onsdag 23. mars 2011

Libya: Spørsmål (og svar?)

I debatten om "var det riktig å gå til krig", har ulike spørsmål komme opp, både når det gjeld språkbruken og realitetane. Noen slike er:

- Ville Qadhafi ha "slakta ned", "gjort folkemord", etc. om han hadde vunne fram i Benghazi?
Det kjem litt an på kva ein meiner med orda. Det er rimelig klart at han ville tatt hevn over opprørane, og at han her ikkje hadde skilt mellom "sivile" og "militære". At han ville tatt hevn, og måten, kan vi sjå frå rapportar frå andre gjenerobra byar, der såra på sjukehus enten vart ført bort (trulig for å skytas), eller vart skutt på staden i følge noen rapportar. Vi kan også sjå i det Qadhafis truslar om å "gå frå hus til hus"; ein kan ikkje alltid ta Qadhafis truslar for god fisk meir enn løftene hans, men det er rimelig grunn til å tru at han ville latt hevnen gått ut over fleire enn berre dei som var tatt med våpen i hand, men også over andre som "kunne ha vore med". Kor mange? Igjen kan vi ikkje vite sikkert, med sidan Benghazi stod ganske samla bak opprøret, vil hevnen trulig også vore tilsvarande vid. Det er her viktig å hugse på at Qadhafi ikkje har fengsla og torturert for moro skuld; det er ein del av regimets maktbasis, ei grunnleggande frykt for kva som skjer om ein ikkje gjer som ein blir fortalt. Når vi har hatt eit opprør som har utfordra denne frykta, så må derfor hevnen bli tilsvarande hard for å gjenopprette denne frykta. I sum, det er rimelig å vente langt hardare hevn enn vi såg i Zawiya og andre byar, og "frykt for massakrar" eller "massedrap" er ikkje urimelig. Vi veit ikkje at det ville skjedd i det omfang, men det er ein rimelig stor fare for at det ville skjedd. "Folkemord" er nok eit for sterkt uttrykk. Ser vi på stammestrukturen i Libya, vil heile "folkegrupper" (dei i aust) bli ramma, men ikkje med utrydding eller utsulting. Folkemord bør ein derfor ikkje bruke.

- Bombar Qadhafi "sivile", "sitt eget folk", osv.?
Dette er jo den viktigaste retoriske frasen. Opprørarar som har tatt våpen i si hand er ikkje sivile. At eit regime forsvarar seg mot opprør er illegitimt berre dersom vi reknar regimet som illegitimt og opprøret som den legitime makta. Det er altså tvilsomt om desse uttrykka kan brukas om kampane mellom opprørssoldatar og regimesoldatar.
        Derimot er det rimelig god dekning for at det har blitt skutt på demonstrantar med skarpt (ikkje berre i Libya, for øvrig, det har skjedd i alle dei arabiske opprørslanda, men trulig med ein del større tap i Libya enn andre land). Når ein snakkar om "bombing" må det referere til angrepa på dei byane som gjorde opprør, spesielt Zawiya, men også nå Misurata og andre, der det ser ut til å ha vore generell bombing inn i byen utan spesielle militære mål, og ha ramma boligstrøk og lagt større eller mindre bydelar i grus. Dette er heller ikkje nytt, i Syria (Hama 1982) vart ein stor del av byen lagt flat med bomber og tanks, med sivile begravd inne i husa, og byen måtte byggas opp att seinare. Om ein reknar det som trulig at noe tilsvarande har skjedd i desse byane (vi har ikkje bevis for det, berre at sivile områder er blitt ramma), vil det uttrykket bli treffande. "Sitt eget folk" som NRK brukar fast, betyr berre at det er ein borgarkrig / opprør, da er det jo openbart sitt eige folk som er målet.

- Er dette eit opprør frå Aust-Libya (Cyrenaica) mot Vest-Libya (Tripolitania)?
Nei. Det er viktig å hugse på at "aust" og "vest" ikkje er like størrelser, Tripolitania er langt den mest folkerike og mest utbygde delen av landet). Men opprøret starta samtidig i nesten alle byar vi kjenner til i Libya, både i aust og vest: i større byar i vest som Misurata og Tripoli, mellomstore som Sabratha, Zawiya og Zuwara, og små som Zintan, Yefren opp fjella. Dette er områder med heilt ulik bakgrunn og stammestruktur, dei tre siste er tilmed berberiske. Berre i Sirte, Qadhafis heimby, var det ikkje opprør (frå dei tynt befolka områda i sør, Fezzan, har vi ikkje hørt noe). Dette tyder på at opprøret i utgangspunktet var breitt. Opprøret ser ut til å ha komme overraskande både i aust og vest, i begge områda vart ikkje desse byane "erobra" i kamp, men i hovudsak tatt over av opposisjonen etter at politi og hæravdelingar rømte byane utan vidare. Slik også i aust, men forskjellen der var at i aust slutta ialllfall delar av hæravdelingane seg til opprøret, mens det ikkje ser ut til å ha skjedd i vest. Akkurat dette kjem trulig av stammestruktur, dei avdelingane som stod i aust (iallfall dei som deserterte) hadde opphav der, og det var desse som slutta seg til.
         Vi har derfor delvis fått eit aust/vest-skille, der opprøret i aust er eller kan bli beskytta av flyforbudet, mens dei i vest ikkje er det så langt, og kanskje heller ikkje kan bli det. Dei kan derfor bli spesielt utsatt for hevn. Men det også merkbart at far og son Qadhafi ser ut til å oppfatte dette som eit regionalt opprør frå aust, og derfor har fokus mest i den retning.

- Representerer "Opprørsrådet" opprøret, enn si den opprinnelige demonstrasjonsrørsla?
Vanskelig å si. I utgangspunktet ikkje, det er ein sjølutnemnt komite i den største opprørsbyen. Dei andre opprørsbyane har sine komitear, og noen av dei har møttes i Benghazi og ser ut til å ha ei minimal koordinering med dette rådet, men kan også ha sine eigne agendar. Det er openbart ingen representasjon frå opprørane i vest, det vil nå si Misurata og Zintan (men vi veit jo ikkje om det er telefonkontakt el.l). Rådet i seg sjøl er sammensatt så langt vi ser av ulike "framståande personar" (dommarar, legar osv.) med samme bakgrunn frå Benghazi, heilt ad hoc, i følge noen rapportar er dei alle også frå samme stamme i aust. Så den er ganske smal; men det er den einaste som er der. Det er godt mulig at opprørane i vest vil erkjenne deira rolle som "einaste talsmann som kan snakke fritt" og akseptere den rolla, men det kan også vere at dei vil meine at dette er aust som prøver å styre. Det er umulig for oss å vite, eg har ikkje sett noen meldingar som kan tyde på noe standpunkt eine vegen eller andre vestfrå. Det mest påfallande er nok at det gamle flagget, som mye vart oppfatta som eit "aust-Libya-flagg" vart raskt adoptert også i vest som "det nye Libyas flagg", noe som tyder på at dei ser seg som eitt opprør og ikkje er så opptatt av aust-vest-delinga, iallfall ikkje nå så lenge kampane pågår.
         Så eg vil nok si at opp til eit punkt bør vi sjå på dette rådet som eitt uttrykk for opprørsviljen. At dei ber om flyforbud men ikkje vil ha bakkestyrkar er det ingen tvil om, og det er rimelig å oppfatte dette som ønsket til "gata" i aust, og trulig også anti-Qadhafi-folka i vest.

- Ønsker opprørane at vestmaktene skal kjempe kampen for dei?
Dei som står i frontlina ønsker nok trulig at dei sjøl skal "marsjere utan motstand" til Tripoli og ta Qadhafi på eiga hand, og når dette ikkje lar seg gjere (trass i bombinga, klarer dei ikkje å ta ein gong Ajadbiyya, så langt), så ønsker dei at "noen" skal rydde vegen slik at dei kan gjere dette "og vinne sjøl". Altså ein viss grad av politisk naivitet, men når du blir skutt på utan å kunne svare, og det svirrer superkraftige kampfly over hodet ditt, er det ganske menneskelig å håpe på hjelp frå den kanten.

- Har Qadhafi noen reell støtte?
Det skal vi ikkje utelukke. Det er jo klart at dei som har tent på hans styre er uroa ikkje berre over å miste privilegier, men også for hevn fordi dei stod på feil side. Dette kan gjelde mange. Vi har liten kunnskap om kor mye stammelojalitet faktisk betyr, trulig ganske mye i betydning solidaritet: vi støtter våre mot dei andre, men vi veit mindre om i kva grad den kan dirigeras, om noen tar "ordre" frå stammeleiarar. Spesielt i dei fleire millionar urbaniserte unge. Men det kan vere ein faktor, sjøl om ein by gjer opprør betyr ikkje det nødvendigvis at alle der gjer opprør. Likevel er det grunn å merke seg den geografiske bredden i opprøret, som også må reflektere ein "stammemessig" breidde. Og naturligvis er det alltid ein stor del av befolkinga som "ikkje vil ha bråk"; dei som ikkje har vore ramma av Qadhafis undertrykking men som ser på at levestandarden deira er bedre enn nabolandas, og "kvifor skal nå desse lage ufred". Opportunisme - at ein støtter begge sider ettersom kven som har overtaket - er også med i alle konfliktar.
       Så ja, opprøret omfamnar ikkje alle, men nok ganske mange, og det er ikkje urimelig å snakke om eit folkelig opprør som mest trulig har størstedelen (av dei som har tatt stilling) bak seg.

- Har dei allierte noen strategi for kva som nå skal skje?
Om ser bort frå konspirasjonar på bakrommet og går ut frå det som er offentlig, så ser det ikkje slik ut. Det er uklart akkurat kva dei bombar nå, om det fortsatt berre luftvern osv, altså knytta til flyforbudet som elles er på plass og effektivt, eller om ein har tatt til å bombe også ikkje-aktive libyiske bakkestyrkar. På "fronten" ved Ajdabiyya blir det fortsatt bomba, men i følge reportarar på staden veit heller ikkje opprørane kva som blir ramma, om det er regimets tanks og artilleri eller andre mål. Dei venter derfor med å angripe, sidan dei fortsatt blir beskutt av overlegent materiell om dei prøver å avansere.
        Det er mulig at dei allierte vil fokusere på Ajdabiyya og dermed etablere ei fast og lett forsvarlig frontline inst i Syrte-bukta, dermed effektivt dele Libya i to. Militært høres det rimelig ut, men fryser altså berre ein situasjon som er i lengda umulig.
        Vi har Obamas krav om at Qadhafi skal trekke seg ut av to byar i vest, Misurata og Zawiya. Zintan, også beleira og beskutt, er trulig også med på lista. Det kan vere målet er å tvinge dette gjennom ved bombing frå lufta. Om det viser seg mulig, så vil dei andre byane spørre seg, kva med oss. Skal ein berre stanse der? Kva med Tripoli, skal Qadhafi "trekke seg ut"? Det er det samme som regimets fall, og som vi hører er det stor semje om at "regimet må falle", men klar usemje om dette er dei alliertes oppdrag eller ei.
        Dette er altså den mulige hengemyra vi har snakka om; eller iallfall første delen av den, om dei faktisk slår over i den aggressive konklusjonen om å felle Qadhafi "på dei alliertes bajonettar", så oppstår det nye uløyste, og kanskje uløyselige, spørsmål.

Ingen kommentarer: