl om Qadhafi gir seg i morgon, kan NATO berre overlate alt til libyarane og dra sin veg?)

Denne refleksjonen er altså ikkje for å støtte krigsvedtaket, som var og er feil (og det er nok i dag rett å gå inn for våpenkvile, også ein der Qadhafi-regimet er part), men for å advare mot å gjere eit vanskelig spørsmål for enkelt ved å late som ein part er bedre enn den andre.

(Denne kommentaren - som delvis gjentar poeng vi har nemnt før på denne bloggen er eg redd! - vart skriven som reaksjon på noen debattinnlegg i ulike medier i seinare tid, men kan også lesas på eigen fot.)

tirsdag 21. juni 2011

Våren: Fører den til sommar eller haust?

Den "arabiske våren" starta midt på vinteren, i desember og januar, og rullar fortsatt vidare, i det som tilmed her nord må kallas ein sommar. Våren er jo metafor for forandring, noe nytt spirar og lovar blomstring og glede som vi får i fullt mon om sommaren, mens hausten kan vere eit bilde på forfallet, lauvet døyr og dalar, stormane ular og folk held seg inne.

Så kva vil "våren", den arabiske opprøret, føre til? Glede, demokrati og nye stabile regime der folka utviklar seg i fredelig kappestrid i diskursar og valg, eller varig ustabilitet, konfliktar, kupp og tendensar til borgarkrig?

Israelske forskarar trur det siste, at det vi nå ser er starten på ein ny periode med varig ustabilitet. Våre eigne statsvitarar, Kjetil Selvik og Stig Stenslie skreiv for noen få år sidan boka "Stabilitetens pris" (som har vore ei populær pensumbok) der dei peiker på den uvanlig lange perioden med stabile, ja fastfrosne regimer i Midtausten. Stabilitet har vore bra, men prisen er altså tilstivning, mangel på demokrati, og tiltakande korrumpering som naturlig følger når eit og samme regime sit for lenge. Denne stabiliteten vart altså brutt i mange av dei mest tilstivna landa i vår.

Stabilitet har jo ikkje alltid vore det som pregar Midtausten. Det lange tiåret frå 1958 til 1970 var tvert om ein periode med stor ustabilitet. I Egypt styrte rett nok Nasser med sterk hand, men i Syria og Irak var det jamnlige militærkupp med to-tre års mellomrom. I Jemen var det borgarkrig, og i Libanon ei sakte opptrapping frå krisa i 1958 til borgarkrigen som kom først i 1975. Jordan og Marokko skifta kongar i starten av perioden, og i begge landa satt krona laust på deira hoder. Marokko hadde fleire forsøk på statskupp frå militære eller andre fraksjonar av det gamle regimet, før kong Hassan fekk kontroll over situasjonen og etablert sitt (relativt liberale) einevelde. Kong Hussein vart også rekna som "svak" til han fekk rydda unna rivaliserande maktsenter og også han vart "sterk". Iran hadde opprør i 1963, og etter 1967 kom den palestinske faktoren forstyrrande inn i mange land, verst i Jordan (1970) og Libanon (frå 1975). Slik også i fleire land.

Så er vi nå på veg inn i ein tilsvarande lang periode med ustabilitet? Var autokratia eit nødvendig reisverk rundt samfunnet som måtte til for å halde ro og stabilitet? Akkurat i dag ser det jo slik ut. Ingen av revolusjonane har leia fram til noe rolig og stabilt system. Egypt er komme lengst, dei har eit etablert overgangsstyre som ser ut til faktisk å planlegge ein overgang, det er eit yrande og fritt politisk liv, og det gamle regimet ser faktisk ut til å vike for eit nytt. Men det er fortsatt humpar på vegen; politi og hær slår av og til ned på opposisjonelle, det er fare for sekteriske konfliktar, og det er uklart om det politiske systemet klarer å vokse fort nok til å halde tritt med endringane i det institusjonelle systemet, med parlamentsvalg alt i haust.

I det andre suksessfulle revolusjonslandet, Tunisia, går det ikkje så bra, overgangsstyret er nær handlingslamma, men prøver å imitere egyptarane med ein aksellerert institusjonell prosess, nye valg rett nok utsatt noe, men lite og ingen ting blir gjort for å førebu det. Den økonomiske situasjonen blir verre, ikkje bedre, motløysa breier seg og folk flyktar til Europa. Urovekkande var meldingane frå ein industriby i Jerid i vest, der det har oppstått ein rein vendetta mellom to stammar som begge tydeligvis prøver å jage den andre stammen vekk frå byen. Konfliktliner som ingen visste om vekkas til live, og er eit symptom på ei allmenn krise i samfunnet.

I dei andre landa er det verre. Dei konfliktane som har oppstått i Jemen, Libya og Bahrain (i dei to siste godt støtta av utanlandsk innblanding) vil ikkje forsvinne sjøl om eller når den akutte krisa er over. Dei vil prege desse landa i årevis; om dei ikkje blir løyst tilmed i årtier. Berre eit nytt diktatur kan halde under overflata, men så vil dei komme fram igjen. I Syria veit vi altså altfor lite om kva slags konfliktliner det er i landet, men det er klart det er skille mellom dei som støttar opprøret og dei som støttar regimet. Dei siste, anten dei er aktive eller nøytrale, fryktar trulig akkurat det som kanskje er i ferd med skje, at nye eller gamle konfliktliner er i ferd med å dele landet i kjempande fraksjonar. Og kvifor spreier ikkje opprøret seg vidare i regionen? Det er nok at autokratiske land å ta av i Midtausten, men ingen nye opprør har meldt seg på sidan Syria i mars. Kanskje det er nettopp desse spora som er med på å skremme (i tillegg til andre faktorar vi har vore inne på før).

På sett og vis kan ein jo også sjå til Irak, sjøl om det var invasjon og ikkje opprør som førte til Saddams fall. Med all USAs makt og innsatsvilje har dei fått stabla på beina noe som liknar på eit fleirpartistyre, men måtte gjennom ein blodig (og heilt ny!) borgakrig mellom shiaer og sunniar, opprør frå motstandarar av mange ulike kulørar, de facto autonomi ikkje berre for kurdarane, men langt på veg også aksept for at shiiske militsar styrer seg sjøl. Det er vel svakt å si at etter åtte år, så er det irakiske statsstyret knapt meir enn vaklande.

Så er det ikkje håp, var opprøret ein flopp som ikkje burde funne stad? Tja, historia er ikkje deterministisk (eller, for å vere presis, den bygger på mange faktorar som vi ikkje kan kjenne på forhånd). Seks månader er kort tid for ein revolusjon, korleis såg Paris ut i desember 1789? Og USA i november 1776? På nederlagets rand.
       Den positive faktoren vi kan sjå er jo den vi nemnte først; Egypt. Eit nøkkelland som dominerer regionen er også det som viser flest framsteg. Det kjem til å bli tilbakeslag og voksterproblem for det egyptiske demokratiet, men sivilsamfunnet der er trulig sterkt nok til å overleve dei og peike ein veg framover mot eit stabilt sivilstyre som kan bli mønster i det minste for Tunisia, og kanskje også for regime i andre land som ser at revolusjonar er ein fare som kan omgåas ved reell reform. Marokko kan vere på den vegen, og Jordan har også potensiale til reform. At den handfullen saudiske kvinner som prøvde seg fortsatt sit bak rattet og ikkje bak lås og slå (det varer kanskje ikkje så lenge, men likevel) har også sammenheng med dette. Så ein del land kan gå mot stabilitet, mens det i andre kan vere den negative utviklinga som rår. Vi kan altså kanskje komme til å sjå at det blir større ulikheit mellom landa i Midtausten, og at dei landa der konflikten har vore skarpast (og skotvekslingane likeeins) kan komme til å bli taparane.

mandag 20. juni 2011

Syria: Kven slåss?

Det har vore stille her på bloggen dei siste par vekene; dels fordi studentar og eksamen har måtte få forrang, men dels også fordi det har vore vanskelig å få oversikt over kva det er som skjer, spesielt i Syria. Utviklinga har vore dramatisk dei siste vekene, med ein straum på opp mot ti tusen flyktningar over grensa til Tyrkia, og kampar i fleire delar i landet med mange drepte. Men trass i flyktningestraumen, har det vore vanskelig å få overblikk over kva det egentlig er som skjer på andre sida av grensa.

Det er opplagt at det har vore sammenstøyt og kampar, og det er klart at regimets hærstyrkar har gått usedvanlig brutalt fram, slik vi også såg tidligare i vår, med bruk av tanks og tungt materiell. For ei tid sidan erklærte dei at dei hadde "gjenerobra" grensebyen Jisr al-Shughur, før dei fortsatte mot andre byar i området for å "gjenerobre" dei. Men gjenerobre frå kven? Det er heilt uklart, fortsatt fleire veker etter at kampane starta. Skal vi tru på nyheitene, virker det som ein spøkelseskamp, hæren skyt på ein usynlig og unemnt fiende. Vi ser den eine parten, men ikkje den andre, om det er noen.

Vi må prøve å velge mellom noen "fortellingar" om kva som har eller kan ha skjedd. Den enklaste er at det ikkje er noen væpna motpart: Hæren skyt på tilfeldige sivile, eller på fredelige demonstrantar, drep dei vilt og jagar dei frå byen. I ein del vitneutsagn frå flyktningar, er det alt vi hører: det er ingen motstand, dei skyt og vi flyktar. Ofte er nok også det tilfellet: Det virker klart at hæren har systematisk skutt med skarpt på fredelige og ubevæpna demonstrantar for å stanse alle protest. I dei første månadene ser det ut til å ha vore situasjonen, sjøl om hæren også da la fram lik som skulle vere soldatar skote av "bandittar", var det tydelig at ildgivinga i hovudsak berre gjekk ein veg.

Men det ser ikkje til å vere tilfellet lenger. Vitner som har vore inne i Jisr al-Shughur fortel om store skotskadar på politistasjonar og hærens bygningar som viser at det har vore regulære trefningar, der det vart skote og skote tilbake. Byen har tydeligvis i ein periode vore heilt eller delvis kontrollert av væpna opposisjonelle styrkar, og er faktisk gjenerobra med våpenmakt.

Kven kan desse ha vore? Regimets fortelling er at dette er "bandar" og "gunmen" som skal ha drepe 120 soldatar, men utan å seie kven det skulle vere, kriminelle? stammar? Dei seier dei ikkje, og vi kjenner ikkje til noen som kan passe i den beskrivelsen.

Flyktningane fortel i staden om mytteri, og at hæren har opna eld mot soldatar og avdelingar som har nekta å skyte sivile. Dette høres meir trulig ut, at det har oppstått lokale utbrot der avdelingar av hæren har gjort opprør og vendt seg mot hærleiinga, og det har vore reelle kampar mellom lojale og opprørske soldatar. Da kan dei "offera" regimet viser fram vere både frå den eine og andre sida, dei ville jo ha samme uniform. Noe som kan peike i den retning, er ein fatwa framsatt av ein av Syrias mest kjente religiøse leiarar, den konservative Muhammad Said Ramadan al-Buti. Han vart spurt om ein soldat som blir beordra å skyte på uskuldige må utføre den ordren, og Buti slo fast at ein soldat da må nekte ordre, sjøl om han sjøl risikerer å miste livet, han kan ikkje bytte ein uskuldigs liv for sitt eige. Dette var naturligvis eit politisk utsagn frå denne lærde (som har stått regimet relativt nær, men ikkje vore noen apologet), men det tyder på at problemstillinga er aktuell også i offentlig diskurs.

Ei tredje fortelling ville vere at det er sivile opprørarar som har væpna seg og reist seg mot hæren. Det skulle vere logisk, etter det vi har sett i Libya og andre stader. Men det er få rapportar i den retning, eit vitne seier likevel at "bybuarar og opprørske soldatar" hadde angripe politistasjonen i Jisr al-Shughur, og dette hadde utløyst kampane. Det kan dermed ha vore innslag av sivil bevæpning; flyktninganes historier om mytteri kan, sjøl om dei virkar sammenhengande, også vere resultat av rykter som har spreidd seg: det "gjer seg bedre" om det er hæren som skyt seg imellom enn om det er dei "fredelige" som ikkje er så fredelige.

Men i begge tilfeller er dei altså usynlige. Vi har ikkje hørt om noe utsagn, ikkje om noe program eller koordinering inne frå Syria, anna enn mobilvideoar med skyting og undertrykking. Frå flyktningane er det lite konkret om motstandens organisering som kjem fram. Er det mytteri, eller opprør, så kan dei godt vere lokale, og dermed ulike frå stad til stad.

Historia frå Dar'a tidligare i vår er også tilsvarande einsidig: Vi veit nå at hæren beleira ein bydel (Balad, "sentrum", litt utanfor bysenteret) og stengte den heilt av i fleire veker slik at dei innesperra sulta og både matvarar og medisinar måtte smuglas inn med livet som innsats. Kvifor? Ingen har sagt noe om kva det var som var så farlig der inne, slik at dei militære ikkje berre kunne gå inn og ta styringa. Her hørte vi ikkje noe om noe soldat-mytteri. Var det berre ei anna form for avstraffing? Eller var det faktisk noe slags motstand som hæren ville svekke før dei gjekk inn?

Kanskje vi får høre meir etter kvart. Inntil vidare er kanskje - forutan den openbare sammenhengen at alle "hotspots" er grensebyar og at regimet fryktar mest av alt at det skal dannas opprørske "enklavar" med tilkomst frå utlandet - det beste tipset at dette ser ut til å vere ulike situasjonar, der vi kanskje har alle tre "fortellingar" på ulike stader: mange stadar reine drap på protesterande sivile; andre plassar sivile sjølforsvarsgrupper som har klart å skaffe seg våpen, og atter andre - og kanskje mest både slagkraftig og farlig - spontane og lokale mytteri frå større eller mindre avdelingar av hæren.

I dag har Assad halde ein ny tale, bedt om "nasjonal dialog" og lovd nye valg, men ikkje frie valg. For noen dagar sidan har også hans utskjelte fetter, Rami Makhlouf, symbolet på korrupsjon, tilbudt seg å trekke seg tilbake frå ulike forretningar. Men valdsbruken frå regimet er nå nådd eit slikt nivå at det vil ha liten verknad, om ikkje hæren trekker seg tilbake frå konfliktområda. Og på bakken går nok utviklinga tvert om.

søndag 5. juni 2011

Jemen: Brått skifte

Nå skjer det brått ting i Jemen. I går reiste president Ali Abdallah Salih til Saudi-Arabia for medisinsk behandling etter å ha blitt såra i skuddvekslinga for to dagar sidan. Fleire tar det nå for gitt at saudiane, som har lenge pressa på for at han skal gå av, nå ikkje vil tillate at han reiser tilbake til Jemen. I så fall er hans trettitre år som leiar for landet over. Demonstrantane feirar at "regimet er falle" og deira fremste mål oppnådd. Kanskje det er det. Men kva skjer så?

Eit naturlig resultat er jo at den avtalen som Salih ville / ville ikkje skrive under på, nå kan tre i kraft. Da skal det dannas ei felles regjering av opposisjonen og regjeringspartiet, under leiing av visepresidenten [etter Salihs avgang]. Det kan skje. Men avtalen vart jo aldri bindande underskriven, og i dynamikken av hendingar må vi sjå på kven som kan prøve å rake kastanjane ut av elden til eigen fordel.

Formelt har visepresidenten "midlertidig" tatt over og har kontroll over regjeringsstyrkane. Det er vel likevel lite trulig han har personlig styrke til å vere ein kandidat til varig leiarskap dersom Salih faktisk blir permanent borte.

Salihs sønn Ahmad er fortsatt på plass, og kontrollerer den republikanske garden. Han kan spille seg inn i arvefølga. Det var nettopp det som utløyste demonstrasjonane opphavlig, at far Ali ville sette inn sonen som arvtakar. Skulle han komme fram på scena, vil demonstrasjonane blomstre opp i langt større styrke enn i dag. 

Kampane dei siste vekene har vore mellom Salihs styrkar og den viktigaste stammeleiaren al-Ahmar. Målet har nok vore å fjerne Salih (og hans slekt), og det usikkert om denne leiaren Sadiq al-Ahmar ønsker sjøl å ta leiinga av landet. Men det kan vere eit alternativ at broren Hamid, som også er leiar for det moderate islamistpartiet Islah, kan bli "slektas" kandidat (jf. debatten etter førre blogginnlegg om Islahs mulige rolle). 

For noen veker hørte vi om general Ali Muhsin som hører til Salihs slekt og ikkje al-Ahmar-klanen, men som likevel støtta opposisjonen. Han har halde seg rolig i dei siste kampane, men kan fremme seg sjøl som ein slags mellomløysing mellom dei to som har skote på kvarandre. 

Demonstrantane er happy for at Salih går, men er kanskje lite begeistra for noen av dei to nemnte, sidan eit nytt stammestyre kan bli like personlig og udemokratisk som Salihs. Men det er uklart om dei åleine er sterke nok til å presentere ein truverdig kandidat til å styre landet, som jo fortsatt manglar demokratiske strukturar dei kunne styre gjennom. 

Det samme gjeld nok dei andre opposisjonskreftene, det vere seg Houthiane i nord, autonomistane i sør og dei radikale islamistane som vi har hørt om på sørkysten. Ingen av dei har ambisjon om, eller krefter til, å blande seg i maktkampen i hovudstaden San'a. Men spørsmålet blir jo om dei nå vil nytte høvet til å auke kvar sin (militære) kampanje for kvart sine spesielle mål, slik at Jemen kan gå mot kaos og kanskje sammenbrudd, eller om dei vil følge opp det meir eller mindre formelle samarbeidet som har vore mellom opposisjonskreftene den siste tida, og håpe på at eit post-Salih-styre vil vere meir lydhørt for deira krav. Vil dei altså sjå på det kommande nye styret i San'a som fortsatt fiende eller som mulig alliert? 

Dette siste er kanskje det viktigaste spørsmålet, og avheng naturligvis av korleis overgangen nå framover blir. Utanlandske krefter har jo også innverknad, først og fremst Saudi-Arabia, som kan bli "kongemakar" og har sine interesser (jf. igjen debatten etter førre innlegg) og USA som kanskje har andre interesser enn Saudi - dersom Saudi-Arabia ønsker ei svak sentralmakt i Jemen, er kanskje USAs anti-Qaida-prioritering mest interessert i eit sterkt styre som kan kontrollere utkantane. 

Det kan altså skje ting fort nå, men det kan også bli ei lengre periode med uklarheit før allianseliner og styrkeforhold blir avklart og ting begynner å falle på plass.

fredag 3. juni 2011

Jemen: Hva må gjøres?

Vi har i dag igjen ei gjestespalte i bloggen, med spørsmål om kva verdssamfunnet kan gjere. Skribentar er norske Eirik Hovden og jemenske Mohammed al-Haroni, stipendiatar i hhv. Bergen og Tromsø:

"Dagens situasjon er fortvilende. Demonstrasjonene og de folkelige kravene om forandring drukner i nyhetene om kamper i de nordlige bydelene av Sanaa, og av nyheter om AQAP som på et mistenkelig passende tidspunkt, viser muskler i kyst-byen Zinjubar nær Aden.

Kampene i Sanaa foregår mellom lederne for Hashid-stammene (altså al-Ahmar-familien) og spesialstyrkene til president Salih. Flere av ministeriene i denne delen av byen er satt ut av funksjon og spesielt innenriksministeriet med sin viktige rolle i sikkerhetsapparatet, er symbolsk viktig i disse kampene. Mener al-Ahmar-familien at de kan ta over staten? Mest sannsynlig er det at det er snakk om å vise muskler, slik at et evt framtidig politisk kompromiss vil sikre dem en solid posisjon i en ny regjering/styrefom. Mens kampene pågår, meldes det om minimalt med elektrisitet, gass, diesel og også vann har blitt svært dyrt. De humanitære konsekvensene øker raskt for de mange fattige.

Hvor lenge har Salih råd til å drive dette? Tyder det på at han har mer støtte enn antatt? Har han fortsatt støtte fra deler av den amerikanske og den saudiske administrasjonen på tross av fordømmende uttalelser? Hva mener Russland og Kina? Hva burde vi (Norge?) gjøre? Hva kan vi gjøre?

Kravene til organisasjonen av demonstranter  er legitime nok, ingen tvil om det (en av disse organisasjonene er The Coordinating Council of the Youth Revolution of Change (CCYRC)). Det moralsk riktige av en fredsnasjon vil være i det minste å vise en eller annen form for symbolsk støtte for disse kravene. Så langt har ikke Norge noe spesielt posisjon. Andre stater, USA og EU, sier lite mer enn av Salih ”bør” gå. Men så langt er det ingen som er villige til å sette makt bak kravene. Er det i det hele tatt mulig å gjøre dette? Demonstrantene foreslår å fryse kontoene hans. Praktisk sett er det relativt enkelt.

Kan FN gjøre noe som helst dersom store land som Russland fortsatt ser på dagens konflikt som et indre anliggende? FN og NATO er helt sikkert ikke interessert i et nytt Libya, spesielt ikke i et fjelland som Jemen der alle har våpen.

Realistisk sett vet vi fra de foregående tiårene at jemenittisk politikk er dominert av de militært sterke stammene i nord, og av Saudi-Arabias sterke regionale rolle. Disse to aktørene er ikke interessert i liberalt demokrati, enkelt og greit. Enhver realistisk løsning må ta hensyn til dette, altså en form for kompromiss. Hvis ikke, vil nye voldelige konflikter fortsette.

Hvor stor støtte Salih fortsatt har, fra stater eller deler av stater, er et sentralt punkt: Dersom han fortsatt har støtte, så hjelper andre strategier lite. Er han fortsatt personifiseringen av amerikanernes anti-terror strategi? Har han støtte fra Saudi? Dette framstår ikke som klart akkurat nå. Men det er avgjørende å vite for mulige strategier.

En ting er helt krystallklart: Etter hvert som den humanitære situasjonen forverrer seg, så må hovedfokuset ligge her og det må ikke glemmes. Disse utfordringene må løses på mest mulig pragmatisk måte for rask effekt, og løsninger må nødvendigvis forhandles fram med lokale eliter og de må utføres før en evt politisk løsning på statsnivå. Her kan Norge hjelpe, bla gjennom FN.

Om Norge og Vesten ikke støtter demonstrantenes krav til demokrati på andre måter enn vage uttalelser om at Salih bør gå, så er det lett å forstå at demonstrantene føler seg sviktet. De anklager oss allerede for dobbeltstandard, at demokrati bare gjelder når det passer oss selv og at vestens tilgang på oljen i Saudi er viktigere enn såkalte liberale demokratiske verdier. Det er godt mulig vi kan leve med å bli oppfattet som pragmatiske i slike spørsmål. Men det blir i liten grad diskutert i media.

Det ser ut til at problemene i Jemen og på den Arabiske Halvøy generelt, framstår som for kompliserte til å selges som mediaprodukter, det er ingen skurk og ingen helt, slik opprøret i Egypt var lett å framstille som. Men det vi mangler nå er helt fundamental nyhetsdekning. Hva må de fattige gjennomgå disse dagene? Hva tenkes i Washington? Har Saudi en plan? Hva tenker ulike politiske partier i Norge? Hvor er media når demonstranter blir skutt ned og uskyldige rammes? Bør Norge ta stilling? Uten bedre dekning kan det ikke bli noen debatt. Det blir ikke en ”sak”.

Eirik Hovden, Mohammed al-Haroni"