torsdag 24. mars 2011

Jemen, Syria: regionanes opprør?

Litt i skuggen av Libya har altså demokratirørsla skutt fart i to andre land. Men begge avviker ganske kraftig frå "Tahrir-modellen", om vi skal kalle den tunisisk-egyptiske overgangen det.

Jemens hovudstad San'a har riktig nok sin eigen Tahrir-plass, men den er overtatt av dei som støttar regimet. Demonstrantane, studentar og andre unge, kallar "sin" plass ved Universitetet for "Taghyir" ("Forandring"). Dei står langt på veg for eit "facebook-opprør" inspirert av dei andre. Men utviklinga i Jemen er i langt større grad driven fram av tradisjonelle motsetningar. Vi har snakka om stammar i Libya og andre land, men i Jemen har desse ei ganske annan grunnleggande betydning for politikken. For å følge utviklinga, må vi derfor plotte aktørane inn i stamme- og regionkartet.

Vi kan ikkje ta heile etnografien her, men berre noen skilleliner:

- Dagens Jemen oppstod, som vi veit, i 1990 da dei to statane "Nord-Jemen" (som eigentlig ligg i vest, kyst mot Rødehavet) og "Sør-Jemen" (i aust, mot Indiske Hav) vart foreint under dagens president Ali Abdallah Salih.

Nord-Jemen er geografisk delt i eit høglandsområde (med hovudstaden San'a), og eit låglandsområde mot kysten. Dette skillet fell delvis sammen med eit religiøst skille: Stammene i høglandet hører i hovudsak til ei shi'isk grein, zaydismen, dei i låglandet er sunniar.

Sør-Jemen har tre hovuddelar: storbyen Aden, landområdet rundt, og det tørrare Hadramawt i nord-aust. Sør-Jemen var ein sosialistisk stat, men braut sammen i intern borgarkrig mellom gruppar, i hovudsak i regionen rundt Aden, noe som førte til samlinga i 1990. Alle er sunniar av religion.

Det politiske tyngdepunktet i det samla Jemen ligg hos dei zaydiske stammane i høglandet. Dei to viktigaste er Hashid og Bakil. Sterkast er Hashid, som president Salih tilhører. Det er ikkje slik at stammen "i seg sjøl" styrer, men at dei fleste i maktposisjonar er knytta til denne. Salihs familie (inkludert hans nå berømte halvbror, general Ali Muhsin al-Ahmar) hører ikkje til den leiande greina i Hashid, sjøl om dei siste bruker samme slektsnamnet, al-Ahmar (det er egentlig eit tilfeldig sammenfall). Ein må også hugse på at stammeleiarar har stor autoritet direkte i sine område utan å måtte bry seg med statsmakta.

Desse inndelinga er delvis reflektert i politikken:
          -Zaydiane, og med dei Hashid, er altså nær knytt til den sittande statsmakta, og president Salih (som altså er militær, men vi ser at det militære og stammane er knytta nær sammen).
         -Sunniane i nord dominerer islamistpartiet Islah. Dette er ein stor og brei allianse dominert til dels av stammar, til dels av meir ideologiske og salafi-inspirerte islamistar under leiing av Abd al-Majid al-Zindani. Noen få zaydiar er også med, spesielt var den tidligaren leiaren for Hashid-stammen medlem av Islah. Dette partiet har i hovudsak stått for ein "moderat" ("ikhwani") form for islamisme, dei har deltatt i val og samarbeidd med regimet, men har ikkje vegra seg for å lage bråk oppe i fjella når det passa seg slik. Partiet står Saudi-Arabia nær, og saudiane har ofte brukt det til å lage trøbbel for Jemen, dei blandar seg gjerne inn for å svekke rivalen på den arabiske halvøya innanfrå.
          -I sør (Aden) eksisterer fortsatt sosialistpartiet, men den viktigaste politiske retninga der er likevel seperatistane, som arbeider for å gjenopprette eit sjølstendig Sør-Jemen.

Dette setter scena. Det gir oss følgande separate konfliktar, nordfrå og sørover:

Houthi-opprøret, leia av grupper nær den saudiske grensa i nord, særlig frå Bakil, sidan 2004. Dei er (som zaydiar) mot dei sunniske salafistane, mot Saudi-Arabia, og mot Salih. Primært ønsker dei meir til seg sjøl. Dei skremmer saudiane, som i fjor sendte troppar inn for å hjelpe Salih å slå dei ned.

Demokrati-rørsla i San'a. Den er driven fram av studentane, men blir støtta av Islah. Dei har nå altså også splitta den gamle zaydiske maktalliansen, ved at den mektige general Ali Muhsin al-Ahmar og fleire andre har gått med dei. Både stammeleiarane for Hashid og Bakil har nå slutta seg til opposisjonen, utan at det betyr at alle stammemedlemmer automatisk følger dei. Som vi veit, har ein del av hæren også stilt seg lojal til president Salih, så denne er nå splitta, og i dag kom dei første meldingane om sammenstøyt mellom ulike hæravdelingar.

Det har også vore store demonstrasjonar i byane i låglandet, som Ta'izz, Ibb og spesielt kystbyen Hudayda, det 150 vart såra i førre veke. Det er uklart kven som egentlig har demonstrert her, men det er rimelig å tru at Islah iallfall har spilt ei viktig rolle, sidan dei står sterkt i desse byane.

I Aden har det også vore gjentatte og kraftige sammenstøytar. Her har klart separatisttanken vore viktig, sjøl om dei også knyttar seg demokratirørsla. Først og fremst ønsker folk i sør (og aust) å minske innverknaden frå dei som styrer i nord, altså både Salih, Hashid, Islah og alle dei andre.

-Og så har vi jo naturligvis Qa'ida, som faktisk finnes i Jemen, og trulig samarbeider med noen stammar i sør, kanskje helst (men ikkje berre) i grenselandet opp mot Hadramawt. Dei liker iallfall ikkje noen zaydi-shiaer, og heller ikkje Islah, eller egentlig noen andre i dette spillet, og vil prøve å fiske i det rørte vatnet dei måtte finne. Dei har så langt ikkje gjort seg bemerka i særlig grad (noen aksjonar kan vere deira), kanskje dei venter og ser kven som vinn og dermed kan bli bombemål for dei.

Så, spørsmålet er: Har desse samme mål: Nei, heilt klart ikkje. Sør vil ikkje bli styrt frå nord eller at dei skal få meir makt, mens det er akkurat det stammane i nord vil ha, berre studentane vil ha demokrati, og Ali Muhsin vil blir president i staden for presidenten. Men alle bortsett frå Salih vil at Salih skal gå. Det som er uklart er om dei andre samarbeider, eller berre passer på å skyte i samme retning så lenge Salih er der, for så å finne andre mål når eller om han skulle falle.

Meir konkret: Det mange ventar er eit statskupp der Hashid-stammen finn ein ny president frå sine rekker. Ali Muhsin eller noen annan, men Hashid vil opplagt at også neste president skal vere Hashid. Men vil noen av dei andre godta Muhsin? Noen demokrat er han ikkje, og mange tvilar på at han blir noe bedre enn Salih. Studentane vil ikkje godta ein frå "det gamle styret"; men da får dei problem med sine nye allierte som vil ha akkurat det. I vestlige auge er denne Ali Muhsin er ein utsøkt bad guy: Han blir beskyldt for å ha støtta Qa'ida i Aden, Houthiar i nord, og han skal vere salafist - altså saudisk agent, men om det er noen saudiane fryktar her, så er det Houthiane og Qa'ida, så dette er litt usammenhengande skuldingar. Han er sikkert ein opportunist, og neppe noe stort demokratisk framskritt. Så, eit kupp frå han vil ikkje løyse noen av konfliktane, dei vil berre skifte ut namnet på leiaren dei er imot.

***

Det andre nye er altså det plutselig har vakna opp i Syria. Men ikkje i Damaskus. Det er ein by få kanskje har hørt om, Dar'a i sør, der vi har fått ein stor og vedvarande bølge demonstrasjonar med uventa vid oppslutning. Kvifor her? Så langt veit vi ikkje så mye. Men det som ser ut til å kunne vere ein nøkkel, er at Dar'a ligg i eit område dominert av druzarane, som ein rimelig stor religiøs-etnisk minoritet heilt sør i Syria. Styresmaktene skal ha hatt svakare kontroll her, og det er også eit område som er blitt forfordelt økonomisk og som altså dermed hadde særlig grunnlag for misnøye. Det kan vere grunnlag for opptøyane, og observartørar ber oss halde utkikk med andre tilsvarande utkantområde i Syria, slik som Eufrat-dalen i nord-aust, i stor grad bebudd av kurdarar. Dei kan bli inspirerte.

Det som foreinar desse to landa er altså at demonstrasjonane, sjøl om dei her også er uttrykt i det allmenne arabiske kravet om demokrati og fornying, er langt meir prega av regionale forskjellar innanfor landet enn i noen av dei andre landa (også Libya, der opprøret i utgangspunktet var nasjonalt på tvers av regionane). Det understreker altså dei nasjonale særtrekka ved kvart lands utvikling.

[Takk til Eirik Hovden og Anne Bang for fakta om Jemen. Vurderingar og evt. feil her er mine eigne. Ein feil om Hudayda, påpeikt i kommentarane, er korrigert i ettertid.]

2 kommentarer:

Anonym sa...

For det fyrste: du var vel berre litt for kjapp i avtrekkaren, reknar eg med. Men det var i Sana'a dei 50 demonstrantane vart drepne, ikkje i Hudayda. Ja, demonstrasjonane har vore store i Hudayda òg, men det var altså hendinga ved universitetet i Sana'a sist fredag som førte til denne voldsomme vendinga i utviklinga ein ser no.

For det andre er det verdt å leggje merke til at deler av separatistgruppa i Aden faktisk nyanserer kampen i desse dagar. I eit debattprogram (der rett nok kun éin fekk uttale seg direkte) vart det hevda at separatistane no ikkje nødvendigvis kjempa for ein eigen stat. Men dei kjempar mot -måten- unionen har behandla folket i sør (som jo er fullstendig forståeleg), og at dei no kjempar den same kampen som vert utkjempa i Sana'a. Det kan altså vere tenkjeleg at separatistane faktisk støttar protestane heilhjerta og på same premiss som studentane i Sana'a (det er vel for øvrig òg dei to gruppene som liknar mest på kvarandre i det politiske landskapet i Jemen akkurat no). Men sjølvklart, det er jo mogleg at ein god dose opportunisme har nådd Aden i desse dagar.

Det vert òg spanande å sjå kor mykje innflytelse studentane (dei som vel mest liknar på den unge og arbeidslause Facebook-generasjonen i Egypt) får i det vidare politiske spelet. Trass alt var det dei som starta det heile; men slik det ser ut no, har den politiske gamle opposisjonen kuppa mykje av momentet i demonstrasjonane. Det kan slå uheldig ut for sluttresultatet, etter mi meining. Og som det vert peika på her: Ali Mohsen al-Ahmar, til dømes, er ein kontroversiell figur, og han er i utgangspunktet ikkje populær blant dei som starta demonstrasjonane her (altså studentane). Dersom ein ser bort frå at han faktisk tok med seg soldatane sine til opposisjonssida, så er det litt som om Omar Suleiman skulle ha teke endeleg over etter Hosni Mubarak i Egypt. Ikkje den snillaste guten i klassen altså, og ein gjer nok veldig rett i å undre seg over motivasjonen hans. Dog, han valte eit perfekt tidspunkt for kunngjeringa si - etter den grusomme fredagen. Dette førte til at "den store resignasjonsdagen" vart ståande som ein svært positiv dag.

Anonym sa...

Eg er for øvrig òg litt usamd i overskrifta (eventuelt, eg svarar nei på spørsmålet). Særleg etter fredagen, det store vendepunktet, har Sana'a vore det absolutte sentrum for protestane i landet. Og det er i Sana'a det kjem til å verte avgjort no. Det er her dei raslar med sablane, det er her dei kjempar om ha dei største stridsvognene plassert rundt omkring, og det er her presidentpalasset skal takast i morgon (det er iallfall trusselen). Det vert nok ein spent fredag.