fredag 11. februar 2011

Egypt: - og gleden

Så skjedde det, Tahrir og heile Egypt eksploderer i glede. Mubaraks løfter å bli sittande til the bitter end var ikkje meir å høre på enn hans andre løfter.

Men kva skjedde? Vel, om vi går ut frå den hypotesen vi foreslo i dag formiddag, kan vi kanskje tenke oss at ei slik utvikling: I går lagde hærens og regimets leiarar eit manus for kva presidenten skal si, at han skal overlate den reelle makta til visepresidenten, utan direkte å gå av. Men, kanskje på grunn av reaksjonen ute i gatene, forandra Mubarak manuset og gøymte hovudpoenget bort i "eg fortsetter". Umiddelbart, i går kveld og i dag tidlig, godtok dei noe forvirra kollegaene dette, men etter å ha klara tankane, kom dei fram til at dei måtte tilbake til den strategien dei hadde lagt opp.

Men sidan Mubarak ikkje hadde følgt opplegget, vart vegen annleis: Nå måtte han gå heilt av, ikkje berre tre til sides. Tap for han. Men det fekk også vidare konsekvensar. Så lenge han vart sittande formelt, kunne visepresidenten Sulayman ta styringa. Men når han gjekk heilt av, så mister også visepresidenten sin rolle. I staden har vi faktisk fått eit militærkupp; det er Militærrådet som har makta, ikkje Sulayman.

Grunnen til det er grunnlova, som seier at når presidenten går av, så er det ikkje visepresidenten, men parlamentsleiaren som tar over. Denne, Fathi Surur, er like, om ikkje ennå meir hata enn Mubarak, og at han skulle organisere valet var ikkje tenkelig. Derfor måtte grunnlova settes til sides: Kupp, iallfall formelt sett (det er jo heile tida militæret som har stått bak).

Kva nå? Militærrådet er styrt av forsvarsminister Muhammad Hussayn Tantawi, som er mindre upopulær enn dei andre. Han kan ta styringa sjøl, eller han kan be visepresident Sulayman om å fungere som president. Sidan det var Sulayman som annonserte Mubaraks avgang, er det siste ikkje umulig. Vi får sjå.

Men det viktige er nå korleis dei går vidare framover mot valet, som fortsatt vel skal haldas i september. Inviterer det nye styret opposisjonen til nå meir reelle drøftingar, eller vil dei nøyas med dei "reformane" som Mubarak annonserte, og hans utplukka juristkommisjon? Kva gjer Tahrir i morgon og overimorgon, feirer dei frå seg og går heim, eller presser dei på for vidare endringar? Klarer deira "talsmenn" å representere opprøret inn i samtaler, eller vil dei bli oppfatta som "oppkjøpte" om dei går inn i samtaler?

Hovudspørsmålet er altså om Tahrir og det nye styret blir samde om kva som skjedde idag, revolusjon, personskifte, eller noe imellom.

Ingen kommentarer: