torsdag 10. mars 2011

Libya: Flyforbud?

Interessant utvikling på bloggen nå, legg merke til kommentaren på gårsdagens innlegg, som kom frå ein lesar som sit i Jemen og kunne gi utfyllande opplysingar. Viktig nytt!

På Libya-fronten går altså det meste av debatten nå om ein mulig flyforbudssone, mens kampane blir meir ein stillingskrig. Mange ønsker at omverda skal komme opprøret til unnsetning, men eg er skeptisk til ein slik flyforbudssone, ut frå kva det konkret vil innebære. Eg er rett nok ingen militærekspert, og det som kjem her bygger i hovudsak på ei oppsummering som Le Monde gjorde (6.3.11) om kva eit slikt vedtak innebærer.

I sum, så er det to aspekt. For det første må ein bli einige om kva ein slik sone skal bety. For det andre, kva er forholdet mellom "flyforbud" og "utanlandsk intervensjon"?

Spørsmål ein må avgjere er:

- Skal sonen dekke heile Libya, eller berre ein del av landet (f.eks. kyststripa)? Det har stor betydning for kva slags ressursar som må settas inn, sona berre over vesle Kosovo medførte 1000 flyoppdrag pr. dag for å kontrollere at forbudet vart halde oppe. Å dekke heile Libya vil trulig vere unødvendig, men berre den lange kysten frå Tunisia til Egypt vil kreve store flyressursar.

- Kva skal målet vere, å stanse berre militærfly, eller å opprette "kill boxes" som amerikanarane kallar det, der alt som lettar frå bakken blir skutt ned? Det siste er enklare å gjennomføre, og vil da også støtte dei økonomiske sanksjonane som er innført. Europearane er skeptisk til dette, men da må ein vere i stand til å skille mellom militære og sivile oppdrag (Qadhafi-regimet vil jo ikkje samarbeide om å skille). Franske militære vil også berre samle seg om jagar- og bombefly, ikkje helikopter, trulig av militærfaglige grunnar. Helikopter har vi ikkje sett så mye til ennå, men Qadhafi har ein god del moderne kamphelikopter som kan bli avgjerande i strid.

Kva gjeld forholdet mellom "flyforbud" og "utanlandsk intervensjon", er spørsmålet i kor stor grad det eine medfører det andre.

Kor mye samarbeid på bakken vil f.eks. vere nødvendig? Ideelt bør flya vere støtta med bakkeradar i Libya for å oppdage fiendtlige fly. Dette er urealistisk, derfor må ein i staden bruke AWACS-radarfly. Berre USA, Frankrike og Storbritannia har slike.
I tillegg vil det trulig vere behov for alliert etterretning på bakken. Dette gjeld ikkje minst i den første fasen, som vil vere å slå ut (bombe) libyiske anti-luftskyts, kanskje også militære flyplassar osv. for å gjere det umulig for fienden å true allierte overflygingar. Utan lokal etterretning vil slike bombetoktar bli mindre presise og meir utsatt for faren for å treffe feil, f.eks. treffe sivile mål i nærheita.

Dette siste er kanskje det mest sensitive. Å sende alliert etterretning (spionar) inn utan opprørshærens kunnskap vil vere ein brannfakkel som vil splitte desse frå dei allierte. For dei å godkjenne slike utanlandske soldatar vil vere politisk umulig, så intens motstanden mot fremmed intervensjon er på opprørssida. Å bombe utan lokal etterretning og risikere sivile tap i regionar som kanskje vippar mellom å støtte Qadhafi og å støtte opprøret, vil også vere politisk svært risikabelt.

Poenget er altså at det er ei populær oppfatning, både mellom opprørarane og i vestlig opinion, at flyforbudssonar er eit slags konkret handslag utan å vere direkte intervensjon, mens den militære realiteten er at ein slik sone faktisk er ein intervensjon, at Vesten går inn i krigen, og dermed også tar eit ansvar for korleis krigen utviklar seg - f.eks. ansvar for sivile tap - og kanskje også for det som skjer etterpå. Da begynner det å likne på vestens større intervensjonar i Somalia, Irak og Afghanistan, der ein i alle tilfeller vel må si at vestlig militær innblanding har vorte ein magnet for motstand, og gjerne også motstand som ikkje nødvendigvis spring ut av støtte til falne diktatoren. Ein kan ikkje blande seg "litt" inn i ein krig.

Ein annan kanskje overraskande observasjon gjort av militærfaglige er at, iallfall på papiret, har Qadhafi faktisk vore ganske tilbakehaldande i militær maktbruk. Han har brukt tanks mot opprørarar og demonstrantar, ja, men ikkje mange. Bortsett frå dei siste to dagane, da 50 tanks gjekk inn i Zawiya, har det sjeldan vore meir enn 4-5 tanks satt inn i kampane, mens han skal ha over 1000 tanks til rådvelde. Utviklinga i Zawiya nå har jo nettopp vist at når større tall tanks vart satt inn, hadde opprørane vanskelig med å svare. Så kvifor vart dei ikkje brukt før? Logistikk? Ubrukbart utstyr? Mangel på tiltru til soldatane (men dei beste våpna var jo hos dei mest lojale brigadane)? Noen tippar at Qadhafi nettopp ønsker å unngå store sivile massakrar, ikkje av humanitære omsyn, men fordi store tap  kan mobilisere stammelojalitet hos dei som da ville bli ramma hardt, også hos stammar (stammeleiarar) som kanskje nå sitter på gjerdet og venter for å sjå kven som får overtaket.

Kampfly har også faktisk vore lite brukt til anna enn overflygingar, det meste av bombingane har vore med artilleri. Flya har først og fremst ført til ein sterk frykt hos opprørane, som har gitt spredning av rykter, f.eks. da eit ammunisjonslager utanfor Benghazi eksploderte etter eit uhell vart det lenge rapportert at byen var blitt bomba av jagerfly. Ei flyforbudssone vil kanskje derfor først og fremst ha ein psykologisk effekt på opprørane. Men dersom dei oppdagar at dette medfører at kampen deira er blitt USAs og Vestens kamp, vil det raskt slå motsatt veg og sette mange om ikkje alle av dei mot utlendingane.

1 kommentar:

kjakan sa...

e9 ass