fredag 11. februar 2011

Egypt: Skuffelsen

Yes! Han går! Han går! Han... nei, vent, kva var det han sa?

Dramatiske vendingar. Men det er klart at regimet knapt kunne handtert gårsdagen på ein dårligare måte enn dei gjorde, ved først å spenne forventningane om skifte, og så kom det ingenting. Det måtte utløse det raseriet som bryter ut i dag.

Men kva var det som skjedde? Det var opplagt meir enn berre rykter, med hærleiingas mystiske "Kommunike nr. 1" om at dei nå tar ansvar for Egypt, med statsministeren som seier at Mubarak ikkje vil vere ved makta i morgon, og CIAs direktør som seier det samme - da må han jo ha hatt ganske gode kjelder.

Noen konspiratorikarar seier at dette var avtalt spel, at Mubarak ville provosere fram reaksjonen, for så å kunne knuse opprøret i vold. Dét er lite trulig, da ville det vere lite lurt å provosere opp til ein massedemonstrasjon som dei ikkje vil kunne hanskas med. Andre meiner optimistisk at dette berre er ei mistyding: Mubaraks tale innheldt faktisk løfte om å tre til sides, men talen vart så mye redigert og kutta ned at denne passusen vart gjort uforståelig. Da vil nok den redaktøren måtte sjå seg om etter ny jobb ...

Hendingane avslører nok ulike oppfatningar innan regimet / hæren. Men vi må halde tunga litt rett i munnen, og merke oss detaljane: Ingen av dei tidlige utsegnene sa at Mubarak skulle gå av. Dei sa at han skulle tre til sides, og "ikkje vere i kontroll". Når hurraropa starta på Tahrir, kom informasjonsministeren ut rundt ein time før talen og sa (korrekt) at Mubarak ikkje kom til å gå av, og da Reuters lekka innhaldet i talen noen minutt på forhånd, var passusen at Mubarak skulle overføre makta til Sulayman. I den endelige talen vart det altså berre til at "noen fullmakter" skulle overføras.

Da har vi eit mulig hendingsforløp: "Regimet", dvs. hærleiing, NDP-leiing, osv. blir enige om ei slik "mellomløysing" som har vore nemnt før, der Mubarak blir formelt sittande som president ut perioden, men overlater den reelle styringa av landet til sin visepresident Sulayman. Så blir dette lekka, og både Tahrir og omverda oppfattar dette som at opprøret har vunne, Mubarak skal (heilt) bort. Når Mubarak så hører reaksjonen, reagerer han og formulerer talen sin deretter: Han er ein soldat, han er ikkje slått, han vil ikkje akseptere noe nederlag. I talen står fortsatt det dei var blitt einige om tidligare på dagen, men i ei bisetning i slutten av talen, og heilt upresist kva slags makt som blir overført. Dermed forsvinn heile "mellomløysinga", begge partar står ennå meir steilt på sitt enn dei gjorde dagen før.

Kva er effekten? Kjempedemonstrasjonar, naturligvis. Radikalisering, kanskje: Spontant begynte ein del å gå frå Tahrir dei to mila opp til presidentpalasset i Heliopolis i natt, der står den presidentlojale garden og har trua med å skyte med skarpt, men få har komme fram og det har ikkje komme til sammenstøt ennå i dag tidlig. Demonstrasjonsleiinga vil heilt klart unngå voldsbruk dei vil tape.

Eit anna er om gårsdagens opplegg faktisk skulle ha eit konkret innhald, at dette reelt var Mubaraks svanesang, og at Sulayman kjem til å ta over det konkrete opplegget, "i namnet til presidenten". Mubarak kan ikkje forlate Kairo utan at det blir sett som flukt, men det kan vere Sulayman som framover kjem til å føre ordet. Egyptisk TV antyda at det som Mubarak ikkje kunne overføre, var å signere grunnlovsendringar og utnemne regjeringar, men altså kanskje alt anna kan gå over. Politisk vil likevel dette ikkje ha stor betydning, fordi det er symbolet, imaget av Mubarak ved makta som da likevel er urørt, og som kampen dreier seg om. Og i dei euforiske timane i går ettermiddag, kom også korrekt reaksjonen frå, iallfall mange, demonstrantar, "Mubarak, Sulyaman, samme tingen". Dette inntrykket vil klart styrke seg framover, om Sulayman snakkar for presidenten: da vil opprøret bli protest mot dei begge, og alle som kjem frå samme bakgrunnen.

Viktigare på kort sikt er at "samtalane" som starta tidligare i veka nå er døde. Det er politisk umulig for noen opposisjonsparti eller personar nå å gå i dialog med regimet, når frontane har hardna slik dei har, og Sulaymans patetiske "gå heim, gå på jobb" i natt, utan å snakke meir om samtalene, tyder også på at dei innser det. Regimet kjem til å fokusere berre på dei "uavhengige" juristkommisjonane som skal gå gjennom dei seks begrensa endringane i grunnlova som gjeld val (ikkje "vallova" som eg skreiv i eit tidligare innlegg), men desse er oppnemnt av Mubarak og rekna som regimelojale, så opposisjonen har ingen tiltru til desse. Dermed står vi der, tilbake på stadiet vi var for ei veke sida, og vi må ha noen rundar til før vi ser kven som trekker det lengste strået. Regimet har iallfall gjort ein god ting for demokratirørsla: Dei har gitt dei ammunisjon til å halde mobiliseringa og sinnet oppe ei god stund ennå. Den tidsplanen vi før la om at ei løysing måtte komme på eitpar veker elles ville revolten døy bort, den må vi forlenge ei god stund til. La oss sjå kva som skjer.

he

Ingen kommentarer: