tirsdag 1. mars 2011

Egypt: Brorskapet og koptarane

I fjor haust fekk eg ei bok til melding med leveringsfrist enten i november eller mars. November var for tidlig, og det var like bra eg venta, for boka kunne knapt ha blitt meir dramatisk relevant enn ho vart på det halvåret: Ho dreide seg om egyptiske islamistar og Brorskapets syn på demokrati, politiske rettar og statsborgarskap, konkretisert på koptarane og om koptaranes svar på dette. (Rachel M. Scott, The Challenge of Political Islam: Non-Muslims and the Egyptian State. Stanford: Stanford University Press, 2010.)

Bakgrunnen er altså at Egypt, etter å gått gjennom ein "sekulær fase" i mellomkrigstida der koptarane oppnådde høge posisjonar, frå Sadats tid fokuserte meir og meir på å vere eit muslimsk land. Koptarane reagerte på dette ved langt på veg å legge vekk kravet om sekularisme (sjøl om det fortsatt finnes ein sterk sekulær tendens mellom dei) og samle seg om kyrkja, spesielt under den sterke nåverande pave Shenouda III. For dei er det viktigare å styrke koptaranes grupperettar enn eit - etter deira syn umulig, og kanskje også uønska - press for eit skille mellom religion og stat. Slik ønsker ikkje kyrkja meir enn islamistane at det skal bli lettare å skifte religion, sidan dei fryktar konvertering frå kristendom til islam kanskje meir enn noe anna. Individuelle rettar veg dermed lettare enn dei kollektive rettane til dei kristne om å bestå som gruppe.

Kva gjeld islamistane, ser dei forholdet mellom den muslimske staten og dei kristne gjennom eit eller begge av to begrep, dhimma og nasjonalstatens statsborgarskap (muwâtana). Dhimma er, som vi veit, det klassiske islamske systemet der "bokfolka" kristne og jødar blir tolerert og "beskytta" av den muslimske herskaren når dei betaler ein særlig skatt, jizya, som symboliserer deira underordning under den muslimske staten. Dette har vore islamistanes svar på forholdet til dei kristne; i den islamske staten må dhimma-systemet (som vart avskaffa i 1857) gjeninnføras på ein eller annan måte. Dette var det dominerande paradigmet for Brorskapets tenking heilt fram til 1980-tallet, og t.d. Qaradawis tekster frå denne tida er gjennomsyra av dhimma-tanken.
        Mange av dei meiner rett nok at forma på kontrakten må endras og moderniseras, slik at forholdet meir blir partnerskap enn underordning. T.d. var jizya i deira syn først og fremst eit historisk fenomen, ei "betaling" for statens beskytting sidan dei kristne ikkje vart bedt om å delta i forsvaret av landet. I det moderne Egypt er det vanlig verneplikt, utan omsyn til religion. Dermed deltar dei kristne nå sjøl i denne beskyttelsen av nasjonen, og begrunnelsen for noen jizya-skatt har falle bort. Ikkje desto mindre er det klart at begrepet er meint å innebære ein minoritetsposisjon; dei kristne er forventa å akseptere at Egypt er ein muslimsk stat.

Brorskapet har, meiner forfattaren, utan tvil akseptert fleirtalsdemokrati som statens grunnform. Rett nok står det fortsatt i Brorskapets grunnlag at ein ønsker ein islamsk stat bygd på Sharia. Men, seier mange av dei; definisjonen på ein islamsk stat er nettopp dette med Sharia, og i Egypts grunnlov står det i §2 at kjelda til lovene er "prinsippa i den islamske Shariaen". Dermed er Egypt i dag pr. definisjon ein islamsk stat, og dette målet er såleis oppnådd. Sharia er eit begrep som er opent for tolking, og så lenge prinsippa, som er velferd, rettferd, og eit moralsk samfunn, ligg til grunn, treng ikkje forma i dei klassiske lovene vere relevante i dag. Men når dei skal definere "fleirtal" er det likevel mange som tenker i gruppe, og ikkje i individ: Sidan muslimane openbart er i fleirtal i Egypt og dei kristne er i mindretall, betyr fleirtalsdemokrati at dei kristne må akseptere at lovene er bygd på fleirtalets religion, islam. Tanken om eit fleirtal bygd på individ med skiftande alliansar er langt mindre utvikla.

Dette meir tradisjonelle synet er i dei siste par tiåra blitt utfordra av ei retning som blir kalla wasatiyya, som kan omsettas med "det gyldne middelveg", eller "sentristane". Denne, med intellektulle som Tariq al-Bishri (nå leiar for grunnlovskommisjonen), Muhammad al-Awwa' og Muhammad 'Imara (Qaradawi er også knytt til dei), meiner at dhimma er eit forelda begrep. Det har ikkje basis i Koranen, men var eit system utvikla i middelalderen tilpassa tilhøva då. I dag lever vi i eit anna politisk system, nasjonalstaten, som nå er ramma for politisk tilhørigheit. Eldre islamistar meinte nasjonal tilhørigheit var mindre viktig enn religiøs, "heller bli styrt at muslimsk ikkje-egyptar enn ein ikkje-muslimsk egyptar". For sentristane går derimot det religiøse og det statsborgarlige på ulike nivå. Politiske rettar er ikkje knytt til religiøs tilhørigheit, men til det ikkje-religiøse nasjonale statsborgarskapet. Kristne koptarar deler sin egyptiske identitet med muslimane, og deltok skulder ved skulder i kampen for frigjeringa mot kolonialismen. Derfor skal muslimar i si politiske atferd ikkje gå ut frå det religiøse, ein muslim kan både nominere og stemme på ein kristen kandidat, til alle stillingar i samfunnet.

Wasatiyya er ikkje ein politisk organisasjon, men har inspirert (og gitt namn til) det vesle partiet Wasat, som nå er blitt legalisert. Meir viktig er kanskje situasjonen innan Brorskapet. Dette er så stort at det har mange retningar og oppfatningar, både geografisk og i generasjonar. "Liberalitet" går dels etter alder, men ikkje berre: I mindre avdelingar på landsbygda kan unge Brorskapsfolk stå for ganske konservative haldningar. På den andre sida er dei aller yngste i byane nok mest pågåande i liberal retning (som vi også såg da dei anspora Brorskapet til å ta del i opprøret). Grovt sett kan vi likevel snakke om ei "reformistisk" retning, der leiande namn er Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh og 'Issam 'Aryan, og ei "konservativ" retning, der den nåverande leiaren Muhammad Badi' er eit viktig namn.

Reformistanes oppfatningar fell langt på veg sammen med Wasatiyya sine i desse spørsmåla, og dei legg også nasjonalt muwatana, ikkje dhimma til grunn. Vekta mellom dei kan vi sjå i framlegga til politisk plattform til Brorskapet i 2003 og 2007. I det første er koptarane knapt nemnt, berre som "partnarar" i Egypt, noe dei neppe er nøgde med, dei fryktar å bli sett på som "gjester" i staden for likeverdige borgarar. Fire år seinare er det derimot begrepet muwâtana som ligg til grunn, og med det nasjonalstatens likebehandling av kristne og muslimar. Dette programmet vart likevel frosse, fordi det på andre punkt vart rekna som for konservativt og førte til store og resultatlause debattar innan organisasjonen.

Dette må likevel ikkje forvekslas med aksept av sekularisme. Det demokratiske systemet er eit islamsk demokratisk system, der religionen ligg til grunn for samfunnet. Dette er alle retningar, også dei mest liberale, samde om. Det betyr at det fortsatt ligg begrensingar til grunn. Den nemnde liberaliteten gjeld først og fremst kristne og andre bokfolk, og føreset at forholdet mellom desse ligg fast. Det er ikkje tilsvarande aksept for ateisme, knapt noen av desse kan tenke seg eit parti som agiterer for ateisme, og heller ikkje for individuell konvertering ut av islam. Baha'i møter store problem i Egypt, offisielt må dei enten registerere seg utan religion (noe som medfører problem) eller føre opp muslim eller kristen på ID-kortet. Dette er også eit stridstema, dei mest liberale vil opne aksept for at andre religionar enn dei tre gamle skal kunne bli offisielt registrert, men langt inn i Wasatiyya er dette problematisk. Det er også lettare for desse å akseptere t.d. at ein kommande president i Egypt skal vere kristen, enn å godta at ein kristen mann skal kunne gifte seg med ei muslimsk kvinne.

Den viktigaste boka om Wasatiyya-rørsla til nå har vore Raymond Baker, Islam without fear, som langt på veg er ein hyllest til rørsla. Scotts bok er langt meir sober, og viser også klart begrensingane i deira tankegang, så langt. Men det viktige er kanskje for oss nå, at den gir eit blikk inn i rammene som det Muslimske Brorskapets tenkning rundt politikk og demokrati går i, noe som openbart er heilt vesentlig framover. Det viser også dynamikken i denne tenkninga, med prinsippielle endringar berre over det siste tiåret, ein dynamikk som openbart vil bli påverka av dei politiske realitetane dei vil bli utsatt for dersom revolten i Egypt faktisk fører til eit reelt konkurrerande fleirparti-system.

Ingen kommentarer: