torsdag 26. mai 2011

Sudan og Jemen: Krigsfare?

Modellen for "våren i Midtausten" var dei fredelige og langvarige massemønstringane i Tunisia og Egypt. Libya, der opposisjonen tok til våpen og det vart krig, var unntaket. Kvifor gjorde dei det, og ikkje demonstrerte fredelig som dei andre?

I dei siste dagane ser det ut som om det kanskje er Egypt og Tunisia som blir unntaka, og Libya ikkje fullt så mye. I Jemen er det regulære kampar mellom regimelojale og styrkar som støttar den viktigaste stammen i landet. I Sudan rykker regjeringshæren inn i det omstridte Abyei og trugar med å starte opp att borgarkrigen. Og i Syria aukar tapstalla, sjøl om det berre er regjeringa som påstår at opposisjonen skyter tilbake.

Igjen må vi streke under at kvart land må forståas for seg. Konflikten i Sudan hadde i fleire tiår form av krig, og det var krigstrøttheit, men også press frå utlandet som gjorde at partane la ned våpna og nord-Sudan aksepterte at sør skulle få rive seg laus. Begge delar er fortsatt viktige faktorar, og det er slett ikkje sikkert at nord-Sudan er villig til å sette trusselen ut i verk og starte opp att ein full konflikt til noe som nå ikkje vil verte ein borgarkrig, men ein mellomstatlig krig sidan sør-Sudan heilt klart vil bli anerkjent som sjølstendig stat i juli. Vi får håpe - og det er rimelig grunnlag for håpet - at dette berre er ein styrkeprøve mellom det som skal bli to naboar, der det større og rikare nord-Sudan vil markere at dei skal vere storebror.

Kampane i Jemen er mindre overraskande, sjøl om heile verda venta på det motsatte, ein avtale om fredelig regimeendring, så seint som for ei veke sidan. Avtalen var underteikna av presidentens parti og av opposisjonen, ambassadørar sprang fram og tilbake, og president Salih skulle skrive under sjøl idag, ja sikkert i morgon, vel iallfall straks dei andre kom til palasset og skreiv under ein gong og så ein gong til, og så kanskje noe anna. Men kjennarar av politikken der sa at dette var ein velkjent taktikk, love alt som skulle til, og så finne på ei unnskyldning heilt i siste øyeblikk for å sleppe å ta det endelige steget. 

At det nå er trappa opp til konflikt der begge sider skyter med skarpt, er "Libya-liknande", sjøl om omfanget til nå er langt meir begrensa. Det er, så langt eg har sett, geografisk avgrensa til hovudstaden, og er altså i grunnen ein konflikt mellom to stammegrupper, den eine president Salih, som har støtte frå [deler av] regjeringsstyrkane, den andre ein leiande fraksjon av Ahmar-klanen, dominerande i Hashid-stammen. Denne væpna konflikten har slik egentlig ikkje potensiale til å spreie seg utover det området der desse har sine styrkar (men, det kan vere langt nok, for noen veker sidan var det konflikt mellom ulike avdelingar i hæren langs denne konfliktlina, så langt borte som i ein by i Hadramawt, heilt på andre kanten av landet). 

Spørsmålet er korleis denne tilspissinga påverkar alle dei andre konfliktlinene i Jemen, den mot Houthiane i nord, mot demokratirørsla mellom dei unge, og mot autonomistane i sør. Vil dei komme i skuggen av dei to som nå skyter og kanskje svekkas? Eller vil dei bli radikalisert og også dratt inn i væpna kampar? Dersom det siste skjer, så kan det bli langt meir farlig enn i dag. Men det er slett ikkje opplagt at det skjer. Dagane framover vil kanskje fortelle oss meir.

fredag 20. mai 2011

Æresdrap: Eit vårtegn frå Palestina

I Le Monde for i dag står det ein artikkel som gir kanskje vel så mye håp som bombar i Tripoli og talar i Washington om at ting er i endring i Midtausten. Den dreier seg om ei ung jente, Ayah Baradaya frå ein landsby nord for Hebron i Palestina, som forsvann for eit år sidan.

For tre veker sidan vart liket hennar funne, og ein onkel tilstod at han hadde bortført og drept henne avdi ho hadde hatt usømmelig omgang med ein student som hadde fridd til henne (noe familien elles benekta). I tråd med vanlig lovbruk vart dette rekna som formildande omstende, og han fekk ei fengselstraff på noen månader.

Men, i strid med det som var vanlig, nekta Ayahs eldre bror å gå med på dette. Han starta ein kampanje på Facebook, i aviser og andre medier for at drapsmannen, onkelen, skulle dømmas for det han hadde gjort. Lokalsamfunnet ønskte at onkelens familie skulle reise frå landsbyen, slik skikken var når det oppstod konfliktar mellom familiar, men det ville ikkje broren: Kvifor skulle dei bruke kollektiv avstraffing, slik som Israel gjer? Dette var eit drap, og drapsmannen skulle dømmas for eit drap, meir vanskelig var det ikkje.

Kampanjen hans vekte både oppmerksomheit og støtte landet rundt. Gravferda fekk masseoppslutning. Det kom til demonstrasjonar både i Hebron og Ramallah med krav om at lova, som tolererer slike æresdrap, skulle fjernas. Den folkelige oppslutninga var så stor at også politikarane følgte med. Ikkje berre Fatah, men også Hamas slutta seg til kravet, broren fekk støtte frå leiinga i Gaza om at "slike drap har ingen ting med islam å gjere".

Kvinnerørsler i Palestina har lenge kjempa for dette utan å lykkas, men nå som Hamas også stilte seg bak, begynte ting å skje, og på kort tid har nå straffelovene både på Vestbreidda og i det Hamas-styrte Gaza blitt endra og denne paragrafen om æresdrap som formildande omstende fjerna.

Så langt Le Monde, og vi får legge til grunn at historia er korrekt. Det betyr ikkje ein full omsnunad i mentaliteten, heller ikkje at æresdrap vil forsvinne i Palestina eller Midtausten (talla har heller gått noe opp i seinare år). Men at eit slikt krav om alminnelig rettstryggheit for kvinner kan vinne fram, ikkje på grunn av press frå utlandet men etter folkelig mobilisering frå grasrota, og at det ikkje lenger nytter å skjule seg bak "islam" og prat om "vestlig umoral" for å forsvare praksisar som bygger opp patriarkalsk undertrykking, det gir iallfall håp om at ting skjer. At folk sjøl fører kampen for sine menneske- og kvinnerettar.

søndag 8. mai 2011

Qa'ida utan Bin Laden - samme som før?

Ei veke i utlandet utan nett og aviser, og det har visst hendt både det eine og det andre i mellomtida... Nye sammenstøyt og arrestasjonar i Syria; noe som kanskje blir avtale mellom Fatah og Hamas i Palestina; ganske open konflikt innanfor regimet i Iran; rundt 10 drepte i slåsskampar mellom kristne og salafistar i Imbaba i Kairo; og Norge trekker (kanskje?) ut bombeflya sine frå Libya om ein månad. Nok å ta fatt i.

Men den store snakkisen denne veka har altså vore i Abbotabad, byen vi aldri hadde hørt om før. Kva konsekvensar vil Bin Ladens død få?

I utgangspunktet vil ein jo si ganske liten. Trass i amerikanske påstandar om det motsatte, tyder alt på at Bin Laden har hatt liten betydning for den aktive terrorismen i verda sidan 2001. Det er velkjent at "al-Qa'ida" slik vi kjente det opphørte å eksistere då amerikanarane invaderte Afghanistan. Dette var aldri noen fast organisasjon, men meir eit slags "samordningsorgan" med finansiering og treningsbasar. Det var, i perioden frå ca. 1996 til 2001, to slags terroraksjonar knytta til al-Qa'ida. Ein type var initiert, planlagt og gjennomført av Qa'ida-senteret sjøl, frå deira basar i Afghanistan. Angrepa i Kenya og Tanzania, på USS Cole i Jemen og 11. september sjøl var dei fremste av desse. Den andre var små eller større initiativ frå sjølbestalta smågrupper eller personar som reiste til Peshawar og la fram sine planar for Qa'ida-ekspertane. Dersom desse meinte det var hald i planane, fekk søkarane pengar og kanskje trening og kunne reise heim og prøve seg (dei fleste av desse mislyktes nok likevel). Dersom "sensor" meinte at planen var ubrukbar, vart kandidaten sendt heim med uforretta sak, eller bedt om å reise til Taliban-fronten som militssoldatar, om dei ville gjere ein innsats.

Det som i begge tilfeller var Qa'idas styrke var dei fysiske treningsbasane, med lett tilgang via Peshawar i Pakistan, og pengar. Begge delane fall bort i og med invasjonen i 2001. Alt Qa'ida hadde tilbake var symbolet, auraen, namnet. Bin Laden og andre leiarar kunne komme med oppmodingar på video eller lydband. Men dei var så isolerte og hemma av jakten på dei, at dei ser ikkje ut til å ha mye direkte kontakt med dei gruppene som kjempa i deira namn. Desse gruppene vart dermed i all hovudsak sjøstyrte og lagde sine eigne strategiar, og tildels også sine ideologiar; dei fremste er da "al-Qaida i" Irak, Jemen, og Maghreb [i praksis Sahara; Algerie, Mali og landa rundt]. Såleis starta den irakiske greina, som vi hugsar, ein bitter kamp mot shiaene i landet, mens Bin Laden hadde aldri vore spesielt opptatt av shiaene; han kritiserte både irakarane og dei andre fordi dei brukte kreftene lokalt i staden for å konsentrere seg om den globale hovudfienden, USA. Men han vart i liten grad hørt, det var berre enkeltpersonar og smågrupper som i Madrid og London som heldt oppe dette globale perspektivet. Og heller ikkje dei har (heldigvis!) klart å utføre store aksjonar dei siste seks åra.

Så slik sett gjer det lite frå eller til at han er død, og om ein annan blir vald til ny "leiar" av al-Qa'ida - det vere seg Zawahiri i Pakistan eller Awlaki i Jemen, dei to ofte nemnte namna - så treng ikkje det heller ha så stor betydning. Men det er klart at det er noe symbolsk i at imaget Bin Laden er borte, og det gjorde heilt klart vondt verre at liket vart dumpa på sjøen. Kanskje ikkje så mye hos tilhengarane hans, dei venta vel ikkje betre av dei vantru, men det er blitt kritisert også av moderate islamske leiarar sidan også forbrytarar har rett på gravferd. Men også det vil trulig legge seg fort. Det er jo påfallande kor lite demonstrasjonar det har vore etter drapet, noen hundre her og der. Bin Laden har slik sett vore "død" i betydningen borte så lenge at dette berre vart stadfesting på det samme.

Det kan nok komme noen hemnaksjonar likevel, når dei aktuelle berre får tid til å førebu seg. Tryggingspolitiet gjer rett i å styrke beredskapen, både i USA og elles i Vesten. Men det kan ta eit år eller to før vi får ein rekasjon, og det er ikkje sikkert den vil bli sterkare enn aksjonar vi måtte verge oss mot uansett. Qa'ida-trusselen er slett ikkje over, men det er frå avleggargruppene i Jemen og Sahara, og spesielt frå enkelt-fantastar og smågrupper i vesten som på eiga hand påberopar seg Bin Ladens namn, at vi nå, som før, kan frykte aksjonar. Massane i den islamske verda bryr seg lite.