torsdag 31. mars 2011

Syria: mens vi ventar, II

Ja, talen var altså ikkje mye å vente på, men det er satt ned ein komite som skal sjå på unntakslovene og kva som kan gjeras med dei... Kanskje dei blir letta eller løfta, men det finnes fleire lover som kan halde oppe sikkerheitspolitiets kontroll. Andre hint om å opne for fleirparti-system el.l. ser ikkje ut til å vere på horisonten.

Men altså Bashar al-Assad, er han ein reformist (som Clinton har sagt) eller ein diktator som sin far?

Vi kjenner historikken: Hafiz al-Assad hadde styrt med hard hand frå 1970, og ville plassere sonen Basil på trona etter seg. Men Basil kjørte seg i hel mens faren levde, og derfor vart augelegen Bashar henta frå jobben i London for å bli plassert i ei rolle som statsleiar. Det var ikkje mange som venta det skulle gå så bra; da eg besøkte Damaskus første gong i 1985, hadde Hafiz nett hadde eit hjarteanfall, og alle frykta det verste. Rundt Damaskus var det gravd skyttergraver for å forsvare byen om Israel skulle angripe, alltid ein trussel, men det vart sagt at "egentlig" var skyttergravene plassert mellom områda til ulike hæravdelingar, i påvente av den borgarkrigen mellom ulike generalar som ville komme når Hafiz døde. 

Vel, dette skjedde ikkje og var nok meir ei fantasifull utlegning. Regimet heldt sammen, og Bashar viste seg mogen for oppgåva då faren til slutt døydde i 2000. Renoméet hans som reformist kjem av dei endringane han straks sette i verk, han slapp dei fleste politiske fangane fri (mange av dei etter det Muslimske Brorskapets opprør i 1982), og opna ei lita dør for politisk debatt. Ikkje noe stort rom, det var aldri snakk om å tillate organiserte rørsler eller parti, dei vart heller kalla "diskusjonsklubbar" som kunne drøfte politiske saker, og argumentere for meir demokrati. Dette blir kalla "Damaskusvåren". 

Men lite som det var, skremte det dei gamle "dinosaurane", dei som hadde hatt makta sammen med Hafiz, og etter 11. september året etter med auka press i regionen, tvang dei Bashar til å stenge denne døra. Syria gjekk inn i eit nytt hardstyre, og sidan har det ikkje vore snakk om demokratiske reformar i Syria, før nå. 

Den mest påfallande endringa dei siste fire-fem åra har slik ikkje vore på det politiske området, men på det økonomiske. Ba'th-styret hadde jo ei sosialistisk, dvs. stats-sentrert, fortid. Det hadde alltid samarbeidd med handelsklassen ("bazaren") i Damaskus, men under ganske strengt statsmonopol. Dette gjorde også at mange i hæren kunne bruke si makt til å bli økonomiske aktørar, og vi fekk eit "militært-kommersielt kompleks" slik vi såg det i Egypt og også i Algerie. Men oftast i allianse med delar av bazar-klassen. 

Midt på 2000-tallet vart mye av denne statsmonopolismen oppheva, spesielt i detaljhandelen - den egentlige "bazaren" - noe besøkande raskt kunne sjå gjennom eit langt rikare vareutbytte i suqane. Dette gjorde det mulig for mange i denne handelsklassen å legge seg opp store private rikdommar, mens kommandostrukturane fortsatt var og er styrt av den "militær-kommersielle klassen", der ikkje minst Bashars fetter Rami og hans "Makhluf-klan" er symbol på korrupsjon, liknande dei vi kjenner frå andre arabiske land. 

Spørsmålet er da, kva rolle spiller det for demokratirørslas framtid? Oftast er det jo middelklassen som har tatt initiativet i denne, men er middelklassen i Syria fornøgd med utviklinga slik at dei ikkje vil utfordre styret? Rami Makhluf har beinhardt monopol på mobilnettet i Syria, men er det nok til eit twitter-opprør? Eller er det nye krefter innan mellomlaga, slike som ikkje har tent så mye på opninga, som kan drive kampen fram? Slike spørsmål er det som gjer det interessant å følge med om demonstrasjonane spreier seg i noe omfang til Damaskus, der dette samarbeidet mellom bazaren og regimet har vore tettast. Det har jo vore mindre demonstrasjonar der, nettopp i Hamidiyya-suqen!, men vi veit ikkje kor stort potensiale det er her, eller om det berre er politiets strenge kontroll som har hindra større oppreist. Det får vi kanskje vite i dei kommande dagane. 

Ser vi på det som er av opposisjon, så fins det diskrete stemmer i Syria, såvel som mindre diskrete stemmer i eksil. Faktisk så eksisterer det ein myriade av opposisjonsparti i landet, alle teknisk sett ulovlige, og alle utan noen tyngde og betydning; stort sett einmannsforetak som dukkar opp og forsvinn utan at noen legg merke til dei. Noen har prøvd å samle seg i ein felles plattform ("Damaskus-oppropet" av 2005), men spreiinga i politiske haldningar gjorde at dette også var ganske vagt og tok t.d. ikkje stilling mellom sekulære og religiøse idear for det kommande demokratiske Syria. 

Islam er jo den ukjente faktoren i syrisk politikk. På den eine sida har vi islamistane, det Muslimske Brorskapet som altså har ei opprørsk fortid, med revolten i 1982 som vart så blodig knust i byen Hama. Sidan da har det vore under jernhard kontroll frå regimet. I eksil ser dei ut til å ville nærme seg den liberal-sekulære opposisjonen, og er kanskje ikkje så radikale (t.d. gjekk dei i 2006 i allianse med Assads tidligare visepresident Khaddam, ein sekulær 'alawi, som da hadde hoppa av). Men også dette er eksilpolitikk og eksilpolitikarar, og når opprør startar i "gatene" plar eksil-folks planar og alliansar raskt bli irrelevante. Og frå gatene er signala inntil vidare uklare.

Interessant er det også å sjå på det organiserte islam, dei som held seg inne med Assad-regimet. Som nemnt sist, så har den sekulære militær-regjeringa ingen interesse i det heile av å gi styret noe "shi'isk" eller "alawisk" preg. Dei samarbeider heller med og støtter ein tradisjonell sunnisk teologi, dels bygd på sufi-ordnar. To kjente namn her er avdøde shaykh Kuftaru (av kurdisk opphav) og den konservative teologen Said Ramadan al-Buti (også han gammal nå). Kuftaru stod i noen grad for ein teologisk opning for ei meir liberal tolking av islam, forsterka av hans svigerson (og uavhengig medlem av parlamentet) Muhammad Habash, som langt på veg kan minne om ein "islamsk feminist". Dei to, Buti og Habash, er tildels rivalar om å stå for "offentlig islam-tolking", men begge er på trygt teologisk grunnlag sterke motstandardar av ei salafistisk islamtolking. 

Dermed kan det bli interessant å sjå korleis demokrati-rørsla, om den da faktisk eksploderer ut over det vi har sett så langt, orienterer seg i forhold til det islamske. Syria har vore eit i hovudsak sekulært land sidan 1950-tallet, setter dette fortsatt sitt preg på dei som er i opposisjon til styret, eller blir sekularismen knytta til Assad-regimet slik at motstnadarane vender seg til politisk islam? Har Brorskapet eit potensiale, og kva slags politikk vil dei i så fall stå for; moderat og i samarbeid med sekulære som i Egypt og andre land, eller vil dei bli pressa i salafistisk retning? Kva betydning har påverknaden frå Irak, gjennom den millionenen eller meir irakiske flyktningar som har funne vegen til Syria? Vil motviljen mot "alawiyaene" føre til ein sunnisk, religiøs mobilisering?

Og da har vi ennå ikkje tenkt over kva desse interne syriske problemstillingane kan få for effekt i forhold til Syrias uhyre nervøse naboar Israel, Libanon, og for den del Jordan, Tyrkia (kurdarane i Syria!) og Irak. Og USA - Syria er jo ein "bad guy", fordi Israel seier at dei er det (og USAs libanesiske venner er ikkje ueinige), men det er ein bad guy du kan forholde deg til. Kan uro og mulig kaos gjere det til ei kruttønne? Kan dei satse på at snille sekulære demokratar tar over, eller skal dei frykte at det blir stygge islamske Brorskapsfolk som vil gjere Israel vondt? Det er jo ganske umulig å vite nå, før opprøret heilt  har starta. Så, det er nok fleire enn makthavarane i Damaskus som sit på pinnar og ventar på kva som skjer i desse dagar. 

*** Mye av det eg skriv her er for øvrig ikkje sugd av eige bryst, eg plukka fram frå hylla ei artikkelsamling, Demystifying Syria (red. Fred Lawson, 2009) og har bygd på fleire artiklar der, m.a. av Salwa Ismail, Thomas Pierret, Joe Pace og Joshua Landis. Men gettingane og antakelsane er mine eigne ***

Ingen kommentarer: