søndag 20. mars 2011

Libya: Vi er inne, men kva er vegen ut?

Så er plutselig Norge også med. Da er vi igjen på medietoppen, og Japan fortrengt. Nyheitene endrar seg fortløpande, mens vi her får ta det litt meir piano og legge meir vekt på vurderingar og meiningar om det som skjer.

Her i Norge falt jo debatten raskt ned i eit høgre/venstre-spor, høgresida er gira på action, mens ytre venstre (Rødt og noen i SV) protesterer. Men internasjonalt er jo dei siste på lag med Tysklands konservative regjering, med republikanske senatorar i USA og mange militære, alle stort sett med samme reservasjon: Ein bør ikkje gå inn i ein krig utan at ein har eit klart og realistisk mål for korleis ein skal komme seg ut av den. Og det må ein kunne si manglar i dette tilfellet, det er ganske uklart kva som egentlig er det målet ein vil oppnå. 

FN-vedtaket er så vagt og opent at det ikkje gir noen retning, ein skal "beskytte sivile og sivile områder". Det kan bety mye eller lite. USAs Clinton seier klart at målet er å fjerne Qadhafi, men det er ei svært vid tolking av å "beskytte sivile". Skal alliansen berre stanse aktive angrep på sivile, eller skal den også fjerne alt som kan true sivile? Er libyiske stridskrefter som held seg passive også krigsmål? I så fall så er FN inne i ein generell krig mot Libya / Qadhafi. 

Stiller vi det opp, blir altså mulige tolkingar av å "beskytte sivile":

- Å stanse aktive krigshandlingar mot nye områder, altså fryse fronten med tanke på ei ikkje-militær løysing (deling av landet eller forhandlingar). Dette er ei rimelig tolking av at Benghazi er spesielt nemnt, og tyder på begrepet "sikre områder" (safe areas), at områder nå under opprørets kontroll skal vere sikra mot hevn frå Qadhafi. Bombinga av regimstyrkane ved Benghazi i går kan falle inn under det, fordi dei vart flytta fram dit etter at FN gjorde sitt vedtak, og etter at Qadhafi sjøl proklamerte si "våpenkvile", altså nytt område.

- Å stanse alle krigshandlingar på bakken, uansett kvar dei er. Utover Benghazi og Ajdabiyya vil det også si at kampane må stanse der dei nå pågår i vest, Misurata og Zintan. Men forøvrig blir konsekvensen den samme, ein stansar kampane, men berre fryser og løyser ikkje konflikten.

- Å stanse alle muligheiter for regimet til å ramme sivile, altså demilitarisere Qadhafi med makt. Det vil si, som eg nemnte over, ein generell krig frå lufta, alle militære mål uansett kvar dei er og om dei er aktive, vil bli bombemål. 

- Å fjerne Qadhafi direkte, ved å bombe hans hovudkvarter i håpet om å treffe han eller familien. Det er, som sagt, godt utanfor ei rimelig tolking av mandatet, men det er ei logisk løysing på konflikten: Ein kan vanskelig tenke seg ei fredelig løysing i Libya med Qadhafi ved makta, og ein kan vanskelig sjå for seg at han vil gi frå seg makta utan å vere fysisk tvungen til det. 

Det var muligheitene ut frå FN-vedtaket. Obama har i sin tale presisert noe som virkar som USAs krav, som ei presisering av FN-vedtaket: Qadhafi må trekke seg ut av fire byar, Benghazi, Ajdabiyya, Misurata og Zawiya. Altså ikkje berre fryse situasjonen, men føre den tilbake til slik den var for to veker sidan. Kvifor akkurat desse fire, og ikkje andre byar som har gjort opprør slik som Zuwara og Sabratha - eller for den del Tripoli sjøl, vart ikkje sagt, heller ikkje om dei fire berre var meint som eksempel og kva slags andre byar som da skal omfattas: alle libyiske byar? Vi veit jo knapt kva byar i innlandet som kan og kan ikkje ha hatt opprør. Altså, ikkje mye klarare. 

Dei to hovudalternativa er altså fastfrysing av situasjonen som mandatet klart dekker, eller ei sluttløysing som mandatet knapt gir dekning for, men som kan bli einaste mulige konsekvens om ein vil unngå permanent deling av landet. 

Om ein da tenker seg det siste: å fjerne Qadhafi, kva må så til? Er det mulig å "innføre demokrati frå 40.000 fots høgde", som Gahr Støre uttrykte det? Det er det kanskje ikkje, så det må føras noen nye faktorar inn i likninga for å få den til å gå opp.

Ein er opprøret sjøl. Dette er kanskje tanken: Dei allierte svekker Qadhafis militærmakt så mye at opprøra i vest startar opp att og denne gongen vinn fram, i Zawiya, Misurata, og Tripoli. Hans militærmakt er ingen match for dei allierte. Men dei er altså i lufta, og på bakken er opprørane fortsatt langt underlegne. Igjen må vi hugse på at opprøret i første runde vann på walk-over, dei regulære soldatane gav opp utan kamp. Det tok Qadhafi to veker å organisere sine lojale styrkar, og straks dei var stilt opp hadde opprørane ingen sjanse. Det vil fortsatt vere tilfellet, om ikkje dei allierte klarer å bombe i stykker også hans landstyrkar, som nå altså i stor grad står inne i dei byane dei kontrollerer. Har dei allierte nok presisjon, og kor store sivile tap er dei i stand til å tåle?  

Det andre, som også kan vere ein strategi for noen, er at denne krigen vil utvikle seg av seg sjøl, og at FN-mandatet er så fleksibelt at det kan strekkas utover det som i dag er politisk mulig. Qadhafi vil klart la seg provosere verbalt, men setter han også ord til handling: dersom han t.d. sender raketter mot allierte handelsskip i Middelhavet, står dei landa i ein ny situasjon, da kan dei i sjølforsvar gå utover FN-vedtaket og gå til ordinær krig direkte mot Tripoli og Qadhafi. Mindre dramatisk, at Qadhafi svarer på ein slik måte mot libyarar at det er tydelig luftkrigen ikkje er tilstrekkelig, f.eks. ved å skyte sivile opprørarar i dei byane han styrer, og at dette fører til slik internasjonal reaksjon at dei allierte må sende inn det som trengs av troppar for å "avslutte jobben". Offisielt under opprørsleiingas flagg, slik at det ikkje er noen "okkupasjon". Men i realiteten blir det altså da vestmaktenes seier, og da vil ikkje dei berre kunne dra igjen utan at å ha "stilt eit levedyktig styre" på beina, dei kan ikkje berre forlate eit kaotisk land. Så da vil det gå som i Irak, Qadhafi vil bli gløymt og nye konfliktar, som mot dei fremmede styrkane, vil mobilisere i staden. 

Dette kan altså vere dei tre vegane ut att:
- Ein lar vest-Libya vere under Qadhafis styre, så lenge han forheld seg rolig. Det ville nesten vere eit nederlag for alliansen om det blir resultatet, uansett FNs ordlyd. Men det kan gi eit pusterom for opprørane der til f.eks. å skaffe seg bedre våpen og balansere den overmakta regimet har militært.
- Opprøret startar att i Tripoli, og klarer ved eiga hjelp å overvinne Qadhafis elitesoldatar som han har samla der. 
- Opprøret startar att, og klarer ikkje å overvinne regimets soldatar, og for å forhindre at dei blir massakrert må dei allierte sende inn bakkestyrkar, med eller utan ny FN-resolusjon, og så følger resten meir eller mindre uavvendelig. 

Mye står altså på kor treffsikre dei allierte bombene er, og på opprørane i Tripoli og dei andre byane i vest.

****
Det var analysen. Kva skal vi som aktørar og politiske menneske meine? Skulle Norge ha slutta seg til FN-vedtaket?

Det var opplagt ein vanskelig situasjon, Benghazi stod overfor faren for nederlag og ei ganske rimelig frykt for massakrar etterpå. FN og dei allierte svarte med å ta ein sjanse. Om det går bra, og opprøret klarer resten sjøl, så vil dei fleste meine ein har avverga eit blodbad. Men om det ikkje går bra, og dette var det første steget på ein veg som fører langt verre blodspille, så vil ein nok si at vi burde ha sett oss om etter andre vegar (som å væpne opprørane utanfrå). Når vi nå først står her, så må det beste vere å sette ein strek i sanden og seie, meir enn dette kan ikkje omverda bidra med før vi gjer meir skade enn nytte. Og den streken kjem iallfall der første framande soldaten set foten på libyisk jord, kanskje før. 

Humanitære intervensjonar er gode til å fjerne det ein ikkje liker (diktatorar), men dårlige til å produsere varige løysingar for ettertida, det er vel det vi har lært frå Irak og Afghanistan. Den gamle parolen gjeld nok fortsatt: Folkas frigjering må vere deira eige verk.

Ingen kommentarer: