lørdag 19. februar 2011

Egypt: Skilleliner

Som venta, har euforien i norske media over demokratiets seier raskt blitt følgt av uro over kva rolle islam nå kjem til å spille. Dei tre meiningsbærande avisene Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid har alle sist veke hatt oppslag eller kronikkar som advarar mot Brorskapet og "nå kjem sharia". I Morgenbladet var det bildebruken som satte tonen, eit stort forsidebilde med ei kvinne i saudisk niqab (slike fantes nok på Tahrir, men det er altså typisk for salafismen, ei retning ganske distinkt frå Brorskapet), og eit halvsides bilde med ein plakat "ana talib al-shahada", utlagt "jeg søker martyriet". Kanskje det er rett, eg ville lest det som "eg vil ha ein attest", men kva slags attest? Iallfall, var det noe som ikkje var på Tahrir, så var det sjølmordsbombarar.

I Klassekampen var det Walid Kubaisi som meinte det fins eit komplott der USA favoriserer Brorskapet over dei sekulære demokratane og at vi må boikotte demokratiet, mens kollega Terje Tvedt i det stadig meir islamkritiske Dag og Tid legg til grunn at Brorskapet vil avskaffe demokratiet og innføre sharia og teokratisk styre straks dei berre får muligheita. Kva er vel tjue år i det lange perspektivet?

Som i klimadebatten er ein slik debatt mellom "professorar" gjerne slik at dei som forskar på temaet (der klimaendring, her islam) er samstemte på eit grunnlag, mens dei som forskar på andre ting ofte vil "utfordre enigheten" ved å si det motsatte. Slik vil altså dei fleste, om ikkje alle, som faktisk arbeider med islam understreke variasjon, dynamikk, kontekst, og kanskje at det ikkje er "islam" som bestemmer politiske standpunkt, mens dei som arbeider med andre ting gjerne har ei absolutt oppfatning om ein uforanderlig og grunnleggande "indre natur" som vil og må komme til overflata, når berre konteksten blir skrapa bort.

I den første gruppa kan vi også rekne kollega Lars Gule. Dei som har følgt noe med, vil kanskje vite at Gule og eg har i årevis har vore i rykande debattar nettopp om essensialisme mot kontekst, men i dagens Dag og Tid gir han eit tilsvar til Tvedt som eg nesten fullstendig kan slutte meg til, der nettopp poenget er at Brorskapet ikkje er statisk og uendra, men vil og må ta farge av det samfunnet dei lever i.
          Han kritiserer også implisitt, i motsatt retning, dei kollegaene som nærmast ser Brorskapet som eit egyptisk KrF à la Inger Lise Hansen; i dei siste åra er det dei "gamle", moralsk-konservative kreftene som har vunne fram internt i rørsla, over dei meir moderniserande. Dette er også korrekt, sjøl om Gule kanskje er litt vel pessmistisk i at dei grunnleggande konservative oppfatningane hos folk flest vil tvinge eit demokratisk MB i den retning heller i den reformistiske. Folks "grunnleggande oppfatningar" skiftar raskare enn vi trur (når vi snakkar i eit generasjonsperspektiv), og Brorskapet vil i eit meir demokratisk samfunn også bli påvirka av ein politisk dialog som foregår i eit liberalt sivilsamfunn. Som vi har sett hos ungdommen i MB, i kontakt med bloggverda. Dei vil nok alltid vere meir moralsk-konservative enn andre parti, men dei kan godt komme til å utvikle seg til å bli mindre konservative enn i dag.

Men Gule har rett i at dette kan slå begge vegar, alt ettersom korleis samfunnet blir sjåande ut. Og, som vi har påpeikt før, vi vil heilt sikkert komme til å sjå illiberale haldningar frå Brorskapet og deira støtter, både når det gjeld kultur/sensur, homofili og seksualitet, og synet på kvinner i familien. Det er kanskje på det siste området det vil bli sterkast kulturkamp, men denne vil heilt klart gå i eit språk og på områder som virkar fjernt for oss. For å kunne forstå kva debatten går i, og korleis standpunkta er, vil kunnskap om kontekst (og dermed om islamsk språkbruk og referanser) komme til å bli nødvendig. Da vil det bli viktigare å sjå forskjell på essensialisme og språkbruksanalyse.

Eit interessant døme er spørsmålet om politiske rettar for minoritetane, som også Gule nemner. Det er velkjent at muslimar og kristne beskytta kvarandre på Tahrir, og i gårsdagens store tale av al-Qaradawi på Tahrir (som fortener eit eige innlegg), gjorde han eit poeng av å inkludere "O muslimar og koptarar" i dei han snakka til. På den andre sida reisas spørsmålet om ein kristen, eller ei kvinne, kan vere president i Egypt.

Det er to synspunkt her, og så langt vi kan sjå finnes begge innan Brorskapet.
Det eine er at den egyptiske identiteten er ein muslimsk identitet. Kristne og andre har sin plass i denne, men på islams tolerante grunnlag. Staten må likevel vere muslimsk (men ikkje nødvendigvis "islamsk", altså religiøs). Det setter noen rammer som er bestemt av den muslimske statsoppfatninga. Ei av dei er at statsoverhodet må vere muslim og mann.
    Det andre er at egyptarane har to identitetar, ein religiøs som er muslim (eller kristen), og ein nasjonal, som er knytta til landet og historia til Egypt og er ikkje religiøst avgrensa. Det muslimske er viktig, fordi fleirtalet er muslimar og det gjer at eit moralsk samfunn må bygge på den religionen (sidan moral er bygd på religion). Men statsstyret er knytta til den nasjonale identiteten, og derfor treng ikkje islams reglar om statsleiarens valgbarheit ha relevans. Alle har lik stemmerett, og da må alle ha lik rett til å bli vald.
    Fram til nå har ikkje dette vore noe tema fordi Brorskapet jo ikkje har vore i nærheiten av innverknad på slike ting og derfor ikkje trong velge mellom desse teoretiske synspunkta. Det blir heller ikkje relevant i denne runden med grunnlovsreform (der berre sju paragrafar skal revideras). Men framover kan dette bli eit debattema som kan vise noen grenseliner.

(Kvifor ikkje kristne og kvinner? Litt ulikt, men i begge tilfeller bygger det på hadith, det om kvinner at Profeten skal ha sagt om ein persisk fiende som valgte kvinnelig shah, "Eit samfunn går til grunne som har ei kvinne som leiar". Når ein tar det bokstavlig, betyr det altså at statsleiaren ikkje kan vere kvinne, men gjerne statsminister og alle andre høge ombod. For begge, at statsleiaren = kalifen også skal vere samfunnets bønneleiar, og korkje ei kvinne eller ein kristen kan leie muslimske menn i bønn.)

Ingen kommentarer: